Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstar om naturen og mennesket

Kva rolle har forholdet mellom menneske og naturen spelt i tekstar gjennom tidene? Her skal vi konsentrere oss om korleis naturen blir framstilt i sakprosa og skjønnlitteratur frå 1000-talet til 1850 og samanlikne med dagens tekstar.
To personar står på ei strand i solnedgang. Ein liten båt ligg ute på sjøen, og ein kan sjå svære heisekranar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norrøn litteratur

I vikingtida måtte menneska leve i pakt med naturen heile tida. Dei dyrka jorda, gjekk på jakt, var ute på sjøen og sanka mat. Då må det vel vere slik at litteraturen frå denne tida handlar svært mykje om forholdet mellom mennesket og naturen?

Nei, tvert i mot. Lite av litteraturen frå norrøn tid har naturen som tema. I dei islandske ættesagaene finst det nesten ikkje naturskildringar. Dette tek ikkje forteljarane seg tid til. Dei er opptekne av å fortelje om mellom-menneskelege forhold – kampar om ære og slektskap. Heller ikkje i Edda-dikta er naturen viktig. I staden handlar dikta om moral, gudar og diktekunst.

Ein viking ser inn i kameraet. I handa held han ein blodig stein. Foto.

Kvifor ikkje naturen som motiv i norrøn litteratur?

Men kvifor er det slik? Doktor i norrøn filologi og forfattar Bergsveinn Birgisson meiner det kan kome av at det moderne mennesket ser heilt annleis på naturen enn vikingane, som jo var naturmenneske. I boka Den svarte vikingen utforskar han bakgrunnen til forfaren sin, Geirmund Helljarskinn, fødd i Rogaland midt på 800-talet. Om naturmotivet i norrøne tekstar skriv han:

Geirmund og hans folk hadde et helt annerledes forhold til naturen enn vi har. Vi snakker om at det er helse- og lykkebringende å gå ut i det fri – der skal vi komme til oss selv, unnslippe fremmedgjøring og sivilisasjonens åk. For hedningen var målet snarere å komme seg vekk fra naturen, å finne et fristed fra den (...) Fortellingens verden hos naturfolket er et fristed fra naturlovene. (Birgisson, s. 71, 2019)

Eit heiderleg unntak frå Njåls saga?

Ein viking med hest stirar tilbake. Gammal illustrasjon.

Men kan vi kanskje kalle eitt av dei mest kjende sitata frå sagalitteraturen eit unntak? I Njåls saga blir ein av hovudpersonane, Gunnar frå Lidarende, lyst fredlaus. Han veit han må rømme utanlands om han skal overleve. Men då han set seg på hesten sin for å ri bort, snur han seg mot garden sin og seier:

Fager er lien, aldri har den synes meg så jevnfager, med bleike åkrer og nyslått tun. Jeg skal ri hjem igjen og ingensteds fare. (Njåls saga, s. 118)

Gunnar dreg heim til den kjære garden og lia si. Kort tid seinare blir han drepen av fiendane sine. Om dette kanskje ikkje er ei hyllest til naturen, så kan vi i alle fall sjå at Gunnar omtaler garden, og omgivnadene rundt denne, som den einaste staden han høyrer heime.

Renessansen

Renessansen er den kulturhistoriske epoken frå ca. 1400–1600. Ordet "renessanse" betyr "atterføding", og det som skulle fødast igjen var ideala frå antikken. Dette var ein periode der mennesket var i fokus og vitskapen blomstra. Naturen er altså ikkje det første vi forbind med perioden, men interessant er det at forståing av naturen og reglane derfrå prega perioden.

Leonardo da Vinci sin kjende illustrasjon av ein menneskekropp som studieobjekt. Gammal illustrasjon.

Vitskapen og naturen i renessansen

I renessansen blei naturen spesielt interessant for menneska som vitskapleg objekt. Det vil seie at vitskapsmenn utforska naturen, prøvde å forstå han og brukte han til forklaringsmodell. Slik sett må naturen sjåast på som uhyre viktig for denne tida. For når vitskapsmenn forskar på og forstår naturen, innser dei òg at kyrkja på fleire område har teke feil. Til dømes er ikkje jorda nødvendigvis sentrum i universet, slik kyrkja påstår. Kanskje er det slik at andre sider ved læra til kyrkja er feilaktige òg då? Desse spørsmåla blir seinare forfølgde av opplysingsfilosofane.

William Shakespeare

Ei kvinne og ein mann med eselhovud sit i naturen. Han speler gitar. Gammal illustrasjon.

Renessanseforfattaren William Shakespeare var først og fremst oppteken av å forstå den menneskelege naturen.

Men han har gitt ut skodespel med tittelen Stormen og En midsommernatts drøm. Naturen er for han for det første scenen der konfliktane speler seg ut. Til dømes bruker han ofte skogen som scene. Ikkje sjeldan verkar skogen skummel og gåtefull, men den kan òg vere ein tilfluktsstad for mennesket – ein stad der dei kan søkje ly frå sivilisasjonen. For det andre bruker Shakespeare naturen som ein metafor for stemningane til karakterane. Eit døme er korleis ein storm i stykket Kong Lear skal vise dei inste kjenslene til kongen:

Han river i sitt hvite hår, som stormen
I blindt og voldsomt raseri har tatt
Og slitt til ingenting. Han strever i
sin lille manneverden med å overgå
den harde kampen mellom vind og regn.
(Shakespeare, 1606/1978, s. 56)

Barokken

Barokken er nemninga på ein kulturhistorisk epoke i Europa på 1600-talet. I Noreg reknar vi den barokke perioden frå ca. 1650 til 1750. Barokken blir kjenneteikna med ei pompøs og prangande livsutfolding der Gud står i sentrum for alt, ikkje mennesket, slik det var i renessansen.

Barokken var på mange måtar ein innettervend epoke, der forfattarane ikkje var så interesserte i naturen, vitskapen og verda rundt seg. Tekstane handla i stor grad om det indre livet og om å leve riktig for å kome til himmelen. Men den mest kjende barokkforfattaren vår, Petter Dass, har gitt ut verk som må seiast å innehalde mykje naturskildringar.

Petter Dass og "Nordlands trompet"

Dei tekstane til Petter Dass skildrar norsk natur og folkeliv, ofte i ein humoristisk stil. I Nordlands Beliggende plasserer Dass Nord-Noreg på kartet og skildrar særtrekka ved denne landsdelen. I "Den Nordske Dale-Viise" skriv han om kvardagslege hendingar blant bønder og fiskarar.

Nordlands Trompet opnar med eit hyllingsdikt til folk og natur:

Vær hilset I Nordlands bebyggende menn
fra værten i huset til trælende svenn
vær hilset, I koftekledd' bønder.
Ja, samtlig så vel ut til fjære som fjell
så vel den, der bruker med fisken på hjell
som salter gråtorsken i tønner. (...)
(Warmedal, 1942, s. 7)

Opplysingstida

Når vi når 1600-talet, haustar vi fruktene av dei oppdagingane som blei gjorde under renessansen. No kan vi snakke om "gjennombrotet til vitskapen". Gamle tankar og institusjonar blei utfordra. Det hadde tidlegare vore kyrkja sine forklaringar som svarte på spørsmål knytte til natur, astronomi og menneskeleg utvikling. Dette godtok ikkje dei nye filosofane og vitskapsmennene. Dei meinte at all kunnskap skulle ha basis i rasjonaliteten, altså det som kunne forklarast.

Rolla til naturen i opplysingstida

Perioden var prega av ei veldig framtidstru. Mennesket var eit fornuftsvesen som kritisk kunne undersøkje naturen. Tida var nok heller prega av ei kraftig interesse for evna mennesket hadde til å undersøkje naturlover enn ei hyllest til turar i skog og mark. Naturen var heller eit forskingsobjekt enn ein stad for rekreasjon.

Robinson Crusoe

Ein mann sit i ein båt ute på havet. Gammal illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit godt døme på ein opplysningsmann som tamde naturen, er Robinson Crusoe, ein romanfigur i boka med same namn av Daniel Defoe (1819). Romanen er ein dagbokroman ført i pennen av ein hovudperson som måtte kjempe mot den utamde naturen for å overleve. Han forliser, går i land på ei øy og byggjer sitt eige vesle univers, der han gjer bruk av kva han kan finne av råvarer på øya.

Og det er ikkje berre naturen som er vill og utamd. Robinson møter brutale kannibalar som kjem til øya for å feire at dei har teke fangar frå ein annan stamme. Han reddar ein av desse fangane, som er i ferd med å bli eten av dei brutale fiendane sine, og gir han namnet Fredag. Dei to endar opp i eit ganske særeigent forhold: Fredag blir så å seie Robinson sitt eige opplysningsprosjekt. Frå å vere ein villmann blir Fredag opplært til å bli eit sivilisert menneske. Han får lære om kristendommen og korleis ein engelsk gentleman bør opptre.

Typisk opplysingstida

Vi kan på mange måtar seie at Defoe sin roman er ein typisk representant for opplysingstida sitt syn på naturen: Naturen er vill. Han må temjast og gjord sivilisert av menneska.

Romantikken

Labrofossen ved Kongsberg. Måleri.

Litteraturhistoria har ofte utvikla seg i ei pendelrørsle mellom ei sterk fornuftstru på den eine sida og fokus på kjensler på den andre. Etter ein periode der vitskap, sanning og fornuft har dominert litteratur og kulturliv, skjer det mot slutten av 1700-talet eit kjenslemessig opprør: fram med kjenslene og tilbake til det opphavlege og naturlege.

Jean-Jacques Rousseau

Franskmannen Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) blir rekna som ein opplysningsfilosof. Men tankane hans skulle få store konsekvensar for dei romantiske kunstnarane mot slutten av 1700-talet.

Rousseau gav i 1750 ut artikkelen "Samtaler om vitenskapene og kunsten". Ein hovudtanke i artikkelen er at mennesket er godt av natur, men at menneskesinnet er forderva av vitskap og sivilisasjon: "Alt er godt fra skaperens hender, alt forkvakles under menneskets hender". Rousseau ville rette merksemda mot mennesket og livet i den opphavlege og naturlege forma.

William Wordsworth

William Wordsworth står i tankar ute i naturen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei strofe frå eit dikt av den engelske diktaren William Wordsworth (1770–1850) viser godt korleis haldninga til naturen forandrar seg frå opplysingstida til romantikken:

En stemning fra en vårgrønn plett
er etisk mere sann,
og sier mer om menneskets rett
enn noen lærde kan.
(Wordsworth, 1798)

Vi ser at Wordsworth set meir pris på naturen, her representert av "en vårgrønn plett", enn kunnskapen. Også tittelen på diktet viser kva syn mange romantiske kunstnarar hadde på naturen: "Naturen er meisteren din".

Wergeland og Welhaven

Portrett av Henrik Wergeland. Måleri.

Også i Noreg vende lyrikarane seg mot naturen. Både Henrik Wergeland (1808–1845) og Johann Sebastian Welhaven (1807–1873) skreiv dikt som hylla naturen. Felles var mellom anna at dei sette intuisjon, kjensler og fantasi høgare enn kunnskap og fornuft, og dei sette naturen høgare enn sivilisasjonen.

Naturen får mykje plass i dikta til Henrik Wergeland. Etter at avisa Morgenbladet skylda han for å vere i dårleg humør – "i slett lune" – skreiv han i affekt diktet "Mig selv". Han hevdar at slike angrep mot hans person ikkje rammar han, fordi han har så mykje anna og større å glede seg over, nemleg alle opplevingane naturen gir han:

Jeg i slett lune, Morgenblad? Jeg, som kun behøver et glimt av solen for å briste i høy latter av en glede jeg ikke kan forklare meg?

Når jeg lukter til et grønt blad, glemmer jeg bedøvet
fattigdom, rikdom, fiender og venner.

Naturen i nasjonalromantikken

Romantikken utvikla seg mot midten av 1800-talet til det vi kallar nasjonalromantikk. I heile Europa blei kunstnarar opptekne av nasjonalitet og spørsmål som: Kva er det som kjenneteiknar ein kultur? Kva er særeigent for eit land og eit folk, og kva verdiar og ideal har folka felles?

Brudeferden i Hardanger. Måleri.

I Noreg blei svaret i stor grad at det var naturen som kjenneteikna den norske kulturen. Nasjonalromantikken slo sterkt gjennom i landet vårt, særleg fordi vi i 1814 hadde fått vår eiga grunnlov og opplevd ein kort periode med sjølvstendig styring i unionskiftet som gjekk føre seg etter Napoleonskrigane og Kieltraktaten. Vi gjekk frå å vere i union med Danmark til å kome i ein lausare union med Sverige.

Naturen som nasjonsbyggjar

Dette førte til at både kunstnarane og forfattarane ønskte å vise kva som var spesielt med landet vårt, særleg samanlikna med Danmark. Og kva var meir naturleg enn å hylle dei høge fjella, fossane og den norske bonden?

Livet på ei seter. Unge kvinner i bunad og dyr i samspel. Måleri.

Mauritz Hansen

Eit døme finn vi allereie fem år etter unionsskiftet. I 1819 gav Mauritz Hansen ut novella "Luren". I novella blir naturen beskriven som ein idyll og ein fristad.

Jeg lot bonden der førte min kløvsalte hest, dra foran, og satte meg på et fjellstykke for å se på den blomstrande dal. Bekkenes rislen, fuglenes sang og klokkene til de gressende kyr lød harmonisk i mine åpne øre.

Oppsummering: Naturen i litteraturen til 1850

Om vi skal oppsummere kva rolle naturen har hatt i tekstar i ulike periodar, så er det naturleg å trekkje fram romantikken som naturen sitt høgdepunkt. Dette er ein periode der naturen blei hylla. I tillegg brukte mange av forfattarane språklege bilete frå naturen. Naturen blei besjela, han blei brukt til å vise sinnsstemningar og livsens gang.

Naturen hadde ikkje ei ubetydeleg rolle i eldre litteratur, men kanskje er det slik at jo meir sivilisert samfunnet blir, jo mindre kontakt vi har med naturen, dess større blir lengsla etter han? Den romantiske epoken kom like etter den industrielle revolusjonen på 1700-talet. Då dei vestlege landa blei industrialiserte, såg vi korleis menneska si makt over naturen auka. Det er nettopp dette romantikarane på 1800-talet reagerer på i tekstane sine.

Naturen i tekstar i dag

Om det er slik at jo meir distanserte vi lever frå naturen, di meir skriv vi om han, då er det kanskje slik at mange moderne forfattarar skriv om natur?

Dette stemmer nok delvis. Men den norske samtidslitteraturen har lenge blitt kritisert for å ikkje vere samfunnsengasjert nok. Ein ny Ibsen har blitt etterlyst, og litteraturen har blitt skylda for å berre handle om psykologi og indre problem.

Økolitteratur

Men dei siste åra kan vi snakke om ein ny trend. Det kjem dikt, romanar og noveller som handlar om forholdet mellom mennesket og naturen. Mange av desse tekstane kritiserer dei manglande evnene vi viser til å møte klimakrisa. Denne litteraturen har fått namnet økolitteratur.

Økolitteraturen utforskar særleg forholdet mellom mennesket og naturen. Ofte er tekstane dystopiske. Det vil seie at dei beskriv ei tenkt framtid. I denne tenkte framtida har det skjedd, det som vi fryktar: Mennesket har øydelagt naturen, og planeten vår er nesten ikkje til å bu på. Dystopien blir brukt til å åtvare lesarane: Sjå kva som skjer om vi ikkje handlar no!

Er økolitteraturen ny?

Ein av grunnane til at forfattarar skriv meir om korleis mennesket behandlar naturen, er naturleg nok dei øydeleggingane vi har sett forbrukarsamfunnet har ført til. Dermed er det naturleg å tenkje seg at øko-litteratur er ein ny "sjanger". Men om vi går bakover i tid, så har norske forfattarar på både 1800- og 1900-talet åtvara menneskja mot å ikkje behandle naturen respektfullt.

Modernismen

Den dårlege behandlinga mennesket gir naturen, er eit vanleg motiv i modernismen på 1900-talet. Ein av dei mest kjende modernistane våre, Rolf Jacobsen, kritiserte menneska si behandling av naturen i fleire av dikta sine. "De spiser av skogane mine/Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine", skriv han i diktet "Landskap med gravemaskiner" (1954, s. 11).

I intervjua med NRK (under) fortel Rolf Jacobsen om miljømotivet i dikta sine. Sjå intervjuet og legg merke til kva samfunnskritikk som kjem til syne i intervjuet. Meiner de denne er aktuell i dag?

Kielland, Ibsen og Hamsun

Om vi går lenger tilbake i tid, så finn vi òg liknande motiv hos store norske forfattarar som Alexander Kielland, Henrik Ibsen og Knut Hamsun. I Kielland si novelle "Torvmyr" (1880) ligg synsvinkelen hos ein ramn. Ramnen flyg over naturen, ser ned på menneska og blir rasande når han ser korleis vi øydelegg den urørte naturen. Når det gjeld Ibsen, har litteraturforskarar peika på at særleg En folkefiende (1882) kan lesast økokritisk. Stykket handlar om dr. Stockmann som oppdagar at vatnet i badeanstalten i byen er forgifta. Den andre store forfattaren vår, Hamsun, åtvarar mot overforbruk og framandgjering av naturen, meiner litteraturprofessor Henning Howlid Wærp (Brøndbo, 2018). I tillegg oppsøkjer mange av karakterane naturen for å få fri frå sivilisasjonen og menneska. Eit døme frå Mysterier viser kva verknad naturen har på hovudpersonen Nagel:

Stilheten gjorde ham aldeles besat av tilfredshet, intet forstyrret ham, bare oppe i luften suset den bløte lyd, lyden av det uhyre stampeværk, Gud som trådte sit hjul. Skogen omkring rørte ikke et blad og ikke en nål. Nagel krøp sammen av behag […]. Han var i en gåtefuld tilstand, fyldt av psykisk behag; hver nerve i ham var våken, han fornam musik i sit blod, følte sig beslægtet med hele naturen, med solen og fjældene og alt andet, kjendte sig omsuset av sin egen jegfølelse fra trær og tuver og strå (Hamsun, 1960, s. 57).

Moderne økokritikk

Ein av dei første norske bestseljar-romanane som ytrar ein tydeleg kritikk av korleis menneske øydelegg naturen, er skrive av Gert Nygårdshaug. Mengele Zoo (1989) blir lese av mange norske ungdommar i dag. Romanen handlar om vesle Mino som veks opp i regnskogen i Sør-Amerika. Landsbyen hans blir utrydda av amerikanarar, noko som fører til at Mino etter kvart grunnlegg "Mariposa-rørsla", ei rørsle som har som mål å redde regnskogen. Romanen er òg historia om Mino si hemn over dei som utrydda familien og landsbyen hans.

Maja Lunde

Somme forfattarar har blitt store på grunn av øko-litteraturen dei har gitt ut. Her kan vi nemne Maja Lunde sin trilogi om menneska sin påverknad på naturen. I 2015 gav ho ut den første romanen sin for vaksne, Bienes historie. Romanen blei ein kjempesuksess både i Noreg og utlandet. Han er ei åtvaring om kva som kan skje om vi ikkje endrar livsførselen vår, ein livsførsel som har vist seg å ha konsekvensar for insekta. For korleis ser eigentleg verda ut om biene forsvinn? Kva konsekvensar vil det ha for menneska?

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård-portrett. Foto.

Ein annan tendens er at somme av våre allereie mest anerkjende forfattarar gir ut bøker som handlar om klimakrisa. Vår kanskje aller største litterære stjerne dei siste åra, Karl Ove Knausgård, har blitt verdskjend for å skrive tjukke bøker som handlar om eige liv.

Men 2020 markerte ein dreining i forfattarskapen. Då kom romanen Morgenstjernen ut. Dette er ein roman med handling frå ein heit sommardag i Noreg. Plutseleg kjem det ei ny stjerne på himmelen. Romanen har fleire forteljarar, det er altså ein kollektivroman. Alle forteljarane i romanen undrar seg over denne stjerna, på same tid som dei opplever merkeleg åtferd frå ulike dyr rundt seg. Litteraturkritikaren Martha Norheim skriv at "Knausgård nærmar seg typisk nok klimakrisa gjennom å studere mennesket" (Norheim, 2020). Kritikken kjem altså ikkje så direkte til syne som i Maja Lunde sin litteratur.

Carl Frode Tiller

Av andre kjende norske forfattarar som har vendt forfattarskapen sin mot klimakrisa, kan nemnast Carl Frode Tiller. Han blei kjend for å skrive psykologisk litteratur om menneske som slit psykisk.

Romanen Begynnelser handlar òg om ein mann med psykiske problem, men han handlar i tillegg om korleis mennesket øydelegg nærmiljøet. Hovudpersonen Terje er naturforvaltar hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. I arbeidet sitt møter han stadig på folk som ikkje forstår verdien av å verne utrydda dyreartar. Mange av Terje sine refleksjonar i romanen er tydeleg økokritiske:

Alle desse artane er raudlista, sa eg. – Og enkelte av dei, til dømes trønderflekklav, er så sjeldne og så særmerkte for dei trønderske regnskogområda, at om dei forsvinn herifrå, så forsvinn dei frå verda. Dei blir borte. For alltid. (Tiller, 2017, s. 64.)

Sakprosa

Havboka, Verden på vippepunktet, Fuglesang, Fiskehistorier. Hvem skal eie havet?, De beste intensjoner. Oljelandet i klimakampen og Insektenes planet. Dette er alle titlar på sakprosabøker gitt ut av norske forfattarar dei siste åra. Det er altså ingen tvil om at naturen har innteke den norske sakprosaen. Bøkene vil både opplyse, informere og åtvare. Somme bøker handlar om naturen generelt, dei vil gi innsikt, kunnskap og glede om plante- og dyreliv. Andre er skarpe åtvaringar og populærvitskapleg forskingsformidling om kva som skjer om vi ikkje behandlar naturen finare enn vi gjer no.

Dag O. Hessen

Dag O. Hessen er professor i biologi og deltek i samfunnsdebatten om klimakrisa. Først og fremst gjer han det ved å gi ut sakprosabøker som formidlar forsking på eit vis som folk flest forstår. For dette arbeidet har han motteke ei rekkje prisar. I Verden på vippepunktet spør han seg: "Kor ille kan det bli?". Boka beskriv den tilstanden jorda er i no ved bruk av naturvitskaplege forklaringar formidla på ein forståeleg måte. På same tid prøver han å seie noko om korleis framtida kan sjå ut.

Anne Sverdrup Thygeson

Ein annan forskar som skriv forståeleg faglitteratur for massane, er Anne Sverdrup-Thygeson. Ho fekk Forskningsrådets formidlingspris for 2020. Målet hennar er å formidle til folk flest kor viktig insekta er for økosystemet vårt. Dette gjer ho mellom anna i boka Insektenes planet. Til liks med Maja Lunde viser ho oss kva som skjer om insekta forsvinn. Men medan Lunde gjer det med skjønnlitteraturen og fiktive karakterar, bruker Sverdup-Thygeson sakprosasjangeren.

Sjå på Anne Sverdrup-Thygeson sitt innlegg på Youtube (under) om korleis du kan ta vare på humlene. Korleis synest du ho lykkast med å formidle forsking på ein lettfatteleg måte?

Eit moderne opplysingsprosjekt?

Kanskje kan den populærvitskaplege økokritikken, formidla gjennom sakprosabøker, bli kalla eit slags opplysingsprosjekt?

I opplysingstida på 1700-talet ønskte mange forfattarar å opplyse massane for å oppdra dei. I tillegg blei det gitt ut ein Encyclopedie, eit leksikon, i Frankrike. Målet var å dele kunnskap med folket for å sikre framsteg. Anne Sverdrup-Thygeson og andre forskarar formidlar kunnskap om plantar og dyr gjennom bøker som har massane som målgruppe. Vil vi då forstå kor viktig det er å ta vare på naturen? I staden for å sjå på bier og veps som irriterande plageånder, ser vi kanskje den verdien dei har for både jordkloden og menneskja.

Kjelder

Brøndbo, S (20.08.18). "– Hamsun kom med et miljøvarsku". Uit.no. Henta frå https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=582869

Hamsun, K (1960, opphavleg gitt ut i 1892). Mysterium. Oslo: Gyldendal.

Jacobsen, R (1954). Hemmelig liv: Dikt. Oslo: Gyldendal.

Njåls saga (1987). (F. Paasche, Overs). Oslo: Aschehoug. Henta frå https://www.nb.no/items/66991f0390911926328fb40c5731efa4?page=123&searchText=lia

Norheim, M. (17.09.2020). Mørkt og fascinerende comeback. NRK.no. Henta frå https://www.nrk.no/anmeldelser/anmeldelse_-_morgenstjernen_-av-karl-ove-knausgard-1.15151358

Oxford University press. (u.å.). Shakespeare and Nature. Henta frå https://global.oup.com/academic/category/arts-and-humanities/literature/shakespeare/nature/?lang=ein&cc=no

Shakespeare, W. (1978). Kong Lear (P.W. Cappelen, Overs.). Gyldendal: Oslo (Opphavleg gitt ut 1606). Henta frå https://www.nb.no/items/8204eb7e288d02da01dbe73ae043c660?page=7&searchText=stormen

Tiller, C. F. (2017). Begynnelser. Oslo: H. Aschehoug & Co

Warmedal, J.M. (1942). Petter Dass: Dikterpresten fra Hålogaland. J.W. Cappelens forlag: Oslo. Henta frå https://www.nb.no/items/b472de892eccaaa87a4e99b71d69c376?page=1&searchText=2<n><acr>2fjC<n><acr>3A<n><acr>6re2<n><acr>0som2<n><acr>0fjell2<n><acr>2

Relatert innhald

Når forholdet mellom menneske og litteraturen er hovudtema i litteraturen, kallar vi det for økolitteratur. Det er ikkje ein ny sjanger.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Jan-Louis Nagel, Heidi Mobekk Solbakken, Jorunn Øveland Nyhus og Oddvar Engan.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Naturen og mennesket