Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis skrive kortsvar der du "gjer greie for"?

Les og diskuter ei kortsvaroppgåve der du skal vise leseforståing. Du møter også ein modelltekst som kan hjelpe deg å forstå korleis du viser lesekompetanse og skriv eit godt kortsvar.
Ei kvinne ser på ein dataskjerm og tenkjer. Bak datamaskinen ligg det bøker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne ressursen er bygd opp slik:

  1. Først får du ei skildring av kva som må til for å svare godt på ei kortsvaroppgåve som måler leseforståing.

  2. Deretter kan du sjå eit døme på ei oppgåve som måler leseforståing.

  3. Så skal du lese ein modelltekst og diskutere kvifor han er eit godt svar på oppgåva.

  4. Til sist skal du skrive ned kva du har lært og kan ta med til di eiga skriving.

Del 1: Korleis svare godt på ei oppgåve som måler leseforståing?

Skal du vise god kompetanse i ei oppgåve som måler leseforståing, må du

  1. først forstå nøyaktig kva oppgåva ber deg om

  2. finne svar på oppgåva i vedlegget

  3. planleggje korleis du skal strukturere svaret ditt på oppgåva

  4. skrive eit kort og presist svar med god struktur og formelt rett språk

Del 2: Korleis ser oppgåva ut?

  1. Du vil få eit leseoppdrag som handlar om at du skal hente informasjon ut frå eit vedlegg som anten er skjønnlitteratur eller sakprosa.

  2. Du vil bli beden om å "gjere greie for", "vise", "beskrive", "bruke" eller "analysere" med utgangspunkt i vedlegget.

  3. Du skal skrive ca. 200–250 ord.

Døme på ei oppgåve

Vedlegget er eit utdrag frå eit brev frå Alexander Kielland til forfattarkollegaen Edvard Brandes 24. januar 1881.

Gjer greie for kva Alexander Kielland fortel om skriving. Bruk døme frå vedlegget i svaret ditt.

Anbefalt lengd på svaret er ca. 200 ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:

Tekstforståing 

  • Du gjer greie for innhaldet i teksten på ein presis måte.

  • Du grunngir svaret ditt.

  • Du bruker relevante døme frå vedlegget.

Språkføring

  • Du bruker eit språk som er gjennomgåande godt formulert, med eit variert ordtilfang.

Struktur 

  • Du bruker ein formålstenleg og variert setningsstruktur og god samanbinding mellom setningar.

Formelle ferdigheiter 

Du bruker gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetjing. 

Vedlegg:

Søndag Aften – jeg tror den 24de Jan. 81.

[…] Før jeg begynte å skrive, var det en makt i meg, en indignasjonens glød, som jeg virkelig selv følte som min styrke og som en stor styrke. Nå – ja nå ligger jeg doven og ser på meg selv – ikke så mye av forfengelighet, men med en følelse av at nå har jeg fått luft, nå har jeg gjort mitt – nå er det ikke mer!

Og hva er det så jeg har gjort! – ingenting – aldeles ingenting! For hvordan skulle alle kunne rose den, som virkelig hadde gjort noe? og de roser meg jo alle, – det er ikke en, som unner meg æren av et hatefullt ord. Derfor kan jeg vite, at jeg er på gal vei. – Så leste jeg i denne stemningen deres brors første "innledningsforedrag": "For så snart en skribent ikke når ned til det vesentlige i menneskesjelen o.s.v." og etter den tid er min dårlige samvittighet over meg som en hauk. Ikke at jeg krymper meg ved at ta plass mellom de underordnede talenter, hvis verk er kalde lik etter en menneskealder; for var jeg bare sikker på, at der er min plass, skulle jeg vel uten et sukk sette meg ned. Men tingen er, at jeg har en mistanke til meg selv. Bortskjemt og dårlig utrustet (…) med et sunt og vakkert legeme, kvikt hode og et godmodig humør, har jeg alltid fått livet i presang; jeg har aldri anstrengt meg, og det jeg har villet ha, har jeg fått i fanget mitt – […]

Men derfor er jeg også så doven, tar det hele så lett, at mitt arbeid umulig kan være godt – d.v.s. så godt som jeg burde og kunne gjøre det. Fra skolen hører jeg ennå denne talen, som har fulgt meg: Ja – det er riktig godt; men du – Kielland! – burde kunne gjøre det langt bedre! […]

Se nå den nye romanen! – overfladisk vil jeg så nødig kalle den; for den er jo kommet opp dypt nedenfra i mitt sinn; men den er kommet altfor lett; den har tatt for lite opp; – den er gjort i en håndvending – klar, grei, flytende, kanskje delvis glimrende, – men lett – lett – så forbannet lett som jeg selv!

Er nå dette min grense? […] – Ja de skal ikke svare, forstår de; men hvis nå min nye bok virkelig er lett gods, så må de ta meg alvorlig fatt og hjelpe meg. En hel ny plan har jeg i hodet – fiks og ferdig! – samme slags! – en mengde skikkelser, som skulle illustrere hulheten i det, vi kaller "kristelig godhet". Men hva er det så mer? – Folk vil more seg; de vil beundre min treffsikkerhet, bukke og si: De er en skarp Satan! – og så er den historien ute.

[…]

Kjelde: Bull, F. (1941). Georg og Edv. Brandes: brevveksling med Bjørnson, Ibsen, Kielland, Elster, Garborg, Lie. Gyldendal Norsk Forlag.

Språkleg modernisert.

Del 3: Korleis ser eit godt svar ut? Les og diskuter ein modelltekst

Les teksten og reflekter

  1. Les først oppgåveteksten og vedlegget. Kladd deretter ned nokre viktige poeng du ville hatt med om du skulle svare på oppgåva.

  2. Samanlikn momenta dine med ein annan elev i klassen. Bli einige om dei to viktigaste momenta frå Kiellands brev som de meiner bør vere med i eit godt oppgåvesvar.

  3. Les modellteksten nedanfor, altså eit døme på eit svar på oppgåva.

  4. Skriv ned minst tre moment som du meiner gjer modellteksten til eit godt svar på oppgåva.

Ein sjølvkritisk realist

Alexander Kielland var ein realistisk forfattar som kritiserte det norske samfunnet på 1800-talet. I brevet til forfattarkollegaen Edvard Brandes reflekterer han over kva som er målet med å skrive, og om han klarer å leve opp til desse måla.

Først og fremst viser brevet at Kielland tviler på om han er kapabel til å skrive viktig litteratur. I det første avsnittet skriv han: "nå har jeg gjort mitt – nå er det ikke mer!" Han seier altså at han på det tidspunktet han skriv brevet, er usikker på om han har noko meir å seie til publikummet sitt.

Brevet handlar også om kva som kjenneteiknar god litteratur: "[…] det er ikke en, som unner meg æren av et hatefullt ord", skriv Kielland, og meiner det er beviset på at litteraturen hans ikkje er viktig. Mykje av årsaka, skriv han, er at han har hatt det for enkelt i livet. Dermed har han heller aldri måtta streve for å oppnå noko.

Til slutt vender Kielland seg direkte til Brandes og ber om hjelp til den nye boka si, som han er redd for at kjem til å vere underhaldande, men "lett gods".

Alt i alt er dette eit brev som viser at ein av våre aller største forfattarar tvilte på seg sjølv som forfattar. Kanskje viser det at den kritiske realisten også var kritisk til seg sjølv?

To jenter sit ved eit skrivebord og samarbeider om skulearbeid. Framfor dei ligg oppslegne lærebøker og skrivebøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb i par

  1. Samanlikn svara de har skrive på oppgåva i del 2.

  2. Var det noko som kunne gjort svara dykkar betre? Diskuter.

  3. Gå gjennom ressursen nedanfor og skriv ned tipsa de får. Desse er til hjelp når de skal øve på å skrive eigne svar.

Del 4: Kva har du lært?

Skriv fritt i fem minutt: Kva er det aller viktigaste du har lært no, og som du vil ta med deg til eksamen?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022

Læringsressursar

Øv deg til skriftleg eksamen