Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Strukturer og skap flyt i essayet

I essayet skal du vandre i eit tema. Teksten skal ha ein tydeleg raud tråd, samtidig som du viser at du kan nærme deg temaet frå fleire vinklar. Få tips til korleis du kan strukturere essayet ditt og gjere teksten god å lese.

Som andre tekstar krev òg essayet at du har ei innleiing og ei avslutning. Utover det er det eigentleg ingen fasit på korleis du angrip temaet, og kva rekkjefølgje du har på dei ulike momenta. Det viktigaste er at du klarer å leie lesaren gjennom med ei logisk rekkjefølgje og god tekstflyt.

Skrivehjelp – struktur

Bruk dette verktøyet til å byggje ein overordna struktur. Når du er ferdig her, eksporterer du til eit dokument der du jobbar med tekstflyt og finpuss.

Korleis lage flyt i teksten?

Ei bok ligg. Opp frå denne stikk ei hand som tek ein strekfigur i handa. I tillegg er det ei rekkje snakkebobler med setningskoplarar som "Eit anna døme er" og "I tillegg".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå for deg at du skal leie lesaren gjennom teksten. Det betyr at du må gi lesaren nok informasjon, vere tydeleg, skrive ut det du tenkjer og bruke konkrete døme der du kan.

Det handlar òg om at du må lage gode overgangar mellom setningar og mellom avsnitt. Lær meir om dette og sjå døme i desse to oppgåvene:

Relatert innhald

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

Korleis oppdage at ein tekst ikkje flyt?

To gode råd:

  1. Les teksten høgt for deg sjølv. Viss du må lese ei setning på nytt, er det eit teikn på at noko manglar i teksten. Kanskje må du omformulere ei setning eller leggje til eit ord.

  2. La nokon andre lese teksten. Dei vil gjerne oppdage "hol" i teksten lettare enn deg. Be dei om å markere der dei stussar på noko eller synest det er vanskeleg å forstå kva du meiner.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2022

Læringsressursar

Å skrive essay