Hopp til innhald

Fagstoff

Trollviser, dyreviser og skjemteviser

Trollviser, dyreviser og skjemteviser er undergrupper av folkevisene våre. Kanskje lærte du somme av dei då du var liten? Fleire av desse visene har vore og er framleis populære å syngje.
Nøkken illustrert av Theodor Kittelsen. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trollviser

Dei fleste av dei nordiske trollvisene handlar om menneske som vonde krefter får makt over. I visa "Villemann og Magnill" er det ein vond skjebne som gjer at nøkken får makt over Magnill. Men den kjærleiken Villemann kjenner for henne, gir han større makt enn dei vonde kreftene – han greier til og med å snu sjølve skjebnen og reddar henne frå nøkken sitt grep.

Villemann og Magnill

Villemann gjekk seg te storan å,
Hei fagraste lindelauvi alle
Der han ville gullharpa slå
For de runerne de lyster han å vinne

Villemann gjenge for straumen å stå,
Hei fagraste lindelauvi alle
Mesterleg kunne han gullharpa slå
For de runerne de lyster han å vinne

Han leika med lente, han leika med gny,
Hei fagraste lindelauvi alle
Og fugelen tagna på grønande kvist
For de runerne de lyster han å vinne

Han leika med lente, han leika med gny,
Hei fagraste lindelauvi alle
Han leika Magnhild av nykkens arm
For de runerne de lyster han å vinne

Men då steig trolli upp or djupaste sjø,
Hei fagraste lindelauvi alle
Det gjalla i berg og det runga i sky
For de runerne de lyster han å vinne

Då slo han si harpe til bonns i sin harm,
Hei fagraste lindelauvi alle
Og utvinner krafti av trollenes arm
For de runerne de lyster han å vinne

Mange trollviser handlar om unge jenter som blir "bergtekne" av trollet. Døme på slike viser er "Liti Kjersti" og "Margjit Hjukse". Bakgrunnen for desse visene kan vere forteljingar om jenter som blei valdtekne og drepne. Slikt har skjedd til alle tider, men i middelalderen blei desse historiene forklart ved at det var dei underjordiske som hadde teke jentene med seg inn i berget.

Trollviser i moderne drakt

Denne versjonen av "Villeman og Magnill", laga av det tyske metal-bandet In Extremo, er berre éi av mange innspelingar der folkevisene får ei "ny" innpakning. Søkjer du etter titlane på til dømes YouTube, finn du mange versjoner.

Humoristiske viser

Dyreviser og skjemteviser blir vanlegvis nemnde i same gruppe, fordi dei fleste dyreviser er skjemteviser. Desse visene, som er yngre enn dei andre, skil seg ut ved å vere humoristiske. Humoren kunne ofte vere ganske frisk. Døme på skjemteviser er "Visa om Mass og Lasse" og "Kjerringa med staven".

Kjerringa med staven - Tone Krohn

0:00
-0:00

Kjerringa med staven

Kjerringa med staven høgt oppi Hakadalen
Åtte potter rømme, fire merker smør
Såleis kinna Kari, Ola hadde før
Kjerringa med staven

Kjerringa med kjeppen hoppa over bekken
Og så datt ho uti, og så var ho blaut
Og så gikk ho heimatt, og så fikk ho graut
Kjerringa med kjeppen

Kjerringa me sleiva satt høgt oppi kleiva
Og så vart ho vare jutulad'n då
Jammen var det kara' før i verda og
Kjerringa med sleiva

Kjerringa med turua satt høgt oppi furua
Og så kom ein hare hoppande forbi
Han sa, sit du bare, tiritiriti
Kjerringa med turua

Kjerringa ho stridde, så kom ein fyr og fridde
Vil du vera kjerring, skal eg vera mann
Vil du koke kaffi, skal eg bera vann
Kjerringa ho stridde

"Den bakvendte visa" er ei dyrevise som også er ei skjemtevise. Ho finst i mange versjonar rundt om i landet. Nedanfor finn du utdrag frå ein moderne versjon.

Den bakvendte visa

Eg beisla min støvel, og sala mitt sverd
So batt eg merra ved sida
så reidde eg med til kattemordsferd
skulle standa den farlege strida

Ref:
Eg låg og eg datt
eg drøymde i natt
eg totte den visa var bakvendt ratt.

Tenk over og diskuter: Kva trur de er årsaka til at dei tradisjonelle folkevisene framleis er populære og blir spelte i moderne versjonar?

Relatert innhald

Om opphavet til mellomalderballadar og folkeviser, og om stil og form i tekstane.

Folkevisa Liti Kjersti er ei trollvise om ei ung jente som lèt seg lokke inn i berget.

CC BY-SASkrive av Dyre Aanund Vaa.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021

Læringsressursar

Folkedikting