Kven er kjerringa mot straumen?
Før du startar med oppgåvene under – kva forbind du med ordet "kjerring"? Er det eit positivt eller negativt lada ord for deg? Beskriv personen du ser føre deg.
Del 1: Folkeeventyret
Gi ein karakteristikk av "kjerringa mot straumen" i folkeeventyret.
Kva for eigenskapar har ho? Er ho framstilt sympatisk eller usympatisk? Kven får du som lesar sympati med? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Dette folkeeventyret er henta frå Asbjørnsen og Moe si utgåve av norske folkeeventyr som blei utgitt i perioden 1841 - 1844.
Del 2: Camilla Collett på 1800-tallet
Korleis omtaler Camilla Collett "kjerringa mot straumen"?
Får du inntrykk av at ho meiner det same som kjem til uttrykk i folkeeventyret om kva det vil seie å vere "kjerringa mot straumen"? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
I denne teksten tek Camilla Collett utgangspunkt i eventyret frå folkediktinga, men gjer stoffet til sitt.
Del 3: Ulrikke Falch og F-ordet
Videoen under er første episode av ein serie der Ulrikke Falch ville undersøkje haldningane ungdommar har til likestilling. Sjå videoen og diskuter:
På kva måte kan Ulrikke Falch seiast å vere "kjerringa mot straumen"?
Kva for eigenskapar har ho til felles med kjerringa i eventyret og Colletts skildring av kjerringa?
Kjenner du andre "kjerringer mot straumen" i dagens samfunn? Kva kjenneteiknar dei?
Del 4: Kjerringa i kontekst
Samanlikn dei tre tekstane. På kva måte er skildringa av kjerringa påverka av tida og samfunnet teksten er skriven i?