Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Guden Tor på gutetur

Ei gammal historie om tordenguden Tor som drag-queen, ein moderne roman som lèt den same guden be om Bacardi Breezer og ein kronikk som påstår at Loke hadde gått rett inn i homoparaden. Kva seier eigentleg desse tre tekstane om kjønnsroller?
Tor med bukkane Tanngnjost og Tanngrisne. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Kva veit de om Frøya, Tor og Loke?

Frøya, Tor og Loke er to av dei mest kjende figurane frå norrøn mytologi. Kva veit de om dei frå før?

  1. Sit i grupper. Skriv ned alt gruppa veit om dei tre gudane.
  2. Alle gruppene deler kunnskapen sin i klassen.

Spørsmål de kan ta utgangspunkt i:

  • Kva slektskap er det mellom Tor, Loke og Odin?
  • Kva er Tor sitt mektige våpen?
  • Kva slags gudar er Tor og Frøya?
  • Kva er spesielt med guden Loke?
  • Korleis har figurar som Tor og Loke blitt brukt i populærlitteraturen, til dømes av Marvel, dei siste åra?
  • Kva eigenskapar forbind de med Frøya, Tor og Loke?

Del 2: Trymskvida

Trymskvida er eit Eddadikt med jotnekongen Trym, Tor, Odin og Frøya i hovudrollene. Les Trymskvida og studer bileta i presentasjonen under. Målet er først at du skal forstå handlinga i teksten. Om det er vers du ikkje forstår, kan du trykkje på i-knappen for å få forklart handlinga.

Etter at de har forstått handlinga, kan de gå saman i grupper.

Diskuter i grupper:

  • Korleis synest de Tor og Loke blir framstilte i diktet? Grunngi ved å vise til sitat.
  • I ein kronikk skriv språkvitar Kristin Fridtun: "Så å seia alt i dette diktet har med kjønn å gjera". Kva kan ho meine med det?

Del 3: Loke i Pride-paraden

Les kommentaren "Loke hadde glidd rett inn i Pride-paraden" av Kristin Fridtun. Undervegs i lesinga skal du prøve å finne ut av

  1. kva Fridtun meinte med sitatet "Så å seia alt i dette diktet har med kjønn å gjera"
  2. kvifor Fridtun meiner at "Loke hadde glidd rett inn i Pride-paraden"

I grupper:

  1. Er de einige i måten Fridtun les Trymskvida på?
  2. Skriv ein kort tekst i fellesskap der de reflekterer over korleis Trymskvida leikar med kjønnsrollene. Ein er sekretær og dei andre kjem med innspel.

Relatert innhald

Del 4: Samanlikn med dagens kjønnsroller

Diskuter desse to påstandane i klassen:

  1. Trymskvida viser at kjønnsrollene har forandra seg lite på 1000 år.
  2. I dag er menn og kvinner frie til å oppføre seg og kle seg som dei vil utan å få negative reaksjonar.

Del 5: Tor i tidsmaskin

No skal du lese ein litt spesiell tekst. Det er eit utdrag frå romanen Gudenes fall av Cornelius Jakhelln. Romanen handlar om dei norrøne gudane. I boka har dei blitt fordrivne til Underheimen etter at Noreg blei kristna i år 1000. Her sit dei misnøgde med sitt eige tilvære og ønskjer seg tilbake til tida då dei blei tilbedne som gudar.

Også språket er svært spesielt. Det vil du nok merke etter å ha lese ei stund. Det er i stor grad ortofont, noko som betyr at det er skrive mest mogleg likt talespråket vårt. Les derfor gjerne teksten høgt i klassen. Prøv å forstå han saman. Del til dømes ut roller, slik at nokon les dei ulike replikkane i teksten.

Relatert innhald

Diskuter i grupper etter at de har lese:

  1. Korleis opplevde de språket i romanen? Var det vanskeleg å forstå? Kvifor (ikkje)?
  2. Kvifor trur de forfattaren har valt å skrive ortofont?
  3. Korleis synest de guden Tor blir framstilt i teksten?
  4. Samanlikn framstillinga av Tor i Gudenes fall med framstillinga i "Trymskvida". Peik på både likskapar og forskjellar. De kan til dømes leggje merke til

    • om han blir framstilt som ein machohelt og peike på passasjar i teksten for å grunngi
    • om han blir framstilt humoristisk, og i så fall – korleis

Del 6: Tekst i kontekst

  1. Romanen Gudenes fall har blitt omtalt som ein samfunnskritisk roman. Kva sider av samfunnet vårt meiner de blir kritiserte i dei to første kapitla? Trekk ut minst tre sitat som de meiner er samfunnskritiske.
  2. Er de einige i samfunnskritikken som kjem til syne i teksten?
  3. Er de einige i Jakhelln si framstilling av kjønnsrollene i dei to kapitla?

Relatert innhald

Kva ideal fanst for den norrøne kvinna? Korleis blei ho ei respektert kvinne med ære? Historier frå ættesagaene fortel mykje om dette.

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2019

Læringsressursar

Mennesket og maktene