Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Essayoppgåver om tekst i kontekst

I denne ressursen finn du fire oppgåveforslag med vedlegg. Dei fire essayoppgåvene dekkjer temaa "Opprøret mot autoritetane", "Likestilling og seksualitet", "Mennesket og byen" og "Utanforskap".
Ein gut med store hovudtelefonar og ryggsekk sit og tastar på ein laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar – desse kan vere fine å bruke som forarbeid til skriveoppgåvene.

Oppgåve 1: Opprøret mot autoritetane, finst det?

Jens Bjørneboe (1920–1976) var kjend som ein samfunnsrefsar som var spesielt oppteken av individuell fridom. Mange av tekstane hans kritiserte derfor autoritetar.
Gunnar C. Aakvaag (f. 1972) er ein norsk sosiolog som tidlegare har kritisert norske ungdommar for å vere for lydige og kjedelege.

Ta utgangspunkt i dei to vedlegga og skriv eit essay der du reflekterer over bodskapen i dei to tekstane.

Vedlegg:

Relatert innhald

Kan dagens generasjon eigentleg forstå Jens Bjørneboes tekst "Om formyndermennesket"? Eller har de ikkje nokon å gjere opprør mot lengre?

Oppgåve 2: Har mannen spelt ut rolla si?

Skriv eit essay der du utforskar synet på kjønn og likestilling i dei to vedlegga nedanfor.

Vedlegg:

Relatert innhald

Oppgåve 3: Mennesket og byen

Dei tre vedlegga nedanfor handlar om mennesket i byen. Skriv eit essay der du utforskar korleis byen, og livet i byen, blir framstilt i dei tre vedlegga.

Vedlegg:

Relatert innhald

Oppgåve 4: Å vere annleis

Skriv eit essay der du reflekterer over korleis dei tre vedlegga nedanfor framstiller det å velje annleis enn majoriteten.

Vedlegg:

Animasjon av Christopher Nielsen: Rulletrappen

Dikt av Paal Brekke, nb.no: Som i en kinosal

Roman (utdrag) av Erlend Loe: Doppler

Relatert innhald

Korleis kan Erlend Loes Doppler lesast som ein samfunnskritisk roman? Og kjenner du deg igjen i flinkis-syndromet Doppler gjer opprør mot?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Å skrive essay