Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kodekammer: fru Alving i Gjengangere

I dette kodekammeret er målet å komme seg ut av rommet. Du er fru Alving som gøymer mange skjulte hemmelegheiter i fortida di. No ventar du på pastor Manders. Spørsmålet er: Skal du starte på eit nytt og sannare liv, eller skal du framleis halde fasaden?
Tips til spelet
  • Spel i fullskjermmodus.

  • Spelet er eit kodekammer (escape room). Det vil seie at du må løyse nokre oppgåver og finne eit kodeord for å komme deg vidare i spelet.

  • Det kan gøyme seg informasjon mange stader i rommet. Legg merke til når musepeikaren går frå å vere ei open hand (🤚) til å peike(👆). Då kan du klikke.

  • Du kan velje å ha på lyd. Den slår du på nede i venstre hjørne (🔊).

  • Det kan vere lurt å opne videoar i fullskjermmodus òg. Videoane blir lukka igjen ved at du klikkar på knappen nede til høgre.

  • Ta deg tid til å lese teksten nøye. Sceneskildringane er spesielt viktige. Viss du har behov for å lese dei ein gong til, trykk på i-en nedst til venstre.

Lærarrettleiing

Ver klar over at elevane lett kan bli veldig opptekne av konkurransen. Derfor kan det vere lurt å følge opp med oppgåvene som høyrer til for å sikre at dei les teksten og reflekterer over innhaldet.

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Skam og ære