Hopp til innhald

Fagstoff

Økonomi: dei urolege 1920-åra

Mellomkrigstida var prega av økonomiske kriser i Europa. Amerikanarane opplevde ein enorm økonomisk vekst, og aksjespekulantar hadde gode vilkår i marknaden. Først med børskrakket på Wall Street i New York 29. oktober 1929 fekk også USA merke den økonomiske krisa.
Trekant som viser at USA gir lån til Tyskland. Tyskland betaler krigserstatning til Frankrike og Storbritannia. Frankrike og Storbritannia nedbetaler gjeld og lån til USA. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei glade 1920-åra i USA

Utgangspunktet for den økonomiske veksten USA opplevde i 1920-åra, var oppgjeret etter den første verdskrigen. Amerikanarane gjekk inn i krigen med gjeld til Europa, men etter krigen vart rollene snudde. Etter kvart som nye produkt og forbruksvarer kom på marknaden, auka også eksporten til Europa. Saman med amerikanske lån var hovudtendensen på 1920-talet ein jamn kapitalstraum frå europeiske land til USA.

Tyskland: krigsskade-erstatningar og hyperinflasjon

Mens den amerikanske middelklassen opplevde "dei glade tjueåra", sleit europearar flest med konkursar, arbeidsløyse og uro i arbeidslivet. For Tyskland fekk Versailles-traktaten mykje å seie for økonomien i landet. Landet måtte betale krigsskade-erstatningar, særleg til Frankrike. Enorme beløp måtte skaffast til vegar gjennom lån frå utlandet.

Tre barn leiker med å stable setelbunkar i eit tårn. Svart-kvitt-foto.

Tyskland sin økonomi vart ytterlegare forverra då styresmaktene tidleg på 1920-talet valde å trykkje opp meir pengar enn dei hadde dekning for. Dette resulterte i ein galopperande som nådde toppen i 1923.

Lenge vart den tyske økonomien halden gåande på amerikanske lån. Derfor fekk børskrakket i USA direkte betydning for Tyskland tidleg på 1930-talet.

USA: samlebandet

Nye produksjonsmetodar og maskiner gjorde det mogleg å effektivisere og auke produksjonen. Gjennom grundige analysar av heile arbeidsprosessen skulle menneske og maskiner fungere som tannhjul i bedriftene. Med innføringa av samlebandet i fabrikkane vart alle ledd i produksjonskjeda effektiviserte. Større og meir effektiv produksjon skulle gi folk billegare varer, og bedriftene større inntekter. Ein sentral aktør bak tanken om vitskapleg leiing og produksjon var Frederick Winslow Taylor (1856–1915).

Henry Ford (1863–1947) tok i bruk desse prinsippa i produksjonen av T-Forden. Dette gjorde det mogleg å levere bilar til ein svært låg pris, og nye kundegrupper strøymde til. I perioden 1910–1916 auka salet av T-Forden frå 20 000 til 600 000. I løpet av 1920-talet vart T-Forden "allemannseige" i USA.

Ein mann og ein gut sit i ein bil frå starten av 1900-talet. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nye forbruksvarer på marknaden

Nye produkt og forbruksvarer kom på den amerikanske marknaden etter den første verdskrigen. I tillegg var det stor etterspurnad etter amerikanske varer i Europa i etterkrigsåra. Med ny kunnskap og teknologi vart nye produkt som radioar, støvsugarar, kjøleskåp og vaskemaskiner selde på marknaden. Målretta reklame – til dømes med bodskapen om at kvinnene no kunne bruke mindre tid på husarbeid – skapte behov for slike produkt i heimen. Kreditt eller avbetaling var alternativ viss ein ikkje hadde moglegheit til å betale med det same.

Nye produkt: biletserie

Peik på bileta for å få meir informasjon:

Forbruk og aksjespekulasjon

Den økonomiske veksten på 1920-talet i USA var enorm. Store delar av middelklassen kunne kjøpe dei nye produkta, noko reklamekampanjar og finansiering på avbetaling bidrog til. Derfor heldt aksjekursane fram med å stige, og mange trudde det ikkje var noka grense for den økonomiske veksten.

Mange i USA valde å spekulere i aksjar for å oppfylle draumane sine. Med forventningar om vidare vekst i økonomien tok fleire privatkundar opp banklån for å finansiere kjøp av aksjar. Dei marknadsøkonomiske prinsippa fekk flyte fritt, utan kontroll av låneevne eller større regulering på børsane. Denne ville aksjespekulasjonen kunne ikkje vare evig, og sommaren 1929 begynte veksten å flate ut på børsane i USA. 29. oktober kom "den svarte tysdagen" på Wall-Street børsen, og panikken var eit faktum.

Relatert innhald

Den økonomiske veksten i USA stoppa opp i 1929. Krakket på Wall Street førte til ein negativ økonomisk spiral, som ramma alle sider av amerikansk økonomi.

Første verdskrigen og fredsoppgjeret endra Europa og verda for alltid. Kva for økonomiske og politiske verknader fekk krigen og fredsoppgjeret?

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Verdskrigane og mellomkrigstid