Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjem vikingideala tilbake?

Vi er i ferd med å forlate kristne verdiar og gå tilbake til ideala til vikingtida, hevdar historiestudenten Mary-Ann Manninen i eit lesarinnlegg på NRK Ytring. Kan det verkeleg stemme? Her skal de både lese kritisk, diskutere og skrive sjølv.

Del A: Førlesing

Før de set i gong med å lese teksten, skal de diskutere desse spørsmåla:

  1. Kva vil de seie var typiske verdiar i norrøn tid? Fokuser på ære og status.
  2. Kva er typiske kristne verdiar? Korleis skil desse seg frå verdiane frå vikingtida?
  3. Kva med dagens samfunn? Vil de seie at vi har typisk kristne eller norrøne verdiar?

Del B: Inn i teksten

No skal de lese teksten til Manninen. Han blei publisert på NRKs debattsider Ytring og heiter Tilbake til vikingtida.

  1. Formuler det du meiner er hovudsynet i teksten.
  2. Samanlikn med ein medelev. Har de skrive det same?
  3. Jobb i par med å kjenne igjen argumenta i Manninens tekst. Les han ein gong til og skriv inn argumenta ho bruker for hovudsynet sitt i skjemaet under.

Del C: Kritisk tilnærming til teksten

Diskuter i grupper:

Sjå på argumenta frå skjemaet over. Er de einige i det Manninen skriv om kva som er typisk for

  • dagens verdiar
  • kristne verdiar
  • verdiar frå vikingtida?

Hugs å kome med konkrete døme i diskusjonen. Er du til dømes heilt ueinig i at audmjukskap pregar kristendommen, medan vi i dag berre er opptekne av personleg ære, så må du vise til noko frå det verkelege livet for å ha belegg for påstanden din.

Skriv ned:

No skal du jobbe aleine.

  1. Skriv ned alle argumenta du og dei andre i gruppa hadde for eller i mot Manninens hovudsyn.
  2. Kva meiner du sjølv? Skriv fire–fem setningar der du seier deg einig eller ueinig med Manninen.

Del D: Argumenter for synet ditt

Skriv ein tekst der du anten argumenterer for eller mot at vi utviklar oss i feil retning – mot brutale norrøne verdiar og bort frå audmjuke kristne verdiar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020

Læringsressursar

Skam og ære