Korleis skrive gode kortsvar på eksamen?
Det aller første du bør gjere, er å setje deg inn i kva for ulike typar oppgåver som kjem til eksamen. For viss oppgåva spør deg om noko du ikkje forstår, kan du bli veldig stressa! Å vite kva som ventar deg, er rett og slett ein vaksine mot eksamensnervar.
Ei kortsvarsoppgåve og ei langsvarsoppgåve
Til eksamen vil du få to oppgåver. Desse er delte inn på denne måten:
Du får ei kortsvarsoppgåve der du skal skrive 200–300 ord.
Du får ei langsvarsoppgåve der du skal skrive 800–1200 ord.
I denne ressursen skal vi konsentrere oss om kortsvaroppgåvene.
Dette kan kortsvarsoppgåva innehalde
I kortsvarsoppgåva kan du til dømes bli beden om å
samanlikne form og/eller innhald i to korte tekstar
karakterisere språket i ein eller to tekstar
tolke den retoriske situasjonen til ein saktekst
beskrive dei retoriske appellformene i ein saktekst
gjere greie for samspelet mellom elementa i ein samansett tekst
analysere korleis ein litterær person er framstilt
gjere greie for den kulturhistoriske konteksten til ein tekst
vise korleis menneske, natur og/eller samfunn er framstilt i ein eller to tekstar
Kva kompetansar skal du vise i kortsvarsoppgåvene?
lesekompetanse
skrivekompetanse
norskfagleg kompetanse
Kva betyr "lesekompetanse"?
Elevar som går opp til eksamen i norsk i vg3, kan naturlegvis lese. Men kva betyr det eigentleg å "vise lesekompetanse"? Det handlar ikkje berre om å kunne sluke bøker, men om å
reflektere over innhaldet i ein tekst
tolke tekstar
vurdere tekstar kritisk
vise kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar tekstar, og om kva funksjon dei har
Ein viktig del av lesekompetansen er òg å
vise at du kan avkode oppgåveteksten ved at du svarer på det oppgåva ber deg om
vise at du har forstått kva vedlegga handlar om, kva sjanger teksten er skriven i, kva som er tema/formålet i teksten, og kva som er hensikta med han.
Kva betyr "skrivekompetanse"?
God skrivekompetanse handlar først og fremst om å uttrykke tankane sine på ein presis måte som kommuniserer godt med mottakaren. Vi kan samanfatte det på denne måten:
Du skal vise at du meistrar sjangerkrava oppgåva oppgir.
Du skal vise at du meistrar rettskriving og setningsoppbygging.
Du skal vise at du kan lage flyt i språket ved å bruke setningskoplarar.
Du skal vise at du kan bygge teksten din opp i ein formålstenleg struktur.
Kva betyr "norskfagleg kompetanse"?
Å vise norskfagleg kompetanse handlar rett og slett om å vise den kunnskapen du har tileigna deg i faget gjennom 13 års skulegang. Får du ei oppgåve om eit modernistisk dikt, er det til dømes formålstenleg å vise kunnskap om både tekst i kontekst og temaet, forma og verkemidla til diktet.
Du bør derfor bruke relevant fagspråk når du svarer på eksamen.
Korleis svare godt på kortsvarsoppgåva?
Kva er det eigentleg som er forventa av deg når du skal svare på kortsvarsoppgåva? Finn ut av dette ved å
lese og diskutere oppgåva med andre i klassen
lese og diskutere vurderingskriterium
lese og diskutere gode modelltekstar
øve deg på å skrive eit godt svar på ei eksempeloppgåve
få tilbakemelding av medelevar og lærarar
Her er ei liste over modelltekstar og oppgåver som skal hjelpe deg til å stille førebudd til oppgåva:
Oppgåve: Øv deg på å skrive kortsvar der du "gjer greie for"
Oppgåve: Øv deg på å skrive kortsvar som samanliknar tekstar
Skriv ein eksamenslogg der du noterer deg
kva du får til og bør halde fram med når du skal skrive kortsvar til eksamen
kva du bør øve meir på til eksamen