Hopp til innhald

Litterære tekstar

Kryonikk handlar om livet

Salsbrev frå Alcor (1990)

Kjære venn, hei. Eg heiter Brenda Peters. Eg sit i styret til Alcor og vil gjerne introdusere deg for den spennande verda som vert kalla kryonikk. Framtida har alltid fascinert meg. Då eg fekk høyre om kryonikk for første gong, heldt eg på å skrive eit filmmanus om nedfrysing etter døden. Sidan eg ikkje kunne så mykje om dette emnet, tok eg kontakt med Jerry Leaf, forskar ved UCLA Medical Center, som eksperimenterte med nedfrysings- og gjenopplivingsteknikk.

Jerry forklarte korleis eg kunne gjere manuset mitt meir realistisk. Han tilbaud seg òg å vise meg korleis det heile gjekk føre seg, viss eg kom ut til laboratoriet hans i Fullerton. For eit tilbod! Eg har ikkje vore meg sjølv sidan.

Det eg møtte, var ei unik gruppe kunnskapsrike og modige menneske, inderleg opptekne av kampen mot aldring og død ved hjelp av vitskap og teknologi. Eg møtte òg ein varme og omtanke som eg aldri hadde sett før. Eg opplevde at eg deltok i eit eventyr så stort og viktig at eg rett og slett miste pusten.

Kryonikk handlar nemleg om livet – ditt liv – og mitt. Medlemmane i Alcor elskar verkeleg livet. Dei vil leve og ta vare på helsa så lenge som mogleg og ser fram mot framsteg som kan forlenge liva deira.

Medlemmene i Alcor nektar å gi opp – sjølv om alle dei ressursane vi har i dag, er brukte opp. Dei vel i staden å la den trugne staben i Alcor ta seg av dei og på den måten få moglegheita til å nytte seg av framtidig kunnskap innan medisin som kan gi dei helsa og ungdommen tilbake.

Den einaste grunnen til at kryonikk er kontroversielt, er at folk flest er fullstendig blinde for dei fantastiske moglegheitene som den framtidige medisinske vitskapen vil kunne tilby. Men stadig fleire forskarar innser at det ein dag vil verte mogleg å få cellene til å reparere seg sjølve, noko som kjem til å verne oss mot skade, sjukdom og aldring. Denne teknologien vil òg gjere det mogleg for legar i framtida å gjenopplive nedfryste pasientar.

Eg legg ved ei fantastisk bok om Alcor og kryonikk. Eg håper ho vil gi svar på alle spørsmåla du har om kryonikk. Når du har lese ho, trur eg du vil vere einig i at kryonikk er sjansen i ditt liv. Personleg er eg heilt overtydd om det. Eg sit ikkje berre i Alcors styre. Eg er òg med i nedfrysingsteamet og deltek dessutan i den banebrytande forskinga til Alcor.

Eg ser fram til å treffe deg som medlem i Alcor. Det ville vere fantastisk å få møte deg og lære deg å kjenne. Kanskje kjem eg til å sjå deg på eit av møta våre i Alcors anlegg i Riverside eller på ei av dei uformelle samlingane våre.

Viss du vil verte medlem i Alcor, kan du berre ringje meg på gratisnummeret vårt 009-1-800-367 2228. Bur du i California, ringjer du 009-1-714-736 1703.

Men eg vil absolutt ikkje mase på deg. Sjølv om du ikkje føler deg klar til å verte medlem enno, har du likevel full fridom til å besøkje møta og samlingane våre. Viss du vil sjå anlegget vårt, kan du berre ringje og avtale tid.

Om det ikkje passar for deg å besøkje oss, har eg eit forslag. For berre ti dollar i postoppkrav skal eg ordne det så du får årets tolvte nummer av avisa vår Cytronics. Bruk i så fall bestillingskupongen og den portofrie konvolutten som er lagde ved.

Tusen takk

Brenda

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du samanlikne to nyare tekstar om livet etter døden med ein 2000 år gammal tekst.

CC BY-NC-NDSkrive av Brenda Peters. Rettshavar: Spartacus Forlag AS.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2018

Læringsressursar

Artikkel