Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Har du sjølvdisiplin?

"Kvifor gjere i dag det du kan utsetje til i morgon?" tenkjer somme. Les essayet "Operasjon sjølvdisiplin" om prokrastinering og sjå nærmare på fenomenet hos deg sjølv og andre.

Oppgåve

Del 1: Kva gjer du?

  1. Kor flink er du til å få noko gjort? Gjer du oppgåvene dine så raskt du får dei, eller ventar du så lenge som mogleg?

  2. Er det forskjell på dei oppgåvene du gjer raskt og dei du utset? Forklar!

  3. Diskuter spørsmåla over i grupper. Kva argument har dei som vel å gjere oppgåver raskt? Og kva med dei av dykk som utset lengst mogleg?

Del 2: Les essayet "Operasjon sjølvdisiplin" av Agnes Ravatn

  1. Skum gjennom essayet raskt. Kva legg du merke til i teksten? Skriv ned førsteinntrykket ditt og noko du la spesielt merke til.

  2. Les teksten grundig og noter ned svara på spørsmåla under:

  3. Kva er definisjonen på prokrastinering? I teksten finn du to.

  4. Kva ulemper ved prokrastinering trekkjer forfattaren fram?

  5. I essayet finn du mange forklaringar på kvifor somme utset oppgåver. Skriv ned minst tre. Kjenner du deg igjen i nokon av forklaringane?

  6. Essayet blir avslutta med ei liste over kva du kan gjere for å slutte med prokrastinering (om du er ein av dei som driv med det). Kva vil råd vil du prøve å følgje?

  7. Viss du aldri prokrastinerer, kva punkt i teksten er det du følgjer?

Del 3: Sjå nærmare på sjangeren

Sjå nærmare på verkemidla til forfattaren i essayet "Operasjon sjølvdisiplin". Start gjerne med å repetere kva eit essay er. Sjå lenkjer nedst på sida.

  1. Kvifor er dette eit essay? Diskuter med ein medelev.

  2. Diskuter i klassen: Kva essaytrekk finn de?

  3. Er det noko i teksten som bryt med sjangerforventningane du har til essayet?

  4. Kva skaper humor i teksten?

  5. Kva gjer at denne teksten er eit essay og ikkje eit kåseri?

  6. Trur du at du kjem til å endre arbeidsvanar etter å ha lese dette essayet? Kvifor/kvifor ikkje?

  7. Kva trur du vil ha størst påverknadskraft på deg – dette essayet eller ein fagartikkel om same emne? Grunngi!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Å skrive essay