Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les gode essay skrivne av ungdom

For å forstå kva eit godt essay er, er det beste tipset: Les! Her skal du få velje mellom fire ulike essay. Klarer du å forstå kva som er typisk for sjangeren etter å ha lese dei?

Vi les i ulikt tempo. Derfor vel du sjølv kor mange essay du vil lese, men for å forstå sjangeren bør du lese minst to.

Jobb aleine

  1. Vel eitt av essaya under. Les det og skriv ned kva sjangertrekk du la merke til. Det kan til dømes vere lurt å samanlikne essayet med to sjangrar du kjenner til frå før: artikkelen og lesarinnlegget. Kva skil essayet frå desse to sjangrane?

  2. Les minst eitt essay til. Skriv ned kva likskapar du legg merke til i skrivestilen mellom dei to tekstane du har lese.

  3. Var det nokon av tekstane du har lese til no som du likte godt? Forklar kvifor.

Relatert innhald

Gå saman i grupper

  1. Samanlikn svara dykkar på spørsmål a og b.

  2. Skriv ned, punktvis, kva trekk de trur er typiske for essaysjangeren.

  3. Samanlikn svara dykkar på oppgåve c. Likte de dei same tekstane? Diskuter kvifor de likte nettopp desse tekstane.

Reflekter:

Under ser de ein illustrasjon av forskjellen mellom essay- og artikkelsjangeren. Forstår de denne? Reflekter saman i grupper.

Øvst er ein illustrasjon av artikkelsjangeren: Eit strekmenneske går på ei linje frå start til mål. Nedst er ein illustrasjon av essayet, der strekmennesket går mange omvegar rundt streken før det kjem til mål.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Å skrive essay