Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Idéutvikling essay

Det kan vere vanskeleg å finne på nye og spennande innfallsvinklar til eit tema du skal skrive essay om.

Idéarbeid

Viss du gjer eit grundig forarbeid før du byrjar å skrive essayet, blir det lettare for deg å bestemme kva vinkling du vil ha på teksten din. Du treng ikkje bruke alt du finn fram til. Noko av kunsten er å plukke ut det som kan klargjere temaet, så det blir interessant å lese det du har skrive.

I skjemaet under får du hjelp til idémyldring. Jobb deg gjennom det og eksporter det du har skrive inn til eit dokument du kan jobbe vidare med.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Å skrive essay