Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på å skrive kortsvar der du "gjer greie for"

I denne oppgåva skal du prøve å skrive eit godt kortsvar. Du skal øve deg på den første oppgåva som kjem til eksamen. Målet er å vise god lesekompetanse og skrive eit godt strukturert svar med presist språk.
Nærbilete av hender som tastar på ein laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips

Før du set i gang med å øve, foreslår vi at du går gjennom ressursen nedanfor. Då får du vite kva som kjenneteiknar eit godt svar på oppgåva.

Relatert innhald

Del 1: Les og diskuter oppgåva

Les oppgåveteksten og vurderingsteksten i ramma nedanfor. Diskuter deretter i par eller grupper:

  1. Forstår de kva oppgåva ber dykk om å gjere? Skriv ned eventuelle spørsmål de måtte ha.

  2. Les vurderingsteksten og diskuter om de forstår kva som må til for å lykkast med denne oppgåva. Skriv ned eventuelle spørsmål.

  3. Ta opp spørsmåla de sit igjen med, i plenum.

Vedlegget er eit reisebrev av Camilla Collett frå Paris, 20. juni 1878.

Gjer greie for kva Camilla Collett fortel om det å reise. Bruk døme frå vedlegget i svaret ditt.

Anbefalt lengd på svaret er ca. 200 ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:

Tekstforståing 

  • Du gjer greie for innhaldet i teksten på ein presis måte.

  • Du grunngir svaret ditt.

  • Du bruker relevante døme frå vedlegget.

Språkføring

  • Du bruker eit språk som er gjennomgåande godt formulert, med eit variert ordtilfang.

Struktur 

  • Du bruker ein formålstenleg og variert setningsstruktur og god samanbinding mellom setningar.

Formelle ferdigheiter

  • Du bruker gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetjing.

Del 2: Les og diskuter vedlegget

Portrett av ei kvinne i pen, blå kjole frå 1800-talet. Ho har berre skuldrer og eit langt, gullfarga smykke. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelt arbeid:

  1. Les gjennom vedlegget (nedanfor). Prøv deretter å fortelje att det du meiner er det viktigaste poenget, essensen eller bodskapen i reisebrevet, på to–tre setningar.

  2. Trekk også fram éi eller to andre sider ved teksten som du meiner det er viktig å få med når du skal "gjere greie for innhaldet i teksten".

Arbeid i par:

Samanlikn svara de har på oppgåve a og b. Det er viktig at de prøver å bli einige om kva som er det viktigaste å få med de når de skal gje att innhaldet i teksten, altså kva som er essensen i reisebrevet.

Arbeid i plenum:

  1. Diskuter innhaldet i vedlegget og bli einige om kva som er hovudpoenget i reisebrevet.

  2. Bli også einige om to–tre andre viktige sider ved vedlegget som de synest det er viktig å skrive om.


Reisebrev av Camilla Collett

Paris, 20. juni 1878 

Når man etter en reise, som varer i to sammenhengende døgn, gjennom alle tenkelige transportmidler, kommet frem med hele lemmer, uten å ha mistet hodet – koffert – nøkkelknippe – reisebillett eller tegnebok – det siste er det verste (vel man kan si at uten hodet trenger man ingen lommebok, man kan være ganske rolig, men jeg spør, hva hjelper det å beholde hodet, særlig hvis det ikke er meget kløktig, når man plutselig står alene uten lommebok på toget i en tid som denne?) – har man som sagt alt dette i behold, så må man jo etter skikk og bruk kalle det en lykkelig reise, og forså vidt kan jeg også til venner melde det samme. Hva man ellers må å utstå, regner man ikke med. Og da blir det et spørsmål: kan det utbyttet man håper på, kan målet, når det endelig er nådd, oppveie dem alle – oppveie de nye nedslående bidrag til den betenkelige viten vi kaller verdenskunnskap, som ved hvert skritt påtvinges oss -  kort og godt, kan Paris, når det endelig er nådd, trøste oss over en reise på Korsør–Kiel – Hamburgerruten, mens man, uopphørlig slengt fra et transportmiddel inn i et annet, på andre døgn ikke er ute av klærne, og hvor den ene natt tilbringes om bord i et skip, den andre i en kupé? Jeg har de ganger, som jeg før har besøkt Paris, kunnet besvare dette med et freidig og varmt ja. Paris lar oss glemme alt besvær, men denne gang har jeg ennå ikke kunnet gjøre det. Utbyttet blir til sist disse erfaringer og betraktninger man kan knytte til dem, og som mine kjære venninner jo også har lovt å ta til takke med i mangel av noe bedre. 

Av disse netter foretrekker jeg ubetinget den i kupéen, hvor man, når man er litt rutinert, kan oppnå det hell å være alene. Jeg kjenner nesten ingen verre straff enn å bli stuet inn i et fellesrom, som man på skip må dele med det blidere, tålmodige kjønn, mens de enkelte lugarer forbeholdes de rike. Dette system er mer eller mindre strengt gjennomført på de nordiske dampskipene på sine ofte flere døgns reiser gjennom våre fryktelige sjøer. På et av disse – et Lübeck– Malmö-dampskip var det nok – var damelugaren plassert like inn i maskinrommet med all sin helveteslarm og kvalm. […] 

Hotell- og dampbåtsjomfruer hører til en klasse samfunnsmedlemmer, der man alltid vil møte benektelse av noen kvinnes rett til en selskapelig-medborgerskapelig likestilling med mannen. Denne oppfatning bygger ikke på noen dypere gransking, verken på refleksjon eller prinsipp, den er kun innpodet dem som en styrkes og størrelsens naturlov, omtrent som den kjensgjerning, at kalkunhanen er en ganske annerledes majestetisk og respektinngytende skapning enn de forskremte høner, derfor respekteres den – og ikke hønene. 

Utdrag frå essaysamling: Collett, C. (1879). Mod Strømmen. Schous Forlag.

Språkleg modernisert.

Del 3: Skriv innleiinga

Skriv innleiinga til kortsvaret.

Tips:

  • Du står fritt til å forme ut denne som du vil, men hugs at same kva du gjer, bør du starte "mjukt". Det vil seie at du bør presentere teksten og forfattaren for lesaren din før du set i gang med resten.

  • Dersom du synest det er vanskeleg å skrive ei innleiing, kan du la deg inspirere av modellteksten og tipsa nedanfor:

Del 4: Skriv hovuddelen

Når du skal skrive hovuddelen, bør du tenkje slik:

  1. Det første avsnittet bør gjere greie for det du meiner er det viktigaste, altså essensen i reisebrevet.

  2. Grunngi svaret ditt ved å vise til eit tekstdøme.

  3. Skriv gjerne ytterlegare eitt eller to avsnitt, der du gjer greie for det du synest er andre viktige sider ved vedlegget, men som ikkje går inn under hovudpoenget du skreiv om i førre avsnitt.

  4. Hugs å skrive temasetningar som gjer det klart for lesaren kva avsnitta skal handle om.

  5. Bruk setningskoplarar mellom både avsnitt og setningar for å skape god flyt i språket ditt.

Bruk tipsa og modelltekstane i presentasjonen under som hjelp

Nedanfor ser du eit døme på ein god hovuddel. I dette dømet gjer skrivaren greie for innhaldet i eit brev frå forfattaren Alexander Kielland til kollegaen Edvard Brandes.

Del 5: Skriv avslutninga

Bruk ei setning eller to på ei avslutning. Her kan du samanfatte det du har skrive, men med nye ord. Du kan også reflektere over det du har lese, og vise kunnskap om tekst i kontekst.

I modellteksten er det gjort på denne måten:

Del 6: Gi og få tilbakemelding

Byt svar med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding etter desse kriteria:

  1. Er svaret tydeleg delt inn i ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning?

  2. Klarer svaret å få fram det som er essensen i vedlegget?

  3. Blir det brukt sitat frå vedlegget som grunngiving? Og er desse bakte godt inn i språkføringa?

  4. Har svaret gode temasetningar som gjer det klart kva avsnittet skal handle om?

  5. Handlar kvart avsnitt om eitt moment?

  6. Er det brukt setningskoplarar som skaper flyt i teksten?

To jenter sit ved ein pult og skriv notat med penn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

7: Nokon frivillige?

Var det nokon som las eit svar som imponerte dei? Be læraren lese høgt og kommentere!

Relatert innhald

Som forfattar var Alexander Kielland oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Øv deg til skriftleg eksamen