Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livet etter døden

I denne oppgåva skal du samanlikne to nyare tekstar om livet etter døden med ein 2000 år gammal tekst om same emne.
Rose i knupp med rimfrost. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekst 1: "Kryonikk handlar om livet"

Alcor Life Extension Foundation er leiande i verda på kryonikkforsking og kryonikkteknologi. Kryonikk er ei form for kuldekonservering: Rett etter døden vert menneskekroppen kjølt ned til minus 196 gradar celsius. Kryonikktilhengjarane håper på at ein kan bringe nedfryste menneske til live igjen ein gong i framtida, når vitskapen har komme lenger enn i dag. Per i dag finst ingen teknologi som kan gjenopplive nedfryste kroppar. I 2012 var talet på personar som har late seg fryse ned, rundt 250.

Reklamebrosjyren " Brenda Peters: Kryonikk handlar om livet", som denne oppgåva handlar om, er skriven av Brenda Peters, tidlegare styremedlem hos Alcor.

Oppgåve 1

Les reklamebrosjyren "Kryonikk handlar om livet" av Brenda Peters og svar på spørsmåla nedanfor.

  1. Kva er kryonikk?
  2. Kva er formålet med kryonikk?
  3. Kva haldning har Alcor til aldring og død?
  4. Karakteriser ordvala til forfattaren og gi døme.
  5. Om du hadde hatt moglegheita til å leve evig på denne kloden, ville du ha gripe ho? Kvifor (ikkje)?
  6. Er trua på vitskapen òg ei tru? Argumenter.

Oppgåve 2

Eit retorisk blikk på teksten "Kryonikk handlar om livet"

  1. Kven er sendar?
  2. Kva er emnet teksten handlar om?
  3. Kva er formålet med brevet?
  4. Etos: Korleis prøver sendaren å byggje opp truverdet sitt?
  5. Logos: Kva er dei nøkterne faktaa i brevet?
  6. Patos: Kva slags språklege verkemiddel og strategiar for å overtale bruker sendaren for å påverke mottakarane?
  7. Kva trur du kjenneteiknar dei mottakarane som reagerer positivt på dette brevet?

Tekst to: Albert Einstein: Mitt verdsbilete (utdrag)

Albert Einstein (1879–1955) var ein framståande tysk fysikar. Familien hans var av jødisk opphav, og han emigrerte til USA då Hitler kom til makta i 1933. Einstein bidrog med fleire epokegjerande arbeide til utviklinga av den moderne fysikken. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1921.

Du skal no lese eit utdrag frå boka Mitt verdsbilete (1934), der Einstein reflekterer over eige arbeid og livssyn.

Albert Einstein: Mitt verdsbilete (utdrag)

Oppgåve 3

  1. Tekstutdraga du har lese, er henta frå eit personleg essay. Kan du peike på to–tre typiske sjangertrekk i utdraga?
  2. Kva legg Albert Einstein i det å vere religiøs?
  3. Kva meiner han er formålet med det "korte besøket" vårt her på jorda?
  4. Kva verdiar er det Einstein framhevar som sine ideal?
  5. Grunngir han oppfatningane og verdiane sine ut frå prinsipp som ligg utanfor han sjølv, eller grunngir han dei ut frå sine eigne erfaringar?
  6. Kva grunnkjensle er ifølgje Einstein kjelda til både kunst, vitskap og religion?
  7. Kva slags tankar har Einstein om Gud og eit liv etter døden?
  8. Er du einig i at det er redsel og egoisme hos menneska som har skapt ønsket om eit liv etter døden?
  9. Einstein bruker mange språklege bilete i dei to tekstane. Finn minst fem gode døme på språklege bilete i tekstane, og forklar med dine eigne ord kva bileta skal uttrykkje.
  10. Kva oppnår forfattaren gjennom biletbruken?

Tekst 3: Johannes' åpenberring (utdrag)

I mange religiøse tradisjonar finn vi førestillinga om at menneska må stå til ansvar for liva sine etter døden. Ofte er desse førestillingane knytte til forteljingar om verdas undergang. Då skal det haldast dom over menneska, og deretter blir det født ei ny og bedre verd.

Ei slik forteljing finn vi også i Det nye testamentet i Bibelen, i boka Johannes' åpenberring. Ei åpenberring er kunnskap som blir formidla av eit overnaturleg vesen, ofte ein engel eller Gud. Johannes' åpenberring er den siste boka i Det nye testamentet i Bibelen, ho blei trolig skriven ned ca. 70–100 år etter vår tidsrekning.

Les utdrag frå Johannes’ openberring, kapittel 21, vers 1–8

Oppgave 4

  1. Samanlikn haldninga Brenda Peters og Alcor-medlemmene har til livet og døden, med det Albert Einstein skriv om det same emnet. Kva forskjellar finn du?
  2. Korleis trur du Albert Einstein ville ha reagert om han hadde fått eit salsbrev frå Alcor?
  3. Kva slags "sjanger" er eit verk som Bibelen? Kva skil han frå dei to andre tekstane du har lese?
  4. I Johannes' åpenberring finn vi andre førestillingar om liv og død enn i tekstane til Einstein og Peters. Peik på skilnadene.
  5. Kva for tankar og haldningar appellerer mest til deg? Grunngi svaret.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Memento mori