Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ut med Joikakaker, inn med VILTi

Kvifor blei namnet Joikakaker endra til VILTi? For å forstå kvifor må du ta ein nærare titt på diskursen om samiske forhold i Noreg.
Til venstre står ein hermetikkboks med namnet "Joika" og  "Joikakaker i viltsaus" saman med bilete av kjøttboller og ein stereotypisk illustrasjon av ein samegut. Til høgre står pappembalasje med teksten "Joka heter nå VILTi". Her står biletet av kjøttboller saman med stiliserte samiske kulturelement. Fotokollasj.

Fleire viktige debattar i dagens samfunn er knytte til likeverd og menneskerettar. Ikkje minst har framstillinga av urbefolkningar fått meir merksemd dei siste åra. Auka bevisstheit gjer oss merksame på korleis språk- og symbolbruk kan spegle haldningar.

Når Joikakaker som merkenamn no har forsvunne ut av butikkhyllene og blitt erstatta med namnet VILTi, er det fordi diskursen om samar og andre urfolk har endra seg. I denne oppgåva skal du gå inn i tekstar om temaet og analysere forholdet mellom tekst og kontekst i ein diskursanalyse.

Jobb i grupper

Det kan vere lurt å jobbe saman i grupper i denne oppgåva, slik at de får lese fleire tekstar og diskutert desse saman.

Del 1: Kva veit du om samar?

Kva veit du om samar frå før? Skriv ned alt du kjem på. Her er nokre stikkord som kan hjelpe deg:

  • urbefolkning

  • fornorskingspolitikk

  • samisk språk og kultur

  • kulturell appropriasjon

Del 2: Finn aktuelle tekstar

For å forstå kvifor Joikakaker har forsvunne frå butikkhyllene, må vi ha kunnskap om punkta i del 1. Først då kan vi forstå kva haldningar og verdiar som pregar debatten. Du kan både gjere eigne nettsøk og bruke forslaga våre her:

Fordel tekstane mellom dykk i gruppa og les og noter ned stikkord: Kva status har samar hatt i Noreg før? Kva status har dei i dag?

Diskursen om Joikakaker

Les tekstar som knyter seg til saka. Hugs at også namnet og designet på sjølve Joikakake-boksen er ein del av diskursen. Du kan både velje tekstane under og finne andre tekstar:

Tre innlegg i eit kommentarfelt under saka om Joikakakene på bloggen Resett. Skjermdump.
Teksten i skjermdumpen frå Resett

Person 1: Dette blir bare dummere og dummere

Person 2: Ingenting, men dem sier jo i klare ordelag at dette egentlig handler om den globale revolusjonen for å "utslette hvithet".

Person 3: Sametinget og de overbetalte i Samerådet (som skal ha like stor inntekst som de som styrer hele Norge), har en ekstra grunn, som de "vanlige kommunistene" ikke har. Som du ser, kaller de seg urfolk. Selv om nordmennene allerede bodde her da samene trengte seg inn på Nord-Kalotten.

Et utmagret reinsdyr på nedbeitede overfylte gjeteområder hadde vært noe å ha på pakken.

Del 3: Les og analyser tekstane

Det er viktig å hugse at diskursanalysen har som formål å gjere greie for dei ideologiane, normene og kulturelle føringane som ligg til grunn for tekstar. Du skal altså ikkje utføre ein full retorisk analyse av tekstane du skal studere.

Steg 1. Analyser

Fyll ut eit skjema for kvar av tekstane de tek for dykk i diskursanalysen. De kan jobbe saman eller kvar for dykk på dette steget:

Steg 2. Samanfatt og diskuter

Del og les gjennom notata frå gjennomgangen av tekstane i del 1 i gruppa. Diskuter så følgjande spørsmål:

  1. Kva pregar diskursen om samiske forhold i Noreg i dag?

  2. Kva verdiar og haldningar kjem fram i tekstane de har sett på?

  3. Kva er mønsteret i diskursen? Kven legg føringar for kva haldningar det er til samar i dag? Korleis påverkar det kva vi kan seie og korleis vi snakkar om samar i dag?

  4. Kva er årsaka til at diskursen om samiske forhold er ulik frå den som fanst for til dømes hundre år sidan?

  5. Fant de tekstar som braut mønsteret og kom i konflikt med rådande verdiar og normer? Viss ja – på kva måte? Viss nei – kvifor trur de at tekstar som bryt med rådande diskurs ikkje er så lette å finne?

Steg 3. Vurder

Diskuter i grupper eller i samla klasse:

  1. Kvifor kan det vere viktig å studere diskursen knytt til eit tema?

  2. Kva lærte de av å utføre denne diskursanalysen?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar