Loke hadde glidd rett inn i Pride-paraden
«Trymskvedet» (òg kjent som «Trymskvida») har lenge vore eit av dei best kjende og mest omtykte verka frå den norrøne litteraturen. Diktet er stutt, humoristisk og handlingsdrive, og ryktet seier at jamvel skuletrøytte elevar kviknar til når dei får arbeida med denne kjønnsrolleleikande teksta. Mykje av humoren i diktet har med Tor å gjera, og det er moro å lesa om Tor som motviljug kleder seg ut som brur og leikar at han skal gifta seg med tussekongen Trym, men det er Loke som gjer dette diktet til ein skeiv lesefest.
Hendingsgangen i diktet er slik: Tor vaknar ein morgon og oppdagar at hamaren Mjolne – det viktigaste våpenet hans – er borte. Loke låner fjørhamen til Frøya, flyg til jotunheimen og får greie på at jotunen Trym har stole hamaren. Trym seier at æsene kan få tilbake hamaren dersom han sjølv får gifta seg med Frøya.
Loke flyg attende og fortel Tor det han har funne ut, og saman går dei til Frøya og seier at ho må gifta seg med Trym. Frøya klikkar i vinkel og seier at så mannfolkgalen er ho ikkje. Ho er glad i sex og har mange seksualpartnarar, slik det høver seg for ei kjærleiksgudinne, men jotnane er kjende for å ha ein styrlaus seksuell appetitt, og der går grensa for Frøya sin del.
Æsene respekterer grensene til Frøya og kallar i staden inn til krisemøte. Heimdall kastar fram den ideen at Tor sjølv kan spela brur. Tor set seg imot, men Loke seier at Tor er nøydd til å gjera det, og etter kvart legg Loke til at han sjølv kan vera med. Så dreg dei til Jotunheimen i lag, og jamvel om Trym stussar over utsjånaden og matlysta til «brura», går alt etter planen: Tor får tak i hamaren og drep både Trym og heile ætta hans.
Så å seia alt i dette diktet har med kjønn å gjera, til og med hamartjuveriet. Dei mannlege jotnane har det med å sikla etter gudinnene, og det er Tor si oppgåve å patruljera grensene mot Jotunheimen og syta for at jotnane ikkje bortfører eller legg hand på damene i Åsgård. Utan Mjolne kan ikkje Tor verja gudinnene, og dét er grunnen til at Trym stel hamaren. Han er ute etter Frøya, men han veit at han må avvæpna Tor fyrst.
Dersom dei mannlege gudane ikkje greier å halda damene sine trygge, har dei svikta som menn. Dimed er det ikkje berre tryggleiken til gudinnene som står på spel i «Trymskvedet»: Æra til dei mannlege gudane heng òg i ein tynn tråd.
Verst er det sjølvsagt for Tor. Våpen har lenge fungert som symbol for penis eller manndom i vid meining, og i biletlege framstillingar frå mellomalderen har hamaren Mjolne ei tydeleg fallisk form. Når Tor har mist hamaren sin, er han på eit vis kastrert, og i denne kritiske situasjonen vert han pålagd å kleda seg ut som brur og spela at han er interessert i ein annan mann.
Tor har slett ikkje lyst. Men Loke har lyst.
Det vert opplagt om me ser på strofene 18, 19 og 20. I strofe 18 seier Loke at Tor er nøydd til å spela brur, og i strofe 19 går æsene i gang med å pynta toreguden. Dei tek på han kvinneklede, bind på han brurelin og det store halssmykket til Frøya, fester eit nykelknippe i beltet hans (for det var ofte kvinnene som rådde over nyklane i eldre tid) og legg inn steinar som puppar.
Eg ser føre meg at Loke spelar ei svært aktiv rolle i påkledinga, og at han etter kvart vert inspirert eller til og med misunneleg, for i strofe 20 seier han: «Kanskje eg skal vera med som tenestejente?»
Det er ingen som har sagt at Tor må ha med seg noka tenestejente på ferda. Det er Loke sjølv som kjem med dette framlegget: Han oppsøkjer kjønnsoverskridinga. Han vil vera i kvinneuttrykk.
Samstundes viser han seg som den skarpe ordkunstnaren han er. I slutten av strofe 20 seier Loke til Tor at «vi to» skal fara til Jotunheimen i lag, og når me les diktet på norsk, er det ikkje noko kunstnarleg med den formuleringa. Men i den norrøne originalteksta nyttar Loke formuleringa «vit tvau», og då er saka ei anna.
I norrønt – som i nokre norske dialektar – vert talordet to samsvarsbøygt i kjønn. Dersom det er tale om to menn, har talordet forma tveir, dersom det er to kvinner, er forma tvær, og dersom det er ei kvinne og ein mann, kan nøytrumsforma tvau nyttast.
Det er denne nøytrumsforma Loke nyttar når han talar om seg sjølv og Tor. Sidan Tor er i kvinneuttrykk, omtalar Loke han som kvinne, medan han sjølv, som ikkje har bytt klede enno, framleis er å rekna som mann.
Då dei kjem til bryllaupet i Jotunheimen, er rollene omsnudde: Loke spelar kvinne så godt at ingen stiller spørsmål ved det, medan Tor knapt nok prøver å vera yndig og fin dame og difor dreg til seg merksemd. Framtoninga og åtferda hans vert oppfatta som svært karsleg, og han lever slett ikkje opp til førestillingane om korleis ei brur ser ut og ter seg. Han glefser i seg ein okse og åtte laksar og drikk tre tynner mjød, og augo hans er så olme at Trym skvett unna då han prøver å kyssa brura.
Det er Loke som reddar situasjonen. Når Trym vert mistenksam, er tenestejenta på pletten og fortel at brura ikkje har ete eller sove på mange dagar fordi ho har lengta såååå mykje etter Trym. Loke koser seg i rolla og skulle nok helst sett at festen varte endå lenger.
Loke er utan tvil den skeivaste guden i norrøn mytologi, men han er òg den farlegaste og svikfullaste. Er det eit problem? Ja, skeive folk har lenge vore oppfatta som samfunnsfiendar som bryt ned fellesskapen og nasjonen innanfrå, og slik sett er det harmeleg – men ikkje så uventa – at «skurken» Loke er skeiv.
Men i «Trymskvedet» er Loke helten, og jamvel om Tor i brurelin er morosamt skildra, er det endå betre å sjå Loke briljera som kvinne.
Kjelde
Fridtun, Kristin (2019, 7. juli). Loke hadde glidd rett inn i Pride-paraden. Morgenbladet. https://morgenbladet.no/ideer/2019/07/loke-hadde-glidd-rett-inn-i-pride-paraden-skriv-kristin-fridtun
Relatert innhald
Korleis fortel Trymskvida og den moderne romanen Gudenes fall om kjønnsroller?
Trymskvida med bilete og forklaringar. Historia frå norrøn mytologi om korleis Tor mista hammaren sin.