Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv essay om kropp i tekst

Menneskekroppen er skildra i alle moglege sjangrar og medium. Du les om kropp i aviser og bloggar, og du møter bilete av kropp overalt.
Mann med fargerike tatoveringar på kroppen heklar eit fleirfarga plagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit godt essay krev at du har kunnskap om emnet du skriv om, slik at du kan trekkje inn ulike meiningar og perspektiv. Du skal òg reflektere over andre sine og eigne synspunkt. I essayet ditt er det forventa at du siterer og refererer andre tekstar som klargjer og støttar momenta du har med.

Oppgåve

Skriv eit essay der du reflekterer over kva for nokre, kven sine og på kva måte kroppar er representerte i tekstar. Kva slags kroppar møter vi, korleis blir dei framstilte, og kva haldningar speglar dette?

Tips til tekstar om og med kropp i fokus

Les, lytt til og sjå tekstar som på ulike måtar tematiserer kropp. Samarbeid gjerne med andre: Del tekstane mellom dykk og noter ned stikkord, gode poeng og sitat de kan bruke i essayet. NB! Hugs å notere ned kvar du hentar kva frå, slik at du kan føre kjelda korrekt i ei kjeldeliste.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2021

Læringsressursar

Å skrive essay