Hopp til innhald

Fagstoff

Maskulin ære i norrøn tid

Omgrepet "ære" var sentralt for menneska som levde i Noreg for 1000 år sidan. Litteraturen frå perioden fortel at livet i stor grad handla om å vinne ære og unngå skam.
Slaget på Fitjar. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ære?

I dei norrøne tekstane vi kjenner til, blir det brukt ulike ord om det vi i dag kallar "ære". Men det dei stort sett har til felles, er at dei anten betyr eller er avleidde av ordet "verdi". Det vil altså seie at den norrøne æra hang saman med kva verdi mannen hadde. Denne verdien blei målt av resten av samfunnet ut frå både den familien han var fødd i og dei handlingane han gjorde i løpet av eit liv.

Det motsette av ære er "skam" eller "vanære". Om ein mann gjorde noko samfunnet meinte var gale etter gjeldande normer, kunne det føre til at han påførte seg sjølv skam, og med det tapte ære.

Er kjeldene pålitelege?

Mykje av kunnskapen vi har om norrøne verdiar og kjønnsroller, kjem frå sagaer og myter om den norrøne religionen. Desse tekstane blei skrivne ned på 1200-talet, altså 100–400 år etter at hendingane skjedde og mytane fortalt. Dermed må vi vurdere pålitelegheita deira etter desse kriteria:

  • Den norrøne religionen er sjølvsagt ikkje sann. Men forteljingane om gudane kan seie oss noko om verdiar og kjønnsroller i vikingtida. Vi finn mytane stort sett i Den eldre Edda, skrive av Snorre Sturlasson.
  • Men det er viktig å leggje merke til at desse mytane blei skrivne ned etter kristninga av Noreg. Det kan ha påverka framstillinga av mytologien. Det same kan avstanden i tid og det faktumet at historiene har blitt overleverte munnleg i hundrevis av år.
  • Også sagaene blei skrivne ned 200–300 år etter at hendingane skal ha skjedd. Dermed kan både avstand i tid og nedskrivarane sine eigne verdiar ha påverka framstillinga. Vi må altså ikkje stole blindt på innhaldet.
  • Samtidig er sagaene og Den eldre Edda eit unikt innblikk i ei tid vi har få skriftlege kjelder frå.

Konklusjonen må vere at både Den eldre Edda og sagaene gir oss eit godt innblikk i den norrøne kulturen, men det må utøvast kjeldekritikk når vi bruker forteljingane som kjelde til vikingtida.

Ære og ettermæle

Mennesket i norrøn tid var oppteken av ære, for etter døden skulle dommen fellast: Kva ettermæle fekk mannen? Eit ettermæle er det ordet, eller ryktet, ein mann hadde etter døden. Målet var å ha eit namn som var knytt til ære. Ettermæle og ære er altså to omgrep som heng nøye saman.

Håvamål (Odins tale) fortel om kva samanheng det er mellom ære og ettermæle. Denne vesle strofa frå det 164-strofer lange diktet fortel at både dyr, vener og ein sjølv skal døy. Men det som aldri skal døy, er ettermælet:

Fe dør,
frender dør,
en selv dør på samme vis;
men ordets glans
skal aldri dø
i ærefult ettermæle.
(Heimskringla.no)

Ære og ætt

Det norrøne samfunnet hadde ikkje ei ordensmakt som kunne forfølgje lovbrot. I dag kan vi ringje politiet om nokon gjer oss noko gale. Rett nok fanst det såkalla ting, ein institusjon som liknar domstolane våre, men dei fleste konfliktar blei løyste utanfor tinga. På Island var det familien, eller ætta, som måtte passe på at det ikkje blei gjort urett mot nokon.

Akkurat som ære og ettermæle heng nøye saman, gjer òg ære og ætt det. Til dømes var det ofte ætta som hemna ein urett som blei gjort mot eit individ. Dette kunne ofte føre til blodhemn. Det vil seie at eit drap førte til at familien til drapsofferet hemna seg.

Korleis oppnå ære?

Vi kan skilje mellom passiv og aktiv ære. Den passive æra er den æra ein mann var fødd med, medan den aktive er den han kunne tene ved måten han levde på.

Den sosiale statusen til ætta

På Island var familien alt. Om du les ein islandsk saga, vil du leggje merke til at teksten startar med å presentere slekta til hovudpersonane. Det blir òg fortalt om kva for ein sosial status slekta har.

Eit døme ser vi i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Før hovudpersonen sjølv blir presentert, kjem ei lengre skildring av far hans, Illuge. Om han blir det sagt at han "(...) var den største i Borgarfjord næst etter Torstein Egilssønn. Han hadde store eiendommer og var ein hårdlynt mann, men god å være venn med." (Soga om Gunnlaug Ormstunge, kap. 5).

Det er viktig å leggje merke til at vanære og skam ikkje berre er ei individuell kjensle i vikingtida. Ein mann kunne godt ignorere ei krenking, men om resten av ætta meinte at han, og med det familien, var krenkte, kunne dei kollektivt ta avgjerda om å hemne seg.

Styrke

Det å vere sterk var ein fordel i eit krigarsamfunn som Island var på 1000-talet. Eigenskapen styrke gav auka respekt og ære. Mange av sagaheltane blir òg derfor beskrivne med adjektivet "sterk".

I Soga om Gisle Sursson er ein av dei ærefulle eigenskapane til hovudpersonen, styrken hans. Lek og idrett var viktig for vikingane, og under ballek viser helten Gisle seg som den sterkaste, noko som fører til frustrasjon hos den argaste motstandaren hans, Torgrim. Broren Torkjell seier "(...) du får stor heider av det, om det er du som er den sterkaste" (Soga om Gisle Sursson, 2001, s. 29).

Mot og handlingsvilje

Mange fredelege menn får god omtale i dei norrøne sagaene, men sagaheltar blir dei ikkje. Karakteristisk for mange av mennene som har fått eigne sagaer oppkalla etter seg, er at dei er vågale og gjerne bryt med sosiale normer. Ikkje sjeldan går dei over streken og blir for brutale, aggressive eller spydige. I barndommen er dei ofte bråsinte og hardhendte i sport.

Til dømes gjer Gunnlaug Ormstunge opprør mot far sin og vil reise utanlands allereie som 12-åring. Han er arrogant og får fiendar på grunn av dei kjappe og fornærmande replikkane sine. Dette er altså ikkje ein ung mann som er særleg sympatisk, men i løpet av sagaen vik han aldri frå utfordringar eller blir rådvill. Han viser mot og handlingsvilje.

Hemnvilje

Ein mann som ikkje hemna ei krenking blei sett på som ein feiging. Viljen til å ta hemn heng nøye saman med mot og handlingsvilje. Blei ein mann krenkt, anten med ord eller handling, var det svært viktig å vise vilje til å forsvare seg ved å ta hemn og slik halde oppe æra si.

Kor viktig hemnvilje var, viser seg til og med i lovverket. I Gulatingslova (ca. 1250) står det at ein mann kunne miste retten til bøter om ei ugjerning ikkje hadde blitt hemna. (Schaanning, 2012).

Fornuft og klokskap

Eigenskapane og handlingane som er nemnde til no, vitnar om ein kultur som verdset handlekraft og tradisjonelle maskuline verdiar. Men det var ikkje slik at den norrøne mannen berre fekk ære ved å drepe og hemne seg. Håvamål fortel at også klokskap blir høgt verdsett:

Betre byrdi
du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.
D-er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmanns trøyst.

(Heimskringla.no)

Denne kjende strofa fortel at det beste du kan ha med deg i livet, er "vit" – altså klokskap og sunn fornuft. Dei norrøne sagaene tillegg nemleg ikkje menn som er for tørste på kamp, strid og ære, stor verdi. Det som er ærefullt, er å handle både klokt og riktig.

At guden Odin ofra det eine auget sitt for å drikke av brønnen til visdommen og bli klokare, vitnar om at visdom var ein viktig verdi for den norrøne mannen.

Odin på trona omgitt av ravnane Hugin og Munin, og hundane Geri og Freki. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ærlegdom

I sagaen om Gunnlaug Ormstunge kjempar helten sjølv mot erkefienden Ravn mot slutten av historia. Gunnlaug gir Ravn eit hogg i beinet og seier han vil avslutte kampen. Ravn ber Gunnlaug om litt vatn. Gunnlaug er skeptisk og seier "Svik meg ikke da". Ravn lovar, men då Gunnlaug kjem med vatnet, høgg Ravn til han i hovudet. Ifølgje sagaen seier då Gunnlaug:

Nå svek du meg stygt», sa Gunnlaug; «og æreløst fór du fram mot meg som trodde deg.» (Soga om Gunnlaug Ormstunge, kap. 23).

Det er ingen tvil om at Gunnlaug, sjølv om han døyr, kjem ut av denne episoden med det beste ettermælet. Årsaka er at han har handla heiderleg og ærleg, medan Ravn har vore uærleg.

Gåver og venskap

Gåver var viktig i norrøn tid. I Håvamål blir det sagt "For vennen sin / skal en være venn / og gjengjelde gave med gave" (Heimskringla.no). Ein mann bringa gåver for å stadfeste ein venskap. Faktisk meiner somme forskarar at venskap var vel så viktig som slekt i det norrøne samfunnet. Professor Jon Vidar Sigursson seier at denne delen av det norrøne samfunnet har blitt undervurdert. Venskap, gjevmildskap og ære heng saman:

Gavene skulle vises fram. Sjenerøsiteten skulle synes. Gavmildhet var datidens viktigste egenskap. Hadde du mange venner, betydde det at du var rik, gavmild og mektig. (Kildahl, 2011).

Reise

Ein ærefull mann drog ut på reiser. Her jakta han på oppdrag og skattar som kunne gjere namnet hans kjent og gi han eit godt ettermæle. Reisa burde gjerne innehalde både ros frå store menn, kjemping i hærane til kongar og modig åtferd. Ved heimkomst burde mannen ta med seg skattar frå reisene sine.

I Sagaen om Gunnlaug Ormstunge viser Gunnlaug stor reisetrong som unggut. Faren meiner han er for ung til å reise og nektar han å dra, noko som fører til konflikt mellom dei. Og når Gunnlaug endeleg blir så vaksen at han reiser utanlands, møter han store menn og kjempar for den engelske kongen. Dette er typisk åtferd som vil føre til ære.

Korleis tape ære?

I eit samfunn der det fanst mange usynlege reglar for korleis du skulle oppføre deg for å oppnå ære, var det naturleg nok moglegheiter for at du kunne tape ære òg. Tap av ære blei sett på som skamfullt. Dessutan ville ærestap kunne føre til eit dårleg ettermæle både for enkeltindividet og ætta. Men kva kunne føre til ærestap og skam?

Feigskap

Den aktive mannen var stjerna i dei norrøne sagaene. Passivitet, derimot, blir sett på som ein lite ærefull eigenskap. Ein mann som ikkje aktivt utfordra motstandarar eller svarte på krenkingar, tapte ære.

I Sagaen om Laksdølene eggjar Gudrun brørne sine til å drepe ein mann med namn Kjartan. Ho kallar dei "feigingar" i håp om at denne karakteristikken skal få dei til å vise handlekraft. (Fagermoen, V., 2020)

Nid og ergi

Den norrøne mannen var ein machomann. Noko av det verste han kunne bli utsett for, var skuldingar om å vere ergi, eit ord som viser til umandig åtferd. Å skulde ein mann for å ha feminine eigenskapar og trekk var ei fornærming som gjekk på æra laus.

Eit norrønt nid var ofte spottande ord frå ein mann til ein annan av seksuell art. Det var gjerne skuldingar om å ha oppført seg på ein måte som kan tolkast som den feminine parten i eit samleie. Skuldinga botna ofte i at ein mann hadde oppført seg feigt.

Eit døme på nid, og tilvising til åtferd som blir rekna som ergi, finn vi i Soga om Gisle Sursson. Gisles fiende, Skjegge, går til handverkaren Rev for å nedverdige Gisle. Sagaen fortel det slik:

Skjegge bad Rev om å laga ei etterlikning av Gisle og ei av Kolbjørn "og den eine skal stå bak den andre, og dette nidet skal alltid stå til spott for dei". (Soga om Gisle Sursson, s. 10).

Aktuelt i dag?

Diskuter punkta som førte til både auka ære og skam. Er det nokon av desse som framleis er gyldige i dag?

Kjelder

Fagermoen, V. (2020). Kvinner og konfliktløsning i Sagaen om Laksdølene. Henta frå https://www.hf.uio.no/iakh/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2011/sigurdsson.html

Kildahl, M. (2011). Vennskap, viktigere enn slektskap i norrøn tid. Henta frå https://www.hf.uio.no/iakh/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2011/sigurdsson.html

Meulengracht Sørensen, P. (1995). Fortelling og ære. Studier i islendingesagaene. Oslo: Universitetsforlaget.

Sagaen om Gunnlaug Ormstunge (u.å.). Henta frå https://ndla.no/subjects/subject:19/topic:1:186579/topic:1:47954/resource:1:138926.

Schaanning E. (2012). "Mellomaldersk strafferett". Henta frå https://arrvev.no/artikler/middelaldersk-strafferett.

Soga om Gisle Sursson (u.å.). Oversatt av Jan Ragnar Hagland (2001). Oslo: Det Norske Samlaget.

Tromp, C (2015). Med buksene på. Morgenbladet. Henta frå Morgenbladet.no.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2020

Læringsressursar

Skam og ære