Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døden i Håvamål

Kva forhold hadde vikingane til døden? Undersøk eit dikt og lær meir om tida det blei skrive i. Samanlikn deretter vikingane sitt syn på døden med dagens syn.

Oppgåve 1. Håvamål om døden

I Den eldre Edda finn vi diktet Håvamål. Det er eit gudedikt på 164 strofer. Diktet skal vere Odins tale og gir oss innsikt i verdiane og mentaliteten til vikingane. Eitt av temaa i diktet er døden.

  1. Les dei to strofene frå Håvamål under høgt for kvarandre i grupper.
  2. Diskuter: Kva haldningar til døden synest de strofene viser? Kva veit de om vikingane og norrøn mytologi som kan forklare innhaldet i dei to strofene?
  3. Synest de desse to strofene er aktuelle i dag? Eller har det moderne mennesket eit anna syn på døden?
  4. Skriv ned det de har diskutert i oppgåve b og c.

Utdrag frå Håvamål

Ordforklaring

Vers 77

Fe dør,
frender dør,
en sjøl dør på samme vis;
men ordets glans
skal aldri dø
i ærefullt ettermæle.

Vers 78

Fe dør,
frender dør,
en sjøl dør på samme vis;
jeg vet ett
som aldri dør
dom over hver en død.

Fe: Husdyr
Frender: vener



Ettermæle: Det omdømmet du har etter døden

Oppgåve 2. Finn de rima?

Ei lita gåte: Dei to strofene frå Håvamål er fulle av rim. Finn du dei?

Les her om du treng eit hint.

Det er vanleg å tru at rim er det same som enderim, men rim er så mangt. Eit lite hint: Vikingane brukte ikkje enderim, men to andre typar rim:

  • Sjå på første bokstav i orda.
  • Legg merke til vokalane inni orda.

Oppgåve 3. Set teksten i kontekst

Kvifor hadde vikingane dette synet på døden? Dette kan du finne ut av ved å utforske den kulturhistoriske konteksten til Håvamål. Det vil seie at du lærer deg meir om den tida tekstane kom ut i.

  1. Les dei to fagartiklane under og skriv to avsnitt som kan forklare noko om synet vikingane hadde på døden.
  2. Samanlikn teksten de har skrive i grupper: Har de lagt vekt på det same?

Relatert innhald

Skrivehjelp

Treng du hjelp til å kome i gong?

Du skal altså skrive to avsnitt som knyter tekst og kontekst saman. Under finn du nokre setningsstartarar du kan bruke.

  • Synet til vikingane på ære kan forklare ...
  • Begge strofene frå Håvamål viser at ...
  • For mellomaldermennesket var nemleg ære ...
  • Ære, skam og ettermæle ...
  • Ettermælet var sentralt for ...
  • Også synet på kva som skjer etter døden ...
  • Det var slik at den tapre krigaren hamna ...
  • Den som ikkje døydde i kamp, derimot, ...

Oppgåve 4. Moderniser Håvamål

Førestill dykk at menneskja av ei eller anna årsak opplever ei stor krise og nesten går under, men nokre få overlever. I år 3000 ønskjer desse menneska å undersøkje noko om forholdet 2000-talsmennesket hadde til døden. Til alt hell finn dei to strofer som handlar om nettopp dette.

Jobb saman og skriv desse strofene. De skal bruke bokstavrim, akkurat slik vikingane gjorde.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Memento mori