Hopp til innhald

Fagstoff

Statiske og dynamiske tekstar

Korleis opplever du ein plakat samanlikna med ein film? Plakaten står stille og er statisk, medan filmen er ein dynamisk tekst som endrar seg over tid. Denne forskjellen gjer at vi bør leggje vekt på ulike verkemiddel når vi skal analysere ein statisk og ein dynamisk tekst.
Ein teikneserie viser korleis halve søkjarlista blir forkasta utan at saksbehandlaren ser på henne. Han grunngir det med at desse søkjarane hadde uflaks, og at firmaet ikkje kan tilsetje uheldige menneske. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Statisk samansett tekst

Reklameplakat for Amnesty med tittelen "Banket av Tommy". Foto.

Kva er felles for ei teikneseriestripe, ein reklameplakat, ei avisside og eit bokomslag? Dei er som regel sette saman av stillbilete og verbaltekst. Då kan vi som mottakarar sjølv avgjere kor mykje tid vi vil bruke på teksten. Fargebruk og plasseringa av dei ulike elementa leier blikket vårt.

I den vestlege kulturen blir merksemda vår påverka av at vi er lærte opp til å starte øvst og lese frå venstre mot høgre. Dette tek vi ubevisst med oss, òg når vi vurderer eit bilete eller ein plakat som er sett saman av fleire element.

Når du skal analysere ein statisk samansett tekst, bør du sjå nærare på visuelle og språklege verkemiddel og korleis dei fungerer saman.

Dynamisk samansett tekst

Ein Tik Tok-video, ein film, eit TV-program, ein konsert eller eit teaterstykke er døme på dynamiske tekstar. Ein dynamisk tekst endrar seg over tid. Her er det regissøren som avgjer kor lenge mottakaren får oppleve kvar scene.

Dynamiske tekstar er oftast samansette av fleire uttrykksformer, og mottakarane bruker gjerne fleire sansar samtidig. Samspelet mellom til dømes levande bilete, tale, musikk og annan lyd skaper meining. I ein analyse bør du sjå nærare på kva dei ulike uttrykksformene formidlar kvar for seg og vurdere korleis samspelet mellom dei fungerer.

Dramaturgi

I film og teater er dramaturgi eit viktig omgrep. Det betyr korleis handlinga blir bygd opp. Regissøren gjer nokre val som påverkar korleis mottakarane opplever teksten. Grepa som blir gjorde for å drive forteljinga framover, blir kalla dramaturgiske verkemiddel. Det kan vere korleis karakterane blir framstilte, korleis ein konflikt blir trappa opp og rekkjefølgja hendingane blir presenterte i.

Interaktivitet

Somme tekstar gir oss moglegheit til å velje og påverke gjennom dialog med datamaskinen. Denne kommunikasjonen mellom datamaskinen og brukaren kallar vi for interaktivitet. I eit dataspel får du til dømes fleire val som vil føre deg inn på ulike vegar.

Ei anna form for interaktivitet får du når du les ei nettside der du kan klikke på peikarar som fører deg ein annan stad i teksten eller vidare til andre nettsider. Dette gjer at du kan bevege deg i teksten på andre måtar enn når du les ein tekst som er trykt på papir. Vi kallar dette hypertekst.

Gut med øyretelefonar og briller speler framfor PC-skjermar. Foto.

Relatert innhald

Korleis endrar verkemidla seg etter kva uttrykksformer som blir brukte? Samanlikn ein annonse og ein reklamefilm frå Forsvaret.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar