Hopp til innhald

Fagstoff

Modelltekst: Analyse av gatekunst

Korleis kan du analysere ein samansett tekst der biletet dominerer? Vi har laga ein analyse av veggmåleriet Green City for å inspirere og vise eit døme på ein slik tekst. Etterpå skal du sjå nærare på korleis modellteksten er bygd opp, og kva styrkar han har.

Del 1: Ein analyse av Green City – modelltekst

Vi har delt modellteksten inn i delemne for å gi deg ei oversikt over innhaldet. Vanlegvis blir ein analyse skriven som ein samanhengande tekst, utan deloverskrifter.

Innleiing: presentasjon av verket

Midt i København finn vi Green City på murveggen til ein bygard. Veggmåleriet er fritt tilgjengeleg for alle som går forbi. Verket er eit samarbeid mellom fem kunstnarar: Fredrik Hesseldahl, Peter Skensved, Michal Wisniewski, Rolf Mogensen og Philip Johansen. Bortsett frå nokre reine fargeflater ser det ut til å vere måla på frihand.

Gatekunst blir gjerne brukt for å gi kommentarar til samfunnet. Dette gjeld òg Green City som blei laga i 2009, same år som FNs klimakonferanse skulle arrangerast i København. Vi skal sjå nærare på korleis denne samansette teksten formidlar eit miljømedvite og samfunnskritisk innhald.

Hovuddel: Kva ser du? (skildring/ denotasjon)

Motivet er eit bymiljø. I bakgrunnen speglar bygningar, bilar og tre seg i eit vatn. På den eine husveggen står det skrive: “Peace gør dig dum”. Himmelen er dekt av flater i stort sett grøntonar. I eit felt skimtar vi logoen for resirkulering. Ei av linjene som deler inn fargeflatene, blir òg brukt som klessnor. Her heng det fem plagg. I mellomgrunnen svømmer ein svanefamile blant bokstavliknande fragment. Til høgre står ein vindturbin. I forgrunnen ser vi ei solsikke med ei bie inni. Ved sida av ho står eit lite skilt med tal og bokstavar. Til venstre forsvinn ein bilveg innover i biletet. Enkelte delar av motivet blir dekte av eit mørkt støv.

Komposisjon

Veggmåleriet er bygd opp av ulike linjer. Linjene leier blikket vårt rundt i biletet og er med på å skape ei stemning. Bygningsrekkja og vassflata dannar horisontale linjer. Dette gir ei kjensle av harmoni. Roa i biletet blir broten av dei diagonale linjene i vindturbinen og i inndelinga av fargeflater. Saman med dei bua linjene skaper dette inntrykk av rørsle. Rørsla blir forsterka av at solsikka, greiner og kleda på klessnora flagrar i vinden. Kontrasten mellom vassrette linjer og linjer som går på skrått og i boge, skaper ei spenning mellom ro og rørsle.

Kontrast i formuttrykk

Bruk av reine fargeflater blir ein kontrast til den meir naturtru attgjevinga av eit bymiljø. Bygningane som speglar seg i den blanke vassflata, gir delar av biletet ei romantisk stemning. Vindturbinen og elementa under han bryt idyllen i biletet. Det blir òg ei motsetning mellom dei mjuke formene i naturen og dei konstruerte formene i bygningane, i vindturbinen og i brotstykka som ligg under han. Men sjølv om det er ein kontrast i formuttrykket, skaper gjentakinga av fargar ein heilskap i biletet.

Fargekontrastar

Biletet blir dominert av grøn- og blåtonar, der ulike nyansar skaper ein kontrast mellom lyse og mørke fargar. Den største lys-mørk-kontrasten finn vi mellom dei kvite svanene og det svarte støvet. I tillegg styrer motsetninga mellom kalde og varme fargar merksemda vår. Blåtonane i vatnet framhevar dei varme fargane i solsikka. Blomsteren, dekoren på nokre av kleda og eit raudt og gult fargefelt blir blikkfang i biletet.

Kva betyr det du ser? (tolking/konnotasjon)

Kontrasten mellom natur og kultur er tydeleg i dette veggmåleriet. Verket skaper inntrykk av ein idyll som blir broten. Det finst ingen menneske i biletet, men vi ser tydelege spor etter dei. Bilvegen og vindturbinen er døme på dette. Langs vegen ser vi svevestøv i lufta etter bilane. Vindkraftverk gir fornybar energi, men måleriet får fram at installering av vindturbinar gir store naturinngrep.

Fundamentet rundt vindturbinen verkar kaotisk fordi brotstykke ligg hulter til bulter og breier seg utover. Inngrepa i naturen kan opplevast trugande. Samtidig kan tilskodaren bli nysgjerrig på kva dei oppstykka bitane er. Dei liknar på graffiti-bokstavar, men vi klarer ikkje å kjenne igjen ord. Kan dette symbolisere ein bodskap som ikkje kjem fram? Brotstykka minner òg om søppel og blir noko som øydelegg landskapet, men dei er kamuflerte i dei same fargane som i naturen rundt. Søppelet splittar opp ein trestamme og skaper ein barriere mellom svanene uti vatnet. Svaneungane kan gi assosiasjonar til noko sårbart. Tilsvarande minner kleda på snora om barneklede og kan få oss til å tenkje på framtidige generasjonar, og kva ansvar vi har overfor dei.

Symbolbruk

Solsikka symboliserer tradisjonelt sola (Stefánsson, 2012). I moderne tid blir denne blomsteren òg brukt som symbol på grøn ideologi og grøne parti. Skiltet ved sida av blomsteren kan sjå ut som ei form for klassifisering. Dette kan gi assosiasjonar til ein botanisk art som er sjeldan og må takast vare på. Harmonien mellom insektet og blomsteren viser to artar som har nytte av og er gjensidig avhengig av kvarandre. Det mørke støvet som dekkjer delar av biletet, forsterkar kjensla av at naturen er truga.

Omsett til norsk heiter verket Grøn by. Bokstaveleg talt er bymiljøet måla i grønt, men i overført tyding står grøn by for miljømedvit og berekraftig utvikling. Trugselen naturen er utsett for, får tittelen til å verke ironisk. Sjølv om byen verkar grøn, er motivet ein by der forholdet mellom menneske og naturen er i ubalanse.

Vi finn nokre element som blir knytte til miljøsertifisering, men som blir brukte i ein ny samanheng i biletet. Piler som bevegar seg i ein trekant, kjenner vi igjen frå logoen til resirkulering. Men her blir trekanten broten. Pilene er på veg ut av dei grøne fargefelta, og samanhengen mellom dei forsvinn. Dette kan symbolisere at forbrukarane ikkje klarer å gjennomføre ein sirkulær økonomi.

Svanen representerer òg miljømedvit. Svanemerket er Nordens offisielle miljømerke og skal gi forbrukarar truverdig miljøinformasjon om produkt og tenester. Men tradisjonelt har svana vore eit symbol på noko reint og vakkert, eller eit symbol på død. Svaner kan òg stå for stoltheit og stordom (Stefánsson, 2012). Her er dei eit offer for den negative verknaden forureininga har på naturen.

Intertekstualitet

I H. C. Andersens eventyr "Den stygge andungen" (1844) blir den grå "andungen" forvandla til "den hviteste af alle svaner i slottets vollgrav"(Stefánsson, 2012). Dette blir ein kontrast til veggmåleriet der dei stolte fuglane svømmer mellom søppel og svevestøv.

Samspel mellom verbaltekst og bilete

Green City kommuniserer først og fremst visuelt, men verbalteksten på den eine husveggen utvidar forståinga vår av biletet. "Peace gør dig dum" er ein direkte førespurnad til betraktaren og ein påstand som kan verke provoserande. Ingen liker å bli kalla dum. Når fred blir peika på som årsaka til dumskapen, kan det få tilskodaren til å stille spørsmål til denne samanhengen. Godtek vi for mykje utan å vere villige til å ta opp kampen? Gjer ønsket om å verne freden oss passive? I veggmåleriet skaper spora etter menneske ubalanse i naturen. Er vi villige til å ta konsekvensane av dette?

Oppsummering formål og bodskap

Veggmåleriet formidlar ei motsetning mellom natur og menneskeskapte endringar. Gatekunstnarane oppmodar betraktaren til å ta stilling, og dei ville formidle eit politisk innhald i forkant av FNs klimakonferanse i desember 2009. Målet for konferansen var å lage ein ny bindande internasjonal avtale for å kjempe mot global oppvarming. I ettertid veit vi at i staden for ein ny internasjonal klimaavtale, førte to veker med møteverksemd til ei tynn politisk erklæring, og forhandlingane blei utsette.

Sjølv om denne samansette teksten blei skapt i 2009, er bodskapen framleis like aktuelt. Det er noko urovekkjande i at biletet er folketomt. Miljøsaka krev handling, men kvar er menneska?

Kjelder

Stefánsson, F. (2012, 9. juli). Solsikke. Symbolleksikon. https://symbolleksikon.lex.dk/solsikke

Stefánsson, F. (2012. 9. juli). Svane. Symbolleksikon. https://symbolleksikon.lex.dk/svane

Del 2: Vurder kvaliteten i analysen

Ein modelltekst kan hjelpe deg når du skal skrive eigne tekstar. Men for å verkeleg forstå korleis du skal gå fram, er det lurt å "dekonstruere" modellteksten. Det vil seie at du bør gå nøye gjennom han, og sjå på kva kvalitetar han har.

Relatert innhald

Korleis kan du analysere gatekunst? Her finn du ein mal og ein modelltekst for å vise korleis du kan jobbe med ein samansett tekst der biletet dominerer.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar