1917: revolusjon i Russland - Historie (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

1917: revolusjon i Russland

Etter februarrevolusjonen oppstod det eit maktvakuum i Russland. På Lenin si oppmoding vart den provisoriske regjeringa avsett, og bolsjevikane overtok den politiske styringa av landet i oktober 1917.

Februarrevolusjonen: opprør mot tsaren

Krigen tærte på Russland økonomisk og politisk, og i februar 1917 begynte demonstrasjonane som skulle føre Russland inn i ein langvarig revolusjonstilstand. Med kvinnelege tekstilarbeidarar i spissen demonstrerte mange opposisjonelle mot uføret som tsarregimet var i. Demonstrasjonane heldt fram i dagane som følgde.

Som tidlegare valde tsaren å setje inn soldatar mot demonstrantane, men dei utkommanderte bondesoldatane var uvillige til å skyte på demonstrantane. Etter kort tid gjorde soldatane mytteri, og etter kvart slutta heile regiment opp om demonstrantane. Dette avgjorde lagnaden til tsarregimet, og tsaren valde å abdisere i mars same år.

"Dobbeltmakt": den provisoriske regjeringa og sovjeta

I det politiske vakuumet etter tsaren sitt fall danna det seg to sentrum som gjorde krav på makta i Russland. Blant liberale politikarar i vart det danna ei provisorisk regjering. Målet for regjeringa var å styre landet fram til folket hadde stemt inn representantar til ei ny grunnlovgivande forsamling. Den provisoriske regjeringa valde samtidig å halde fram krigen mot Tyskland. Dette skulle vise seg å vere eit feilgrep.

Samtidig vart arbeidarråda (sovjeta) viktige talerøyr for arbeidarklassen. Ein sentralkomité for sovjeta vart etablert, der både , og var representerte. I første omgang ønskte ikkje sovjeta å ha makt. Dei skulle i staden vere eit organ som sikra interessene til arbeidarklassen overfor den provisoriske regjeringa. Likevel vart sovjeta raskt naudsynte for den provisoriske regjeringa, fordi dei hadde stor innverknad innanfor jernbane og post og dessutan blant dei militære styrkane i St. Petersburg. Regjeringa måtte derfor finne seg i at sovjeta var eit uttrykk for folkeviljen.

Vladimir Lenin og bolsjevikane

Alt skulle endre seg med Vladimir Lenin (1870–1924). Lenin hadde lenge opphalde seg i utlandet, men med tysk hjelp og økonomisk støtte kom han til St. Petersburg i april 1917. Han la fram sitt syn på det revolusjonære arbeidet i dei såkalla apriltesane.

Dette oppmoda Lenin tilhengjarane sine til:

  • Fred: Lenin ville at Russland skulle trekkje seg ut av krigen. Som politisk utspel appellerte dette til krigstrøytte soldatar og befolkninga generelt. Folk oppfatta derfor bolsjevikane som det einaste partiet som ville stoppe Russland si deltaking i krigen.

  • Jord: Den langvarige konflikten om eigarskap mellom ufrie bønder og godseigarar skulle løysast ved at bolsjevikane skulle dele ut jord til bøndene.

  • Brød: Matmangel som følgje av lidingane under krigen og tsaren sitt vanstyre gjorde brød til eit viktig symbol for ei krigstrøytt bybefolkning.

  • All makt til sovjeta: Lenin oppmoda i tillegg partifellane sine til å gripe den politiske makta i Russland så raskt som mogleg. Med slagordet "All makt til sovjeta" skulle bolsjevikane kjempe mot den provisoriske regjeringa.

Som propagandautspel var apriltesane til Lenin ein suksess. Tesane skapte håp for ulike grupper i Russland og gav bolsjevikane større oppslutning enn før. Fleire av dei nasjonale minoritetane i Russland nytta høvet til å krevje fridom og sjølvstende. Dette synet fekk støtte av Lenin.

Auka tilslutning til bolsjevikane

Den provisoriske regjeringa opplevde stor motstand i folket mot at Russland heldt fram krigen på austfronten sommaren 1917. Den vaklande politikken regjeringa førte, bidrog til at dei store massane i byane slutta seg til bolsjevikane sine tankar for Russland.

Rundt om i Russland vart bolsjevikane no framståande leiarar for ulike sovjet. I det viktige St. Petersburg-sovjetet vart Lev Trotskij (1879–1940) formann. Han starta straks arbeidet med å etablere det som skulle bli Den raude armé (raudegardistar), for å konsolidere makta si.

Venstresida blant dei sosialrevolusjonære slutta også opp om bolsjevikane sitt ønske om å avsetje den provisoriske regjeringa.

Oktoberrevolusjonen

Alle sovjeta blant arbeidarar og soldatar rundt om i Russland sende representantar til ein allrussisk kongress hausten 1917. I slutten av oktober, rett før kongressen skulle haldast, inntok Lenin, Trotskij og St. Petersburg-sovjetet Vinterpalasset, der den provisoriske regjeringa heldt til. Regjeringa vart raskt arrestert utan større kampar. Berre statsminister Kerenskij klarte å sleppe unna. Samtidig tok raudegardistar over strategiske stader rundt om i hovudstaden.

På den allrussiske sovjetkongressen den 25. oktober vart det erklært at den provisoriske regjeringa var avsett, og at ei ny bolsjevikisk regjering skulle overta styringa i landet. Mensjevikane og høgresida blant dei sosialrevolusjonære marsjerte ut av kongressen og erklærte at dei ville motsetje seg den bolsjevikiske maktovertakinga. Både mensjevikane og dei sosialrevolusjonære hadde hatt ministrar i den provisoriske regjeringa og vart kritiserte av folket. I løpet av hausten auka oppslutninga om bolsjevikane. Det kom i stor grad av at dei andre partane spelte seg ut over sidelinja, og at ulike krigshendingar talte i bolsjevikane sin favør.

Med stort fleirtal i den allrussiske sovjetkongressen oppretta deretter bolsjevikane ei ny regjering som skulle få namnet Folkekommissærane sitt råd. Lenin vart leiar, Trotskij vart utanriksminister og Josef Stalin (1878–1953) vart folkekommissær for nasjonalitetane. I tillegg vart det sett i verk ei rekkje tiltak for å institusjonalisere maktovertakinga gjennom sovjeta.

Konsolidering av makta

Parallelt med den bolsjevikiske maktovertakinga hadde Russland halde val til ei ny grunnlovgivande forsamling. Valet hadde bakgrunn i februarrevolusjonen og tsaren sin abdikasjon same år. I januar 1918 møtte dei valde representantane til forsamlinga, der dei sosialrevolusjonære var i fleirtal. Bolsjevikane stod sterkt i byane, men oppnådde rundt 25 % på landsbasis.

Dette valet vart aldri akseptert av den nye bolsjevikiske regjeringa. Forsamlinga vart oppløyst av troppeavdelingar frå Den raude armé allereie den første dagen. Lenins grunngiving var at den grunnlovgivande forsamlinga ikkje lenger var representativ. Han skulda på at vala vart haldne saman med den bolsjevikiske maktovertakinga. Bolsjevikane stod no overfor dei same problema som den provisoriske regjeringa hadde slite med.

Den russiske revolusjonen – har du fått med deg dette?

Kjelde

Egge, Å. (1993). Fra Aleksander II til Boris Jeltsin. Russlands og Sovjetunionens moderne historie. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Fagstoff
Borgarkrig og kommunisme

Sommaren 1918 braut det ut borgarkrig i Russland mellom bolsjevikane og motstandarane av det nye regimet. I 1922 vart "unionen av sovjet" etablert.

Fagstoff
Stalin og stalinismen

Josef Stalin kom til makta på 1920-talet og leidde Sovjetunionen med hard hand og streng kontroll.

Skrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022