Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse av gatekunst

Korleis kan du analysere gatekunst? I veggmåleriet Green City dominerer biletet, men verket inneheld òg skriftleg tekst. Her har vi laga ein mal og ein modelltekst for å vise korleis du kan jobbe med analyse av ein slik samansett tekst.

Analyse

Under finn du ein mal som kan hjelpe deg med å analysere ein tekst der biletet dominerer. Ikkje alle punkta er relevante for alle tekstar, så du må velje ut dei som passar til teksten du skal jobbe med.

Studer teksten du skal analysere, nøye. Start med heilskapen før du går inn på detaljane. Beskriv kva slags eigenskapar dei ulike elementa har, og kva slags funksjon dei får i denne konkrete teksten.

Hugs å vise til døme frå teksten når du analyserer og kommenterer han. Modellteksten med analyse av Green City er eit døme på korleis dette kan gjerast, ikkje ein fasit.

Innleiing: Kva veit du om den samansette teksten?

Presenter verket:

  • Har verket ein tittel?

  • Veit vi namnet/pseudonym på kunstnaren og når det er laga?

  • Kvar er verket plassert, og kva slags teknikk er brukt?

  • Kva er føremålet med teksten?

  • Kjenner vi konteksten?

  • Kven er målgruppa?

Presentasjon av teksten

Midt i København finn vi Green City på murveggen til ein bygard. Veggmåleriet er fritt tilgjengeleg for alle som går forbi. Verket er eit samarbeid mellom fem kunstnarar: Fredrik Hesseldahl, Peter Skensved, Michal Wisniewski, Rolf Mogensen og Philip Johansen. Bortsett frå nokre reine fargeflater ser det ut til å vere måla på frihand.

Gatekunst blir gjerne brukt til å gi kommentarar til samfunnet. Dette gjeld òg Green City som blei laga i 2009, same år som FNs klimakonferanse skulle arrangerast i København. Vi skal sjå nærare på korleis denne samansette teksten formidlar eit miljømedvite og samfunnskritisk innhald.

Muralen "Green City". Utandørs veggmåleri i København. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovuddel: Kva ser du?

Motivet

Beskriv kort motivet og eventuelt kva situasjon eller handling du ser i biletet.

Skildring av motivet

Motivet er eit bymiljø. I bakgrunnen speglar bygningar, bilar og tre seg i eit vatn. På den eine husveggen står det skrive: "Peace gør dig dum". Himmelen er dekt av flater, stort sett i grøntonar. I eit felt skimtar vi logoen for resirkulering. Ei av linjene som deler inn fargeflatene, blir òg brukt som klessnor. Her heng det fem plagg. I mellomgrunnen svømmer ein svanefamilie blant bokstavliknande fragment. Til høgre står ein vindturbin. I forgrunnen ser vi ei solsikke med ei bie inni. Ved sida av ho står eit lite skilt med tal og bokstavar. Til venstre forsvinn ein bilveg innover i biletet. Enkelte delar av motivet blir dekte av eit mørkt støv.

Komposisjon

Beskriv dei mest sentrale komposisjonsprinsippa i biletet,
til dømes plassering av motiv og personar, blikkfang, biletutsnitt, e//diagonale linjer, retning, perspektiv, fargar, gjentaking, kontrastar og formuttrykk.

Skildring av komposisjonen

Veggmåleriet er bygd opp av ulike linjer. Linjene leier blikket vårt rundt i biletet og er med på å skape ei stemning. Bygningsrekkja og vassflata dannar horisontale linjer. Dette gir ei kjensle av harmoni. Roa i biletet blir broten av dei diagonale linjene i vindturbinen og i inndelinga av fargeflater. Saman med dei bogne linjene skaper dette inntrykk av rørsle. Rørsla blir forsterka av at solsikka, greiner og kleda på klessnora flagrar i vinden. Kontrasten mellom vassrette linjer og linjer som går på skrått og i boge, skaper ei spenning mellom ro og rørsle.

Kontrastar

Beskriv kontrastar i formuttrykk og fargebruk.

Kontrastar i formuttrykk og fargebruk

Bruk av reine fargeflater blir ein kontrast til den meir naturtru attgivinga av eit bymiljø. Bygningane som speglar seg i den blanke vassflata, gir delar av biletet ei romantisk stemning. Vindturbinen og elementa under han bryt idyllen i biletet. Det blir òg ei motsetning mellom dei mjuke formene i naturen og dei konstruerte formene i bygningane, i vindturbinen og i brotstykka som ligg under han. Men sjølv om det er ein kontrast i formuttrykket, skaper gjentakinga av fargar ein heilskap i biletet.

Biletet blir dominert av grøn- og blåtonar, der ulike nyansar skaper ein kontrast mellom lyse og mørke fargar. Den største lys-mørk-kontrasten finn vi mellom dei kvite svanene og det svarte støvet. I tillegg styrer motsetninga mellom kalde og varme fargar merksemda vår. Blåtonane i vatnet framhevar dei varme fargane i solsikka. Blomsteren, dekoren på nokre av kleda og eit raudt og gult fargefelt blir blikkfang i biletet.

Kva betyr det du ser?

  • Kva var førsteinntrykket ditt av verket?

  • Kva stemning eller kjensle fekk du?

  • Korleis er dei komposisjonsprinsippa du har beskrive ovanfor, med på å skape eit innhald, framheve og understreke?

  • Korleis oppfattar du forholdet mellom personane i biletet?

  • Kva slags assosiasjonar får du?

  • Kva slags konnotasjonar får du?

  • Finn du bruk av symbol?

Tolking

Kontrasten mellom natur og kultur er tydeleg i dette veggmåleriet. Verket skaper inntrykk av ein idyll som blir broten. Det finst ingen menneske i biletet, men vi ser tydelege spor etter dei. Bilvegen og vindturbinen er døme på dette. Langs vegen ser vi svevestøv i lufta etter bilane. Vindkraftverk gir fornybar energi, men måleriet får fram at installering av vindturbinar gir store naturinngrep.

Fundamentet rundt vindturbinen verkar kaotisk, fordi brotstykke ligg hulter til bulter og breier seg utover. Inngrepa i naturen kan opplevast trugande. Samtidig kan tilskodaren bli nysgjerrig på kva dei oppstykka bitane er. Dei liknar på graffiti-bokstavar, men vi klarer ikkje å kjenne igjen ord. Kan dette symbolisere ein bodskap som ikkje kjem fram? Brotstykka minner òg om søppel og blir noko som øydelegg landskapet, men dei er kamuflerte i dei same fargane som i naturen rundt. Søppelet splittar opp ein trestamme og skaper ein barriere mellom svanene uti vatnet. Svaneungane kan gi assosiasjonar til noko sårbart. Tilsvarande minne kleda på snora om barneklede og kan få oss til å tenkje på framtidige generasjonar, og kva ansvar vi har overfor dei.

Kollasj frå muralen "Green City" som viser delane med ei svane, ei solsikke og symbolet for resirkulering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fleire døme på symbolbruk og assosiasjonar og konnotasjonar teksten kan gi

Solsikka symboliserer tradisjonelt sola (Stefánsson, 2012). I moderne tid blir denne blomsteren òg brukt som symbol på grøn ideologi og grøne parti. Skiltet ved sida av blomsteren kan sjå ut som ei form for klassifisering. Dette kan gi assosiasjonar til ein botanisk art som er sjeldan og må takast vare på. Harmonien mellom insektet og blomsteren viser to artar som har nytte av og er gjensidig avhengige av kvarandre. Det mørke støvet som dekkjer delar av biletet, forsterkar kjensla av at naturen er truga.

Omsett til norsk heiter verket "Grøn by". Bokstaveleg talt er bymiljøet måla i grønt, men i overført betydning står grøn by for miljømedvit og berekraftig utvikling. Trusselen naturen er utsett for, får tittelen til å verke ironisk. Sjølv om byen verkar grøn, er motivet ein by der forholdet mellom menneske og naturen er i ubalanse.

Vi finn nokre element som blir knytte til miljøsertifisering, men som blir brukte i ein ny samanheng i biletet. Piler som bevegar seg i ein trekant, kjenner vi igjen frå logoen til resirkulering. Men her blir trekanten broten. Pilene er på veg ut av eit dei grøne fargefelta, og samanhengen mellom dei forsvinn. Dette kan symbolisere at forbrukarane ikkje klarer å gjennomføre ein sirkulær økonomi.

Svana representerer òg miljømedvit. Svanemerket er Nordens offisielle miljømerke og skal gi forbrukarar truverdig miljøinformasjon om produkt og tenester. Men tradisjonelt har svana vore eit symbol på noko reint og vakkert eller eit symbol på død. Svaner kan òg stå for stoltheit og stordom (Stefánsson, 2012). Her er dei eit offer for den negative verknaden forureining har på naturen.

Intertekstualitet

  • Refererer teksten til andre kjende tekstar? Beskriv bruken av intertekstualitet og kva slags funksjon dette får.

Intertekstualitet

I H.C. Andersens eventyr "Den stygge andungen", frå 1844, blir den grå "andungen" forvandla til "den hviteste af alle svaner i slottets vollgrav" (Stefánsson, 2012). Dette blir ein kontrast til veggmåleriet der dei stolte fuglane svømmer mellom søppel og svevestøv.

Kollasj frå muralen "Green City" som viser bilete av teksten "peace gør dig dum". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samspelet mellom elementa

Vurder korleis samspelet mellom elementa bidreg til å skape meining i teksten:

  • Dominerer eitt eller fleire element?

  • Korleis bidreg måten dei ulike elementa er sette saman på, til å skape innhald og formidle bodskapen i teksten?

  • Forsterkar eller utfyller elementa kvarandre, eller motseier dei kvarandre?

Samspel mellom verbal tekst og bilete

Green City kommuniserer først og fremst visuelt, men verbalteksten på den eine husveggen utvidar forståinga vår av biletet. "Peace gør dig dum" er ein direkte førespurnad til betraktaren og ein påstand som kan verke provoserande. Ingen liker å bli kalla dum. Når fred blir peika på som årsaka til dumskapen, kan det få tilskodaren til å stille spørsmål til denne samanhengen. Godtek vi for mykje utan å vere villige til å ta opp kampen? Gjer ønsket om å verne freden oss passive? I veggmåleriet skaper spora etter menneske ubalanse i naturen. Er vi villige til å ta konsekvensane av dette?

Vurder og kommenter heilskapen

Til slutt samanfattar du og reflekterer rundt teksten samla sett igjen. Vurder samanhengen mellom form (teknikk og komposisjon) og innhald (tematikk og føremål):

  • Korleis vil samanfatte tematikken i teksten etter å ha sett nærare på detaljane?

  • Kan du plassere temaet og teksten i ein kontekst?

  • Korleis vurderer du denne teksten?

    • Korleis opplever du han?

    • Oppnår han føremålet sitt?

    • Når bodskapen fram til mottakarane og målgruppa på ein god måte?

Oppsummering av analysen

Veggmåleriet formidlar ei motsetning mellom natur og menneskeskapte endringar. Gatekunstnarane oppmodar betraktaren til å ta stilling og ønskte å formidle eit politisk innhald i forkant av FNs klimakonferanse i desember 2009. Målet for konferansen var å lage ein ny bindande internasjonal avtale for å kjempe mot global oppvarming. I ettertid veit vi at i staden for ein ny internasjonal klimaavtale førte to veker med møteverksemd til ei tynn politisk erklæring, og forhandlingane blei utsette.

Sjølv om denne samansette teksten blei skapt i 2009, er bodskapen framleis like aktuell. Det er noko urovekkjande i at biletet er folketomt. Miljøsaka krev handling, men kvar er menneska?

Kjeldebruk

Oppgi kjeldene dine, både i teksten din og i ei kjeldeliste til slutt.

Kjelder brukt i analysen

Døme frå teksten:
Solsikka symboliserer tradisjonelt sola (Stefánsson, 2012).

Kjelder

Stefánsson, F. (2012). Solsikke. Symbolleksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://symbolleksikon.lex.dk/solsikke

Stefánsson, F. (2012). Svane. Symbolleksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://symbolleksikon.lex.dk/svane

Vil du gå meir i djupna på visuell kommunikasjon?

Elevar som har kunst, design og arkitektur som studieprogram, eller som har lyst å jobbe meir med visuelle verkemiddel, kan sjå korleis vi kan bruke fleire fagord i skildringa av verket. I PDF-fila under har vi lagt til slike skildringar med feit skrift i modellteksten.

Filer

Relatert innhald

Analyse av veggmåleriet Green City er eit døme på korleis du kan analysere gatekunst. Sjå nærare på korleis modellteksten er bygd opp.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar