Oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar

I denne ressursen vil du finne fire oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar. Du kan velje mellom ein etosfylt brosjyre frå Leger Uten Grenser, ei personskildring av Harry Potters stebror, ein musikkvideo full av referansar til Munch og ein kampanje frå Norwegian som adresserer flyskam.

Oppgåve 1

Vedlegg:

Analyser teksten og vurder samspelet mellom dei ulike uttrykksformene i den vedlagde teksten. Bruk omgrep frå retorikken.

Oppgåve 2

Vedlegg:

Vurder samspelet mellom verbalteksten og biletet på s. 17–18 i utdraget. Kommenter deretter korleis skildringa av Dudleifs utsjånad er tilpassa målgruppa til boka.

Oppgåve 3

Vedlegg:

Tolk den samansette teksten og vurder kva funksjon dei visuelle og verbale referansane til Munchs verk har.

Oppgåve 4

Vedlegg:

Analyser teksten og vurder samspelet mellom verbaltekst og bilete (ikkje video) i den vedlagde teksten. Bruk omgrep frå retorikken.

Relatert innhald

Fagstoff
Analyse av samansette tekstar

Dette analyseskjemaet hjelper deg med å analysere korleis tekstar er komponerte og sette saman av ulike element.

Skrive av Åsa Abusland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022