Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva forhold har klassen til døden?

Mange synest døden er ubehageleg å snakke om. Samtidig er det eitt av få fenomen som alle menneske har felles: Vi skal jo alle døy. No skal de utforske kva forhold klassen har til døden. Til slutt skal de lese dikt som de kanskje kjenner dykk igjen i?

Del 1: Lytt og skriv

Til denne oppgåva treng du penn/blyant og papir.

Sjå samtalen mellom Ingebrigt Steen Jensen og Usman Rana over. Dei snakkar først om kva forhold dei har til døden, deretter om kva dei trur skjer med mennesket etter døden.

Skriv ned svar på dei to spørsmåla under på ein lapp. Prøv å svare med minst to setningar på kvart spørsmål. Ikkje vis lappen til andre i klassen.

  1. Kva forhold har du til døden? Har du dødsangst? Inga frykt i det heile, eller noko midt i mellom?
  2. Kva trur du skjer med mennesket etter døden?

Del 2: Del og diskuter

Krøll saman lappen du har skrive på. Ein i klassen samlar inn lappane. Deretter deler hen ut ein til kvar elev i klassen.

  1. Alle i klassen skal lese høgt det som står på lappen dei får utdelt.
  2. Diskuter i klassen:

    • Var det nokon tankar om døden som gjekk igjen i klassen?
    • Var det nokon tankar om døden som overraska dykk?
    • Bør vi snakke meir om døden? I så fall – kvifor?

Del 3: Døden i litteraturen

No skal de lese tre dikt om døden. Etter at de har lese kvart av dikta, skal de svare kort på dette:

  1. Kva haldning viser diktet til døden? Dødsangst? Dødslengsel? Anna? Grunngi ved å peike på minst eitt sitat frå teksten.
  2. Seier diktet noko om kva som skjer med mennesket etter døden? I så fall – kva?

Dikt 1

Det første diktet de skal lese er "Besøk" frå 1968. Det er skrive av Jens Bjørneboe, og du finn diktet på side 93 i diktsamlinga Aske, vind og jord på Nasjonalbiblioteket.

Dikt 2

Diktet "Vi holder livet" opnar diktsamlinga Den syvende natt (1947) av Inger Hagerup. Du finn det på s. 7 i diktsamlinga Den syvende natt på Nasjonalbiblioteket.

Dikt 3

"Døden" er det korte namnet på diktet med same tema, skrive av Ragnar Hovland (1996). Les diktet i diktsamlinga Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville på Nasjonalbiblioteket.

Del 4: Omskriving av døden

Både i litteraturen og i daglegtalen har det vore vanleg å omskrive døden. Det vil seie at vi ikkje kallar han ved det rette namnet, men gir han namn som "den lange natta", "den evige søvnen" eller "den siste reisa".

  1. Les dikta om igjen. Kva omskrivingar bruker dei to dikta om døden? Bruk gjerne fagomgrep som "personifisering", "humor" og "verdiladde ord" i skildringa di.
  2. Korleis får omskrivinga fram den haldninga dikta viser til døden?
  3. Diskuter: Kvifor trur de det er så vanleg å bruke omskrivingar og språklege bilete om døden?

Eufemisme

Vi kan òg bruke orda "eufemisme" om omskrivingar av døden.

Ein eufemisme er eit uttrykk som "pakkar inn" noko som ville blitt oppfatta som skremmande, uhøfleg eller støytande viss vi hadde uttrykt oss direkte. Vi bruker til dømes ofte eufemismar når vi snakkar om tema som død, krig, sjukdom, kroppsfunksjonar og sex.

Del 5: Døden i biletkunsten

Døden er ikkje berre eit vanleg motiv i litteraturen, men også i biletkunsten. Finn tre ulike framstillingar av døden i biletkunsten som du meiner har same tema som dei tre dikta du har lese. Bruk internett som hjelp.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2020

Læringsressursar

Memento mori