Hopp til innhald

Fagstoff

Børskrakket i USA i 1929

Den økonomiske veksten i USA stoppa opp i 1929. Krakket på Wall Street førte til ein nedovergåande økonomisk spiral, som ramma alle sider av amerikansk økonomi. USAs finanskrise trekte etter kvart heile verda inn i djupe økonomiske problem.

-

Ein graf som viser endringane på børsen frå oktober 1928 til oktober 1930. Kurva stig, så brattare på sommaren og hausten 1929, før ho stuper i oktober–november. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei siste åra i forkant av børskrakket hadde det gått føre seg vill aksjespekulasjon på dei amerikanske børsane. Det var ikkje uvanleg at to tredelar av aksjekjøpa var finansierte med lån. Etter "dei glade 20-åra" og enorm økonomisk vekst for mange amerikanarar flata børsane ut hausten 1929. Trass i forsøka til selskapa på halde veksten oppe gjennom ulike ordningar for kreditt og avbetaling var den amerikanske marknaden metta. Tilliten til marknaden vart svekt, og folk byrja å selje aksjane sine i raskt tempo.

"Den svarte tysdagen"

Tysdag 29. oktober 1929, på engelsk kalla "Black Tuesday", oppstod det panikk på Wall Street-børsen i New York, og over 16 millionar aksjar vart selde. I løpet av fem dagar mista den amerikanske aksjemarknaden 47 prosent av verdien.

Ei mengde menn i ei uryddig rekke på Wall-Street. Kroppsspråket til dei fleste vitnar om uro. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedovergåande økonomisk spiral

Då panikken braut ut, starta ein økonomisk nedtur som ramma alle sider ved det amerikanske samfunnet.

  • Kreditorane ville at kundane skulle innfri låna sine.

  • Aksjekursane stupte, verdiane vart ofte halverte på eit par månader. Aksjeeigarane greidde derfor ikkje å innfri låna sine til bankane.

  • Bankar gjekk konkurs. Sidan bankane var nødvendige for drift og investeringar for ulike selskap, gjekk mange bedrifter konkurs, og folk mista jobben.

  • Redusert kjøpekraft og lågare forbruk ramma alle sider av samfunnet. Folk mista sparepengane sine og inntektene til bøndene sokk drastisk.

  • Utanlandske lån vart kalla tilbake til USA.

  • USA trekte andre land med seg i ein verdsomspennande depresjon, og spesielt Tyskland vart hardt ramma. Tilbakegangen i verdshandelen ramma i tillegg særleg råvareproduserande land.

Resultat vart at gjekk ned, og arbeidsløysa steig enormt. Dalande etterspurnad etter bilar, elektriske forbruksvarer og bustader bidrog til å forsterke krisa. Trygder eller offentlege støtteordningar fanst ikkje i USA, som svor til ein økonomisk liberalistisk politikk utan vesentleg statleg innblanding.

Framleis kapitalisme som løysing på den økonomiske krisa?

USA vart gjennom 20-åra styrt av republikanske presidentar. President Herbert Hoover (1874–1964) var USAs president under krakket på Wall Street-børsen. Blant republikanarane var ein vanleg økonomisk tankegang at marknaden regulerte seg sjølv. I mellomtida fekk ein beskjed om å "stramme inn livreima". Men når folk slutta å bruke pengar, vart krisa forverra. Verdshandelen vart ytterlegare redusert då alle land prøvde å verne sin eigen økonomi ved proteksjonistiske tiltak. Resultatet vart store tollmurar mellom landa og nedgang i verdshandelen.

Arbeidsløysa i USA steig til nye høgder i byrjinga av 1930-åra. I 1929 var 1,5 millionar arbeidsledige, i 1930 hadde arbeidsløysa stige til 3,5 millionar, og i mars 1933 var ho oppe i heile 14,5 millionar. Dei europeiske demokratia hadde store problem med å meistre krisa. I 1932 nådde arbeidsløysa Tyskland med heile 30 prosent.

Ved sidan av dei økonomiske problema verda stod overfor på 1930-talet, fekk børskrakket mykje å seie ved at mange europeiske land valde bort demokratiet som styreform og let "sterke menn" ordne opp i kaoset.

Kilde

Billington, L. & Reisegg, Ø. (2021, 9. mars). Wall Street-krakket i 1929. I Store norske leksikon. https://snl.no/wall_street-krakket_i_1929

Relatert innhald

Franklin D. Roosevelts "New Deal" innebar at staten gjekk meir aktivt inn for å løyse dei økonomiske problema i mellomkrigstida.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid