Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om eventyr frå før?

Når du vert beden om å samanlikne eit folkeeventyr med eit moderne eventyr, kan det vere lurt å starte med å tenkje gjennom kva du kan om folkedikting og eventyr frå før. Del gjerne tankane dine med ein medelev.
Lysning i skogen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er favoritteventyret ditt?
  2. Kva gjer at dette er eit eventyr og ikkje ei novelle?
  3. Mange historier, blant anna filmar, handlar om gudar, halvgudar eller menneske med overnaturlege evner. Vil du kalle desse historiene for eventyr ?
  4. Kva for overnaturlege vesen kan du namnet på?
  5. Kva for nokre av desse trur du har røter i folketrua?
  6. Kvifor trur du at moderne forfattarar og filmskaparar lagar historier som liknar på eventyr?
  7. Kva er ofte premien eller målet helten jobbar mot i eit eventyr?
  8. Kva for eigenskapar har heltar og skurkar i folkeeventyra?
  9. Kva fortel folkeeventyra om det som er typisk norsk?
  10. Kva for eigenskapar har heltane i eventyrforteljingar i vår tid, og kva er det dei kjempar for?
CC BY-SASkrive av Katja Blixrud Frost .
Sist fagleg oppdatert 25.08.2017

Læringsressursar

Folkedikting