Hopp til innhald

Fagstoff

Gode råd til skriftleg eksamen

Du sit i eksamenslokalet og har nettopp fått utdelt oppgåvesettet. Korleis bruker du dei fem timane du har, på best mogleg måte? Vi har nokre tips til deg!
Elevar som er oppe til skriftleg eksamen, sit i ei rad av pultar langs store vindauge og jobbar konsentrert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan vere freistande å kaste seg over oppgåvene og skrive i veg. Men vent litt! Før du set i gang med skrivinga, må du vere sikker på at du har forstått kva oppgåva ber deg om å gjere.

Steg 1: Les oppgåvene nøye

Til eksamen skal du skrive eit kortsvar og eit langsvar. Kortsvarsoppgåva er lik for alle elevane. Til langsvarsoppgåva får du velje mellom fleire alternativ. Les gjennom alle alternativa før du bestemmer deg. Ta gjerne nokre kjappe notat til kvar langsvarsoppgåve.

Gjer du eit godt forarbeid med å notere når du les gjennom langsvarsalternativa, ser du ofte fort kva for oppgåve du bør velje. Gå for den oppgåva som du har notert mest om.

Steg 2: Sikre deg at du forstår kva oppgåva ber deg om

Det er på tide å starte med den første oppgåva. Men vent litt før du kastar deg over tastaturet og hamrar laus!

Det som er aller viktigast når du skal svare godt på ei oppgåve, er nemleg at du forstår kva ho ber deg om. Her er to gode tips før du set i gang med kvar oppgåve:

  1. skriv alle oppdraga i oppgåva under kvarandre

  2. strek under instruksjonsverba

Døme

Tolk og samanlikn dei to samansette tekstane. Kommenter deretter nokre av synspunkta som kjem fram i tekstane.

A. Skriv oppdraga under kvarandre med dine eigne ord

Du kan skrive på ein lapp du har ved sida av deg, eller i eit dokument på pc-en. Når du skriv oppdraga i oppgåva under kvarandre med dine eigne ord, kan det sjå slik ut:

  1. Først skal eg BÅDE tolke OG samanlikne tekstane.

  2. Etterpå skal eg kommentere nokre av synspunkta i tekstane.

B. Strek under instruksjonsverba

Marker verba i oppdraga, for dei fortel deg kva du skal gjere. Slik sikrar du til dømes at du ikkje kommenterer ein tekst når instruksjonsverbet ber deg om å tolke. Slik kan det sjå ut:

  1. Først skal eg BÅDE tolke OG samanlikne tekstane.

  2. Etterpå skal eg kommentere nokre av synspunkta i tekstane.

Ei jente held eit forstørringsglas framfor det eine auget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 3: Sjå på klokka!

Det er ikkje meininga å stresse deg, men pass på tida når du skriv eit kortsvar. Prøv å ha igjen minst tre timar til å jobbe med langsvarsoppgåva. Det vil seie at du bør komme i mål med kortsvarsoppgåvene i løpet av to timar.

Du kan lese fleire tips i artikkelen "Korleis skrive gode kortsvar på eksamen?"

Steg 4: På tide å byrje på langsvaret

Bruk dei same tipsa som ovanfor om å skrive oppdraga under kvarandre og streke under instruksjonsverba. I tillegg anbefaler vi deg til å gå fram slik:

A. Les vedlegga nøye

Uansett kva oppgåve du vel, vil det følgje med vedlegg. Les desse nøye. Lim gjerne teksten inn programmet du pleier å skrive i, og nærles teksten og marker viktige moment.

B. Lag tankekart og disposisjon

Når du har bestemt deg for kva langsvarsoppgåve du vil skrive, er neste steg å lage ein disposisjon over kva du vil ha med i teksten din. Du kan byrje med det du skreiv ned då du las gjennom oppgåvesettet, men sorter det og lag ein struktur av det.

Tankekart med kompetansemålet "gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet" i midten. Ut frå det går det piler ut til tema som er relevante, og som eleven har jobba med i faget. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

C. Bruk kjelder, men på rett måte!

Bruk kjelder som kan hjelpe deg til å svare godt på oppgåva. Det kan vere både nettressursar og fagbøker. I tillegg har du kanskje også notat frå undervisninga som er relevante å trekkje inn.

NB! For å unngå plagiat er det viktig at du oppgir kjelder – både der du gir att sitat direkte, og der du refererer til innhald som er henta frå ein annan tekst. Skriv derfor alltid inn kjelda i forarbeidet. Du kan flikke på den formelle føringa til slutt.

D. Skriv hovuddelen

Skriv hovuddelen før innleiinga og avslutninga. Då sikrar du at innleiinga handlar om akkurat det du har skrive om i hovuddelen.

Vend tilbake til staden der du skreiv oppdraga under kvarandre, før du seier deg fornøgd. Då får du sjekka at du har svart på alt oppgåva spør om.

Ein glad ung mann sit framfor ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

E. Skriv ei innleiing, ei avslutning og ein tittel

Dei to siste avsnitta du skriv, er innleiinga og avslutninga. Pass på at innleiinga di både presenterer vedlegga og oppgåva du skal svare på. Unngå formuleringar som "No skal eg skrive om …" – prøv heller å presentere emnet ditt på ein meir elegant måte.

Når du skriv avslutninga, er det flott om du kan lage ein sirkelkomposisjon. Det vil seie at du tek tak i eit poeng frå innleiinga og vender tilbake til det i avslutninga.

Tittelen bør vere kort og interessant og vise kva teksten din handlar om. Unngå helst kjedelege titlar som "Samanlikning av tre modernistiske tekstar". Dersom alle tekstane handlar om menneske i byen, kan du til dømes kalle teksten din "Byen: paradis eller trugsel?"

Ein smilande mann sit og held brillene ned på nasen. Han sit ved eit kateter framfor ei kvit tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

F. Lag kjeldeliste

Hugs å lage ei liste over alle kjeldene du har brukt, på rett måte. Lær meir om dette ved å lese artikkelen "Kjeldetilvisingar i APA-stil".

Steg 5: Sluttfør teksten

Når du har skrive "ferdig", bør du lese gjennom heile teksten for å sjå om han har god flyt, har nok informasjon og kommuniserer godt. Prøv å lese teksten høgt inni deg. Legg merke til kvar i teksten du stoppar opp og kanskje les same setning fleire gonger. Det er eit teikn på at noko ikkje fungerer. Det kan hende du må forklare noko betre, at du må bruke eit døme, eller at språket kan vere vagt og upresist. Dersom du sjølv legg merke til at noko ikkje flyt godt, vil i alle fall ein sensor gjere det. Der teksten din "skurrar", kan du merkje han med ein eigen farge, slik at du veit kvar du må jobbe ekstra mykje med språket og innhaldet.

Jobb med flyten og overgangar

No er det tid for første del av finpussen. Dette består i å ta for seg avsnitt for avsnitt og sjekke at oppbygninga er god, og at teksten flyt godt. Du har allereie merkt av nokre område i teksten som du skal sjå spesielt godt på. Sjekk at kvart avsnitt handlar om eitt moment, startar med ei temasetning, har eit konkret døme og blir avslutta med ei setning som samanfattar eller lagar ein overgang til neste avsnitt.

Finpuss teksten og få på plass det formelle

Når du har sjekka alt og er fornøgd med tekstflyten, er tida inne for å finpusse på detaljane. Sjekk eventuelle skrivefeil i alle ord som har raud strek under seg, og bruk ordbok til å sjekke rett form av ordet.

Pass også på at du har ført kjelder på rett måte undervegs i teksten.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2022

Læringsressursar

Øv deg til skriftleg eksamen