Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skyggen

Diktet "Skyggen" av Åse-Marie Nesse handlar om det vi alle veit: At vi skal døy.
Portrettbilete av den norske forfattaren og lyrikaren Åse-Marie Nesse. Foto.

Åse-Marie Nesse (1934–2001) var ein norsk filolog, omsetjar og lyrikar. Ho gjendikta ei rekkje store verk, blant anna Goethes Faust, og vann fleire prisar for arbeidet sitt.

Nesse gav ut fleire diktsamlingar, og ho skreiv dikt på både bokmål og nynorsk.

Diktet "Skyggen" er henta frå samlinga Lysår (1985) og handlar om døden, eller meir presist: om medvitet om at vi må døy.

Oppgåve

Åse-Marie Nesse: "Skyggen"

Les diktet Skyggen på side 30 i samlinga Lysår, og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Kva for eit grunnleggjande spørsmål er barnet i diktet oppteke av?
  2. Den tredje strofa i diktet inneheld ei klar tilvising til første Mosebok. Kva kallar vi eit slikt lån frå ein annan tekst?
  3. Kva for ein bibelsk stad vert barndommen samanlikna med?
  4. På kva side av "barndommens blanke port" står barnet no – på innsida eller på utsida?
  5. Diktet har fått tittelen "Skyggen". Kva assosiasjonar får du til ordet "skygge" når du les dei siste to linjene i diktet?
  6. Barnet opplever noko av det same som Adam og Eva i forteljinga i første Mosebok, kapittel 3 Syndefallsforteljinga i Bibelen. Prøv å setje ord på likskapstrekka.
  7. Kvifor reagerer mora og barnet ulikt på vissa om at alle må døy, trur du?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Memento mori