Hopp til innhald

Fagstoff

Første verdskrigen 1914–1918

Første verdskrigen var ein verdsomspennande krig i åra 1914–1918. Gamle imperium gjekk under, nye grenser vart trekte opp, og ein heil generasjon vart merkt for livet. Den store krigen la grunnlaget for den nye krigen som skulle komme vel 20 år seinare.
Soldatar med hjelmar og gevær ligg på ei lang rekke på flatmark. Nokre små jordhaugar er spadde opp framfor dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Første verdskrigen

Første verdskrigen var ein verdsomspennande krig som starta i 1914 og varte til 1918. Fram til utbrotet av andre verdskrigen vart denne krigen omtalt som "verdskrigen" eller "den store krigen". Første verdskrigen vart utkjempa mellom to alliansar som stod mot kvarandre. På den eine sida var Tyskland og Austerrike-Ungarn, og etter kvart dei viktigaste aktørane. På den andre sida var Storbritannia, Frankrike, Russland og, frå 1917, USA.

Første verdskrigen fekk enorme konsekvensar og er ein av dei dødelegaste konfliktane i nyare tid. Krigen starta og gjekk hovudsakleg føre seg i Europa, men spreidde seg og fekk konsekvensar for Afrika, Midtausten og delar av Asia. Mange av dei involverte statane hadde koloniar i andre verdsdelar, og desse vart trekte inn i krigføringa. At Det osmanske riket og USA gjekk med i krigen, bidrog til å gjere konflikten global.

Kvifor vart det krig?

Det var mange samansette årsaker som førte til utbrotet av verdskrigen. Industrialisering, nasjonalisme, imperialisme, våpenkappløp og stormaktsrivalisering er blant dei medverkande årsakene til krigen. Desse faktorane bidrog til at Europa vart delt inn i to militære alliansar som stod mot kvarandre i åra før krigsutbrotet.

  • : Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia.

  • : Storbritannia, Frankrike og Russland.

Den utløysande årsaka til krigen var dei såkalla "skota i Sarajevo". Her vart prins Franz Ferdinand av Austerrike-Ungarn skoten og drepen av ein bosnisk-serbisk nasjonalist. Austerrike-Ungarn, som var i allianse med Tyskland, hevda at Serbia stod bak attentatet, og erklærte krig mot Serbia. Serbia vart støtta av Russland, og det gjorde at begge alliansane vart dregne inn i krigen.

Korleis vart krigen utkjempa?

Første verdskrigen var den første moderne krigen. Han vart utkjempa med nye, moderne våpen, men krigstaktikkane var forankra i gammal tankegang. Fleire teknologiske nyvinningar som tanks, fly, ubåtar og kjemiske våpen vart tekne i bruk i løpet av krigen. Desse nye våpena gjorde det enklare å forsvare seg, men vanskelegare å erobre land frå fienden. Resultatet var enorme tap av soldatar på begge sider. Den første globale og moderne industrielle krigen vart svært dødeleg.

På vestfronten, altså på slagmarka i Frankrike, klarte ingen av partane å bryte gjennom frontlinja, og resultatet vart at begge sider grov seg ned i skyttargraver. Krigen fekk derfor nemninga skyttargravskrig. Millionar av menneske kjempa mot kvarandre og mista livet i ei svært brutal krigføring. Kjemiske våpen, som gass, vart brukte av begge sider for å bryte gjennom linjene til motstandarane.

I kampane på austfronten, i Afrika og i Asia var krigen annleis. Her var frontane meir bevegelege. Krigen vart òg for første gong utkjempa i lufta og i fleire havområde. Tyskland erklærte uinnskrenka ubåtkrig, der alle skip som frakta varer og forsyningar til Storbritannia og Frankrike, risikerte å bli senka.

Kva vart resultatet av krigen?

Den 11. november 1918 vart det inngått våpenstillstand, altså våpenkvile mellom dei stridande partane. Sentralmaktene, med Tyskland i spissen, hadde innsett at krigen ikkje lenger kunne vinnast. Frå januar 1919 møttest representantar frå den sigrande parten i Paris for å forhandle fram utkast til fredsavtalar med den tapande parten. Den viktigaste avtalen gjaldt Tyskland og vart underteikna i Versailles.

Dei viktigaste aktørane i fredsoppgjeret var sigerherrane USA, Frankrike og Storbritannia. Den amerikanske presidenten Woodrow Wilson var den mest forsonlege og hadde gjennom sine velkjende 14 punkt lagt fram forslag til korleis fred kunne skapast i Europa. Storbritannia og Frankrike var på den andre sida meir opptekne av å straffe taparane, spesielt Tyskland.

Resultatet for Tyskland var knusande. Tyskland måtte ta på seg skulda for krigen og betale enorme krigsskadeerstatningar. Alle koloniane og store landområde i Europa vart fråtekne Tyskland. Mange tyskarar enda dermed utanfor Tysklands grenser. I tillegg vart det pålagt store restriksjonar på den tyske hæren, marinen og luftvåpenet.

Eit nytt Europa

Etter første verdskrigen vart europakartet teikna opp på nytt. Nye statar oppstod, mens gamle imperium vart borte. Keisardømmet Tyskland vart til ein republikk, den såkalla Weimarrepublikken. Keisardømmet Austerrike-Ungarn vart oppløyst og splitta. Store delar av det gamle keisardømmet vart innlemma i den nye staten Tsjekkoslovakia. Russland hadde vorte til Sovjetunionen etter den russiske revolusjonen. Polen fekk sjølvstendet sitt og fekk område frå Tyskland, Russland og Austerrike-Ungarn. Det osmanske riket slutta å eksistere og vart erstatta av Tyrkia. På Balkan vart Jugoslavia oppretta.

Kart som viser nye statar i Europa etter første verdskrigen. Dei viktigaste kartendringane er skipinga av Polen, Tsjekkoslovakia, Jugoslavia, Austerrike, Ungarn, Litauen, Estland, Latvia og Finland. Russland vart til Sovjetunionen. Delar av Det osmanske riket vart til Tyrkia.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til at det vart nye grenser og nye statar i Europa, stod problema i kø for Europa. I ei rekkje land, sjølv blant vinnarane, var det misnøye etter fredsoppgjeret. Særleg gjaldt dette Tyskland, men også Italia, som var på den sigrande sida. Italia var før krigen ein del av trippelalliansen, men gjekk inn i krigen på ententemaktenes side i 1915. I kjølvatnet av fredsoppgjeret kunne ein ane nye nasjonale og etniske konfliktar i Europa. Meir enn 30 millionar europearar levde no som minoritetar i andre statar. Verdsøkonomien hadde vorte sterkt påverka av krigen, og europeiske stormakter som Frankrike og Storbritannia var svekte økonomisk. USA kom derimot økonomisk styrkt ut av krigen.

Likevel var det noko optimisme å spore. Dette var "krigen som skulle ende alle krigar". Framtidige konfliktar skulle no løysast gjennom den nyoppretta organisasjonen Folkeforbundet. Potensielle konfliktar skulle frå no av løysast gjennom diplomati i staden for krig.

Tenk etter

Kan første verdskrigen seiast å vere ein slags forløpar for den andre verdskrigen?

Relatert innhald

Korleis gjekk første verdskrigen føre seg? Vi skal sjå på krigens gang i Europa, Afrika og Asia.

Kjelder

Brazier, E. & Kirkhusmo, A. (2021, 7.mai). Første verdenskrig. I Store norske leksikon. https://snl.no/f%c3%b8rste_verdenskrig

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid