Hopp til innhald

Fagstoff

Roosevelts "New Deal"

Franklin D. Roosevelt vann det amerikanske presidentvalet i 1933 med slagordet New Deal. Det innebar at staten gjekk meir aktivt inn for å løyse dei økonomiske problema USA og Europa opplevde i mellomkrigstida. Sentralt i denne samanhengen er John Maynard Keynes' økonomiske teoriar.
President Franklin D. Roosevelt sit ved pulten sin i Det kvite hus i Washington D.C. Han kringkastar sin første radiotale om bankkrisa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

New Deal

Demokraten Franklin D. Roosevelt (1882–1945) vart i 1933 vald til president i USA med slagordet New Deal. Slagordet er henta frå kortspel og kan omsetjast med "ny giv".

Konkret betydde New Deal eit brot med ideen om at marknaden skulle regulere seg sjølv utan statleg innblanding. Staten fekk med New Deal større ansvar for velferda til enkeltmennesket. Det vart vedteke ei rekkje reformer som skulle stimulere til vekst og etablering av arbeidsplassar for amerikanarane. Roosevelt gjekk laus på den økonomiske krisa med stor energi og gjennomførte ei rekkje strakstiltak.

Døme på New Deal-tiltak

  • Nye lover skulle sikre strammare regulering av all børs- og bankverksemd. Formålet var at marknaden skulle få tilbake tilliten til denne verksemda.

  • Statleg finansierte byggjeprosjekt, til dømes vasskraftverk, skulle sysselsetje arbeidsledige.

  • Bøndene fekk ulike former for økonomisk støtte. Landbruket i USA hadde i lengre tid slite med overproduksjon av jordbruksvarer. Mange bønder fekk derfor støtte for å late jorda liggje brakk. Dette skulle auke prisane på jordbruksprodukt og kjøpekrafta hos bøndene.

  • Fagforeiningane fekk støtte, og det vart innført enkelte trygdeordningar, mellom anna Social Security Act i 1935.

Eit fleirtal av veljarane hadde tillit til Roosevelt, som ved valet i 1936 auka oppslutninga si. Sjølv om den amerikanske marknaden snudde frå vinteren 1932–33 og tidene vart noko betre, var arbeidsløysa i USA framleis høg fram mot den andre verdskrigen. New Deal hadde kanskje først og fremst ein psykologisk effekt og bidrog til å styrkje demokratiet i USA.

Statleg engasjement i næringslivet

Utover på 1930-talet vart staten stadig meir engasjert i næringslivet. Dette gjaldt både demokrati og fascistiske land. I demokratiske land vart meir vanleg. I det fascistiske Tyskland og Italia fekk staten ein dominerande plass i økonomien. Sovjetunionen, som var isolert og basert på eit system, var nesten upåverka av den økonomiske krisa på 1930-talet.

Den aktive staten

Mellomkrigstida var prega av store konjunktursvingingar og økonomisk uro. Ifølgje den økonomiske teorien til britiske John Maynard Keynes (1883–1946) burde staten vere sentral og aktiv i å motverke konjunktursvingingar. Gjennom blandingsøkonomiske prinsipp var målet å motverke opp- og nedgangstider i marknaden.

Spesielt i nedgangstider burde staten setje inn økonomiske tiltak for å stimulere aktiviteten i næringslivet. Døme på slike tiltak var lågare rente, skattelette og auka statleg byggjeverksemd.

I oppgangstider burde staten ifølgje Keynes' modell "kjøle ned økonomien" gjennom trongare budsjett og høgare avgifter på privat forbruk. Den såkalla motkonjunkturpolitikken handlar om å "bruke pengar i dårlege og spare pengar i gode tider".

Kjelder

Sirevåg, T. (2021, 18. januar). New Deal. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2022 frå http://snl.no/new_deal

Stoltz, G. (2018, 19. oktober). John Maynard Keynes. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2022 frå https://snl.no/john_maynard_keynes

Relatert innhald

Den økonomiske veksten i USA stoppa opp i 1929. Krakket på Wall Street førte til ein negativ økonomisk spiral, som ramma alle sider av amerikansk økonomi.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid