Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døden i Hamlet – evig aktuell?

"Å vere eller ikkje vere" – kanskje eitt av verdas mest kjende sitat? Skodespelet Hamlet av Shakespeare handlar om hemn og døden og blei skrive i 1603. Då har det kanskje gått ut på dato?

Del 1: Shakespeare og Hamlet

Sjå den korte filmen om Shakespeare under og svar på spørsmåla.

  1. Kva var typisk for ein renessansehelt?
  2. Kven er Hamlet?
  3. Kvifor vil Hamlet hemne seg?
  4. Kva er dei viktigaste motiva i Hamlet?
  5. Kva er Hamlets dilemma?
  6. Kvifor seier vi at Shakespeare er ein gåtefull person?

Del 2: Er hemn akseptabelt i dag?

Diskuter i grupper:

Ifølgje videoen handlar Hamlet i stor grad om hemn. Kva rolle meiner de hemnen speler i det moderne Noreg? Er det akseptert å ta hemn om du føler deg urettferdig behandla?

Del 3: Døden i Hamlet

Hemn er altså eit viktig motiv i Hamlet. Eit anna er døden. No skal de lese utdrag frå skodespelet. Jobb gjerne i grupper:

  1. Les dei to strofene frå Hamlet under. Kva for eit syn på døden synest de kjem fram i desse? Er strofene prega av dødsangst eller dødslengsel? Grunngi ved å peike på ord eller frasar i strofene.

Å dø, å sove –
ja bare dèt, – og se at søvnen slukker
all hjertekval, de tusen plager kjødet
er arving til. Hvor inderlig man higer
mot denne slutt: Å dø, å sove. Sove
og kanskje drømme?

Hvem ville nære denne byrde, stønne
og svette under livets åk, hvis ikke
vi følte angst for noe efter døden,
et uoppdaget land som ingen vandrer
er vendt tilbake fra? Det lammer viljen,
så vi vil heller bære gamle sorger
enn gå til nye som vi ikke kjenner.

Frå skodespelet Hamlet. Hamlet held ein hovudskalle i handa og ser ned på han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Øv inn ein monolog om døden

No skal de lese den mest kjende monologen frå Hamlet. Det er monologen som startar med "Å være eller ikke være" (på Nathionaltheateret.no).

  1. Gå saman i par. Les monologen høgt for kvarandre.
  2. Vil ein frivillig lese monologen høgt for klassen? Kanskje er det nokon som liker å stå framfor publikum og dramatisere? Du får ofte ei heilt anna oppleving av ein dramatekst når du lyttar til ei god framføring enn når du berre les han.

Del 5: Evig aktuell eller gått ut på dato?

Skodespelet Hamlet blir sagt å vere eviggyldig. Det vil seie at det handlar om spørsmål som vil gjelde mennesket til alle tider. Men stemmer det?

Les gjennom monologen ein gong til. Vil du seie at alt i teksten er relevant for 2000-mennesket? Eller er det slik at delar av han er det, medan andre delar er mindre aktuelle?

  • Om du gjer oppgåva på ark – bruk ein penn eller blyant og stryk over passasjar du meiner ikkje er aktuelle på 2000-talet. Set ring rundt passasjar som du meiner er eviggyldige.
  • Om du gjer oppgåva digitalt – lim teksten inn i eit redigeringsprogram og bruk ulike fargar til å markere passasjar som er gått ut på dato eller held seg i dag.

Del 6: Skriv om Hamlet, døden og 2000-talet

Skriv ein kort tekst der du anten argumenterer for at Hamlets tankar om døden er gått ut på dato eller er aktuelle i dag.

Du skal bruke sitat frå monologen i teksten din og grunngi påstandane dine ved å peike på trekk ved dagens samfunn.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Memento mori