Folkeviser - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Folkeviser

Folkeviser er ei nemning på episk-lyriske viser som har levd på folkemunne heilt sidan mellomalderen. Dei fleste norske folkevisene blei skrivne ned på 1800-talet. Det var i siste liten, for visene heldt på å bli gløymde. I dag plukkar nye artistar visene opp og gir dei ny innpakning.

Mellomalderballadar

Dei eldste folkevisene våre blir også kalla for mellomalderballadar. Ordet ballade kjem frå latin ballare, som betyr "å danse". Ein antek at balladane opphaveleg var danseviser og at dei blei brukte til rekkjedans eller ringdans, ein tradisjon som framleis er levande på Færøyene.

Ein importert sjanger

På 1200-talet fekk Kong Håkon Håkonsson omsett mykje europeisk litteratur til norrønt, deriblant også balladar. I Noreg var ikkje denne sjangeren kjend frå før, i Frankrike derimot hadde han allereie vore populær lenge, både ved kongehoffet og blant folk. Balladane kunne handle om stolte riddarar og vakre jomfruer, men også om historiske hendingar eller kristne legender. Etter kvart blei det også skapt balladar i Noreg som henta stoffet sitt frå folketru og segn. Men mange av dei norske folkevisene har altså kome til Noreg frå andre land, og vi kan derfor finne likskapstrekk mellom norske folkeviser og folkeviser over heile Europa, sjølv om personane som visa handlar om, gjerne har andre namn.

Kor gamle er dei norske mellomalderballadane?

Religionen som blir formidla i dei norske mellomalderballadane er katolisisme, og tekstane fortel om hendingar eller personar som skal ha levd på 1200-talet eller endå tidlegare. Visa om Falkvor Lomansson fortel til dømes om eit bruderov som vi veit skjedde i 1288. Alt dette tyder på at balladesjangeren var blitt ein del av den munnlege, folkelege tradisjonen i Noreg så tidleg som på 1200-talet.

Omgrepet folkevise

Då folkeminnesamlarane byrja å skrive ned norske folkeviser midt på 1800-talet, var det dei eldste visene dei interesserte seg for, og det var desse visene som blei omtala som folkeviser.

På 1960-talet blei det likevel vanleg å bruke folkeviseomgrepet også om andre typar viser, som skillingsviser, nidviser og arbeidssongar. I England og USA hadde ein lenge brukt omgrepet folk song på ein slik måte. Dermed måtte dei nordiske folkloristane finne eit nytt ord på denne eldste gruppa av folkeviser. Ein valde då å kalle dei mellomalderballadar. I Danmark bruker ein framleis omgrepet folkeviser også om dei eldste visene.

Synest du det hadde vore interessant å lære meir om folkeviser? Då kan du til dømes lese ein fordjupingstekst om folkevisene av professor Knut Liestøl.

Balladen fortel ei historie

Balladen er eit episk-lyrisk dikt. Det vil seie at teksten fortel ei historie, på same tid som han er forma som eit dikt. Denne forma gir ikkje all verdas plass til å utbrodere verken handling, personskildring eller miljøskildring. Derfor er karakterane i folkevisene typar, miljøskildring finst nesten ikkje, og berre dei aller viktigaste episodane i handlingsforløpet er tekne med. Til gjengjeld formidlar desse episodane sterke kjensler og stor dramatikk.

Rimet i balladen

Med balladane kom det også ein ny type rim til Norden: stavingsrimet. Dette rimet oppstår når ord sluttar likt, som for eksempel i ordparet hjartesarte. Når rimorda står i slutten av verselinja, snakkar vi dessutan om enderim.

Enderimet i folkevisene treng ikkje vere noko heilrim. Det er nok med assonans, det vil seie lik eller liknande vokalklang, som ti dømes i rimorda årsjå og reipsleit. Talet på stavingar per linje kan også variere noko, sangaren tilpassar heilt enkelt teksten til melodien.

Bokstavrimet som vi kjenner frå norrøn litteratur, blei framleis brukt, men no som eit klangfullt verkemiddel som kom i tillegg: Hoss kan graset på jordi gro. Frå no av var det enderimet som bandt linjene saman.

Strofeform og omkved

Balladestrofen har anten to eller fire linjer. Typisk for balladane er også at dei har eit omkved (refreng), det vil seie ei eller fleire verselinjer som blir gjentekne i alle strofene. Omkvedet kan komme til slutt i strofa og blir då kalla ettersleng eller endestev. Det kan også liggje mellom strofelinjene. Då blir det kalla mellomsleng eller innstev. I folkevisa Olav og Kari til dømes består kvar strofe av to linjer, og i tillegg har ho både mellomsleng og ettersleng.

Olav sat heime i åtte år,
– Trø meg inkje for nære! –
fyrr han ville si mo'eri sjå.
– På vollen dansar mi jomfru.

Omkvedet kan heilt enkelt invitere til dans, men det kan også skape ei grunnstemning, det kan minne om ei hending eller varsle om kva som skal skje. I visa Margjit Hjukse, som handlar om ei jente som blir teken av bergkongen og som sørgjer over at ho ikkje lenger kan vere blant menneska, heng omkvedet direkte saman med innhaldet:

Tidi fell meg long'e

det er eg som ber sorgji so trongje.

Spenningsskapande element

I balladane finn vi ofte såkalla parallellstrofer. Dette er strofer som blir gjentekne med berre små variasjonar. Føremålet med parallellstrofene er både å understreke noko og å auke spenninga. Når hovudpersonen Olav i visa Olav og Kari skal forklare kor godt han likar å vere gift med Kari, samanliknar han ekteskapet først med ein fest, og deretter med den største og viktigaste festen, nemleg jula.

Sosso likar eg gifta mi,

som eg drikk'e bå' mjø' og vin.

Sosso likar eg gifta god,

som kvòr den dagjen å drikke jol.

Eit anna vanleg trekk ved folkevisene er bruk av scenisk framstilling, det vil seie bruk av direkte tale og dialog. Gjennom scenisk framstilling blir dei avgjerande situasjonane i forteljinga løfta fram. I balladen om Bendik og Årolilja blir det til dømes brukt scenisk framstilling for å skildre det grenselause sinnet til kongen når han finn ut at Bendik i lengre tid har besøkt Årolilja, dottera hans, i jomfruburet, sjølv om han uttrykkjeleg har forbode dette.

Folkeviser i dag

Fleire artistar er med på å halde visearven levande. I videoklippet øvst i artikkelen fortel Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland om møtet sitt med folkemusikken, og dei syng ein bånsull. Også Kim Rysstad er ein viktig kulturberar. Du kan lese om forholdet hans til folkemusikk og høyre Adamsvisa i denne artikkelen frå FolkOrg.

Rysstad, Nordstoga og Bratland er tre av fleire norske artistar som både speler inn dei gamle folkevisene, men som også er tydeleg inspirerte av folkemusikk i eigne låtar.

Relatert innhald

Fagstoff
Legendeviser

Legendevisene (heilagvisene) handlar om helgenar og lidingane dei måtte halde ut, eller om religiøse visjonar.

Kjeldemateriale
Draumkvedet

Folkevisa Draumkvedet er ei legendevise som høyrer inn under visjonslitteraturen.

Skrive av Anne Ely Thorenfeldt og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021