Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ungdomslivet på 1950-talet

Korleis var det å gå i 3. klasse på vidaregåande på 1950-talet? Kva drøymde dei om? Kva var dei redde for? Finn svar ved å utforske eit utdrag frå romanen Elsi Lund av Bjørg Vik. Målet er å lese utforskande og samanlikne livet til Elsi med ditt eige.
Ei husmor og to barn i ei sitjegruppe i ei stove på 1950-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Ungdomsliv på 2020-talet

Før de skal lese utdraget frå romanen, kan det vere interessant å diskutere kva tankar, draumar og redsler de sjølve har, knytte til samfunnet de lever i. Skriv gjerne ned det de seier under diskusjonen. Romanutdraget vil komme innom alle punkta nedanfor. De treng desse notata til oppgåva etter lesinga.

Diskusjon i grupper

Trilogien om Elsi Lund blei skriven på 1990-talet, men handlar om den tida forfattaren Bjørg Vik sjølv vaks opp på: 1950-talet.

Diskuter i grupper korleis det er å vere ungdom på 2020-talet:

  • Dersom de har ein kjærast eller skulle få ein: Kvar møter ungdom kvarandre?

  • Korleis sjekkar ungdom kvarandre opp?

  • Snakkar de ope med kvarandre om sexlivet dykkar?

  • Kva type musikk (sjanger) høyrer de på?

  • Finst det nokon sjukdommar de er engstelege for å få?

  • Kva kroppsideal finst for unge jenter i dag?

  • Til jentene: Kva ville skjedd om de fekk eit barn no? Kva slags liv ser de for dykk då?

  • Dersom de møtest på fritida, kva gjer de då?

  • Driv nokon av dykk med sying eller strikking? Vil de seie at dette er noko norske 18-åringar gjer i dag?

  • Kva planar (eller draumar) har de for dei neste ti åra?

  • Kva synest de om kvinner som har barn utan å leve saman med barnefaren?

Ei rekkje ungdommar på eit gammalt svartkvitt bilete. Dei har det gøy og røykjer sigarettar. Ei jente skrur på ein radio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Les Elsi Lund

Les utdraget frå Elsi Lund nedanfor. Mens du les, skal du notere ned svar på desse spørsmåla:

  1. Kva er Elsis største frykt?

  2. Kva sjukdom er ungdommar på 1950-talet redde for å få? (Søk opp og les om sjukdommen på internett dersom du ikkje veit kva det er.)

  3. Kvar treffer jenter og gutar kvarandre på 1950-talet?

  4. Kva type musikk høyrer ungdommane på?

  5. Kva kroppsideal meiner du teksten viser at det finst for unge jenter på 1950-talet?

  6. Kva slags klubb er det Elsi og venninnene hennar har? Kva gjer dei der?

  7. Snakkar Elsi og venninnene hennar ope om sex?

  8. Kvifor er Elsi så redd for å bli gravid?

  9. Kva framtidsdraumar har Elsi?

  10. Korleis ser samfunnet på Rita Lyng, den nye kjærasten til Cecilie Knudsens far?

Del 3: Samanlikn livet til Elsi med ditt eige

Ei jente viser fram mobilen til kamera. På skjermen står logoen til appen TikTok, eit populært sosialt medium på 2020-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå gjennom spørsmåla ovanfor og samanlikn livet til Elsi på 1950-talet med ditt eige liv på 2020-talet. Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva er dei største forskjellane på liva dykkar?

  2. Kva er dei største likskapane?

  3. Korleis vil du seie at samfunnet, og individet, har forandra seg sidan 1950-talet?

Del 4: Diskuter i grupper

Gå saman i grupper. Pass på at gruppene ikkje berre består av eitt kjønn.

  1. Samanlikn svara dykkar i teksten ovanfor.

Del 5: Skriv åleine

Skriv ein tekst på ca. 500 ord der du samanliknar ditt eige liv med Elsi sitt liv. I teksten skal du også reflektere over korleis du trur det ville vore å vekse opp på 1950-talet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022

Læringsressursar

Skam og ære