Hopp til innhald

Fagstoff

Inspirasjonen til folkevisa Bendik og Årolilja

Folkevisa Bendik og Årolilja er inspirert av to forteljingar frå mellomalderen. Den eine forteljinga er den danske fornsegna om Hagbart og Signe, og den andre er den romantiske historia om Tristan og Isolde.
Tristan og Isolde står ved ein pram, nokon meter uti vatnet, og held hendene til kvarandre. Stillbilete frå film.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles for alle tre forteljingane er at dei handlar om to elskande som ikkje kan få kvarandre.

I forteljinga om Hagbart og Signe blir Hagbart drepen og Signe tek livet sitt. Det same skjer òg med Bendik og Årolilja. Men i segna om Hagbart og Signe blir uretten blir hemna av bror til Hagbart, slik blodhemnen krev. I visa om Bendik og Årolilja finn vi ikkje noko blodhemn-motiv, her er det den romantiske kjærleiken som rekk lenger enn grava alt handlar om. På dette punkt er visa inspirert av forteljinga om Tristan og Isolde, eller Tristram og Isond, som dei to heitte i den norrøne versjonen. Tristan og Isolde er ei av dei store kjærleikshistoriene frå den europeisk mellomalderen, ho finst i ulike versjonar i mange land.

Hagbart og Signe

Segna om Hagbart og Signe er kanskje den eldste av dei danske heltesegnene, og ho vart tidleg vidgjeten i dei nordiske landa.

Segna fortel at Hagbart elskar Signe, dotter til Kong Sigar, men han kan ikkje få henne, for han har drepe brørne hennar i ei vikingferd. Da kler han seg ut som ei skjoldmøy og får på den måten komme inn til henne.

Men dei finn ut kven han er, han blir fanga og skal hengjast. Da dei skal føre han til galgen, kjem dronninga, mor til Signe, fram og byr han eit drikkehorn så han kan drikke sitt eige gravøl; ho vil rett nyte den stunda da ho får hemn for sønene sine. Men Hagbart tar byrg imot hornet og seier: "Eg tek det med den handa som drap sønene dine. Uhemnd går eg ikkje herifrå, men du lever aldri den stunda som gjev deg att det du har mist eller løyser det pant du har hos Hel."

Då han stod på galgebakken, bad Hagbart dei hengje kåpa hans opp fyrst, og det gjorde dei. Snart logar buret til Signe opp; ho brenner seg sjølv inne. Da ber Hagbart dei skunde seg å feste han i galgen; no lengtar han berre etter å døy, sidan kjærasten hans har synt truskapen sin og gått føre og opna Hels portar for han.

Men det er ikkje enden på soga; frå havet kjem vikingen Hake, bror til Hagbart. I vill hemntorste fer han gjennom dei store skogane til Sigars borg, drep alle der og brenner borga.

Tristram og Isond

Handlinga går føre seg i Bretagne, Cornwall og Irland. Kong Markis vil gifte seg med kongsdottera Isond og sender riddaren Tristram ut for å fri for han. Etter ei farefull ferd, der han mellom anna må kjempe mot ein eldsprutande drage, klarer Tristram til slutt å få med seg Isond. Men på ferda heim kjem dei av vanvare til å drikke kjærleiksdrykken som var tiltenkt Isond og kong Markis, og dei blir bundne til einannan i evig, men tragisk kjærleik.

Mange einskilde drag er tekne frå denne soga: at hjartet spring på Årolilja når Bendik må late livet, at dei blir jorda på kvar si side av kyrkja, og at det veks opp tre frå gravene som krøkjer seg i hop over kyrkjetaket.

Kilde

Liestøl, K. & Moe, M. (1960). Utval av norske folkeviser til skulebruk. Oslo: Jacob Dybwads Forlag.

Relatert innhald

Bendik og Årolilja er ei riddarvise som har klare parallellar til den danske segna om Hagbart og Signe og til den gamle forteljinga om Tristan og Isolde.

Begrenset brukSkrive av Knut Liestøl og Moltke Moe.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Folkedikting