Hopp til innhald

Fagstoff

Bakgrunnen for første verdskrigen

Første verdskrigen var ein verdsomspennande krig som varte frå 1914 til 1918. Kva var dei underliggande årsakene til krigen, og kva var den utløysande årsaka?

Underliggande årsaker

Når vi skal forklare årsakene til viktige hendingar som krig, bruker vi å skilje mellom underliggande og utløysande årsaker. Underliggande årsaker er årsaker til ei hending som går bakover i tid. For å forstå kvifor første verdskrigen braut ut 1914, og kvifor krigen varte så lenge, må vi sjå på fleire ulike årsaksforklaringar.

Nasjonalisme og Tysklands samling

Wienkongressen i 1815 introduserte prinsippet om ein europeisk maktbalanse som skulle forhindre at ei stormakt vart for sterk. Maktbalanseprinsippet fungerte store delar av 1800-talet, men vart utfordra av den framveksande nasjonalismen. I 1860-åra vart Italia samla til ein nasjonalstat, og i 1871 vart òg samlinga av Tyskland fullført. Samlinga av Tyskland var spesielt viktig.

I den tyske samlingsprosessen vart Frankrike overvunne og audmjuka i den fransk-tyske krigen (1870-1871) der Frankrike måtte avstå grenseområda Alsace og Lorraine. Etter krigen vart keisardømmet Tyskland oppretta og stod snart fram som Europas nye økonomiske, politiske og militære stormakt. Tysklands nye rolle midt i Europa skremde dei andre stormaktene. Gradvis ser vi no ei endring der det gamle maktbalanseprinsippet i Europa vart erstatta av to maktblokker som stod mot kvarandre.

Revansjelyst og stormaktsrivalisering

I tiåra før krigsutbrotet i 1914 var det ei aukande stormaktsrivalisering i Europa. Frankrike hadde ikkje gløymt krigsnederlaget i 1871 og ønskte å ta tilbake områda dei hadde måtta avstå til Tyskland. I aust var russarane opptekne av ideen om å samle alle dei slaviske folka under si leiing. Denne panslavismen kunne likevel ikkje gjennomførast så lenge Austerrike-Ungarn kontrollerte store slaviske område.

Portrett av keisar Vilhelm 2. Foto.

Tyskland, under leiing av keisar Vilhelm 2., meinte det var sjølvsagt at landet skulle vere ei europeisk stormakt. Tyskland kom seint med i kolonikappløpet i Afrika, men ønskte òg å kontrollere Sentral- og Aust-Europa. Ein krig mot Russland ville sikre ein slik tysk maktposisjon. Denne generasjonen tyskarar var oppdregne til å vere stolte av nasjonen sin og skulle sørge for at Tyskland fekk sin rettmessige plass i det store verdsbiletet.

Tysklands framståande rolle i Europa, kombinert med ulike ambisjonar hos stormaktene, førte til ei intens stormaktsrivalisering fram mot 1914.

Våpenkappløp

Stormaktsrivalisering kombinert med masseproduksjonen i industrialiseringa førte til våpenkappløp i tiåra før krigsutbrotet. Frykta for Tyskland førte til ein anstrengd atmosfære i Europa. Alle stormaktene rusta opp militært, men Tyskland var spesielt ivrig og fekk ein stor og moderne hær som var overlegen dei andre stormaktene.

Keisar Vilhelm 2. av Tyskland hadde store ambisjonar og ønskte å utfordre Storbritannia som verdsmakt ved ei storstilt oppbygging av militæret. Særleg vekt vart lagd på marinen. Den britiske flåten var verdas mektigaste, noko som var ein føresetnad for dominansen deira på verdshava og i koloniane. Den tyske opprustinga førte til eit flåtekappløp. Dei siste åra før krigsutbrotet steig utgiftene til våpenproduksjon med femti prosent for dei europeiske stormaktene.

Fleire krigsskip frå den tyske flåten under første verdskrigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Europa blir delt opp i to alliansar

Den endra maktbalansen i Europa, aukande uvisse og rivaliseringa førte gradvis til at stormaktene fann saman i alliansar for å verne seg sjølve.

Tyskland frykta ein tofrontskrig viss dei skulle bli angripne av Frankrike og Russland. Derfor inngjekk Tyskland og Austerrike-Ungarn ein militær forsvarsallianse om å hjelpe kvarandre viss dette skulle skje. Seinare vart òg Italia med i alliansen, som fekk namnet .

Frykta for Tyskland og den aggressive tyske utanrikspolitikken fekk dei to gamle rivalane Frankrike og Russland til å inngå eit militært samarbeid. Like etter hundreårsskiftet vart òg Storbritannia med. Denne forståinga vart kjend som .

Europa vart no delt i to militære alliansar som stod mot kvarandre. Stormaktene hadde i tillegg forståingar og samarbeid med mindre statar. Russland hadde ein avtale med Serbia om å verne dei mot austerriksk aggresjon, mens Storbritannia garanterte tryggleiken til Belgia.

Europakart som viser blokkdanninga før første verdskrigen. Trippelententen og Trippelalliansen har fått kvar sine fargar, andre land er grå. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kolonisering og imperialisme

Perioden 1870–1914 blir ofte kalla imperialismens tidsalder og er kjenneteikna ved at det gjekk føre seg eit intenst kappløp om koloniar i Afrika. Storbritannia og Frankrike var dei to største kolonimaktene, men også mindre europeiske statar var involverte.

Tyskland kom seint med i kolonikappløpet, men vart etter kvart ein konkurrent til dei etablerte kolonimaktene. Den aggressive tyske utanrikspolitikken blir særleg knytt til keisar Vilhelm 2. og var ei endring frå den meir forsiktige utanrikspolitikken til rikskanslar Otto von Bismarck. Tyskland skaffa seg koloniar i Stillehavet og Aust- og Vest-Afrika, men ønskte òg å overta koloniar i Afrika frå mindre statar som Belgia.

Kolonikappløpet bidrog til å skjerpe motsetningane mellom dei europeiske stormaktene. Samarbeid og kommunikasjon var vanskeleg og vart erstatta av militær opprusting, mistru og alliansebygging.

Balkankrigane

Mange av dei europeiske stormaktene fokuserte på Afrika for å utvide si territoriale makt. Samtidig var det fleire stormakter som hadde ambisjonar på Balkan, som tradisjonelt har vore Europas urolege hjørne.

hadde vore ei dominerande makt på Balkan i Sør-Europa i fleire hundreår, men nasjonalisme førte til frigjeringskamp og sjølvstende for Hellas, Serbia og Bulgaria på slutten av 1800-talet. I Balkankrigane (1912-1913) mista Det osmanske riket nesten alle sine europeiske område. Den store sigerherren på Balkan var Serbia.

Etter kvart som Det osmanske riket vart svekt og grensene vart uklare, voks dei nasjonale motsetningane på Balkan. Serbia ønskte å bli ei stormakt i regionen og danne eit "Stor-Serbia". Mellom anna var Bosnia og Hercegovina område Serbia ønskte seg. Dette vekte bekymring i Austerrike-Ungarn som hadde innlemma området i 1908. Russland støtta Serbia, delvis for å skaffe seg meir innverknad på Balkan, og delvis på grunn av panslavismen, tanken om ein fellesskap mellom slaviske folkeslag.

Motsetningane på Balkan, spesielt mellom Serbia og Austerrike-Ungarn la grunnlaget for gneisten som utløyste krigen, skota i Sarajevo.

Tenk etter

Nokre historikarar meiner Europa var som ei "ei kruttønne" i åra før utbrotet av første verdskrigen. Kva trur du desse historikarane legg i den utsegna?

Utløysande årsak

Det er mange underliggande årsaker til at det vart ein verdskrig i 1914, men det er spesielt ei hending som sette Europa i brann, nemleg skota i Sarajevo. Denne hendinga blir av dei fleste historikarar vurderte som den utløysande årsaka til første verdskrigen.

Fargebilete av Franz Ferdinand og kona hans Sophie som forlèt rådhuset i Sarajevo i ein bil 28. juni 1914. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skota i Sarajevo

28. juni 1914 var tronfølgaren i Austerrike-Ungarn, Franz Ferdinand, på besøk i Sarajevo, hovudstaden i Bosnia. Her vart han og kona hans skotne og drepne av ein bosnisk-serbisk nasjonalist ved namn Gavrilo Princip. Attentatmannen hadde band til den serbiske terrororganisasjonen Den svarte handa. Denne handlinga, kjend som skota i Sarajevo, var den utløysande årsaka til første verdskrigen.

Hendinga førte til julikrisa der Austerrike-Ungarn påstod at serbiske styresmakter var involverte i attentatet. Austerrikarane brukte dermed situasjonen til å ta eit oppgjer med Serbia gjennom å stille dei eit ultimatum med mange krav. Viss ikkje krava vart aksepterte, ville det bli krig.

Tyskland gav alliansepartnaren sin full støtte, dersom det skulle bli krig, i det som har vorte kjent som blankofullmakta. Det har i ettertid vorte påstått at Tyskland ønskte krig på dette tidspunktet. Serbia fekk på si side støtte frå Russland, som samtidig starta å mobilisere dei militære styrkane sine.

Alliansesystemet blir aktivert

Serbia aksepterte dei fleste krava til Austerrike-Ungarn, men ikkje alle. 28. juli 1914 erklærte derfor Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Tyskland bad Russland stoppe mobiliseringa, noko dei ikkje gjorde. Den 1. august erklærte derfor Tyskland krig mot Russland. To dagar seinare erklærte Tyskland krig mot Frankrike og invaderte landet ved å gå gjennom Belgia. Storbritannia hadde garantert Belgias nøytralitet og erklærte krig mot Tyskland. Dei ulike krigserklæringane vart mottekne med jubel og begeistring blant befolkningane.

Dei ulike alliansesambanda vart altså aktiverte som følge av skota i Sarajevo. Hærane vart mobiliserte, og det verka som det ikkje var nokon veg tilbake. I ettertid er det lettare å sjå korleis den eine hendinga utløyste den andre, og kvifor storhendingane tilsynelatande ikkje lét seg stanse. Dei store hærane kravde ei mobilisering som tok tid. Alle var redde for at viss dei einsidig demobiliserte, ville dei ikkje få tid til å mobilisere på nytt før fienden slo til.

Keisaren og generalane står og peikar på eit stort kart som ligg på bordet framfor dei. Alle er i full uniform. Biletet er teke i januar 1917. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kunne første verdskrigen vore unngått, sjølv etter skota i Sarajevo?

Relatert innhald

Korleis gjekk første verdskrigen føre seg? Vi skal sjå på krigens gang i Europa, Afrika og Asia.

Kjelder

Brazier, E. & Kirkhusmo, A. (2021, 7. mai). Første verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/f%c3%b8rste_verdenskrig

Palmer, R. R. & Colton, J. & Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik, Jostein Saakvitne og Stein Ugelvik Larsen.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid