Frå kristenretten til Magnus Lagabøte
Kristenretten var den delen av norsk rett som heilt fram til reformasjonen (1537) gjaldt kyrkjelege forhold, altså ei samling av reglar som folk måtte følge for å leve eit kristent liv.
Den første kristenretten blir datert tilbake til Moster i 1024 då Olav den heilage skal ha fått vedteke han på eit ting der. Dette var den formelle kristninga av Noreg ettersom bøndene vedtok kristendom som den einast trua på dette tinget. Kristenretten regulerte alt det kyrkjelege, som dåp, gravferd og heilagdagar. Han regulerte òg prestars og biskopars retter og pliktar.
Frå vikingtida var det ulike lagting som var rettsorgana i landet. Det var fire lagtingsområde: Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting. Desse lagtinga vaks fram i samband med rikssamlinga etter Harald Hårfagre. Alle lagtinga var eigne lovområde, og kongemakta måtte derfor forhandle med kvar enkelt tingsamling for å få vedteke nye rettsreglar.
Magnus Lagabøte var norsk konge frå 1263 til 1280. Han heitte eigentleg Magnus Håkonsson og var son av Håkon Håkonsson. Magnus blei krona to år før faren døde, og allereie då hadde han fungert som konge i nokre år. Tilnamnet lagabøte blei lagt til i ettertid og betyr eigentleg "lovforbetraren". Dette fordi han leidde arbeidet med ei felles landslov som skulle gjelde for heile Noreg.
Arbeidet med Landslova tok lang tid og var mellom anna basert på dei gamle landskapslovene, eller tinglovene. Landslova blei gjeldande frå 1274, og gjaldt i heile 400 år. Lova er dermed eit av dei aller viktigaste dokumenta frå mellomalderen.
Landslova var faktisk eit føregangsarbeid i Europa, og det var far til Magnus, kong Håkon 4. Håkonsson som så smått hadde starta arbeidet.
Landslova blei først teken til lov på Frostatinget i Trøndelag i juni 1274. Året etter blei lova lagd fram og godteken på Gulatinget, og etter kvart òg på Borgarting og Eidsivating. Mange historikarar meiner at det først er med Landslova, vi kan seie at Noreg blei samla til eit rike.
Landslova var altså ei lov for heile landet, og ho styrte ikkje berre det overordna i riket, som kven som skulle avgjere i lov og rett, men gjekk òg ned i detaljnivå om regulering av jordeigedom og odel, om ekteskap og arv og i saker som fattigomsorg, skatt og militærvesen. Lova sa at ingen skulle stele, men fekk ein ikkje arbeid til å forsørge seg sjølv, så ville det ikkje straffast om ein stal mat for å berge seg frå sveltedøden. Ekteskapet blei viktig slik at kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, fekk færre rettar og hadde brote lova – både den verdslege og den kristne retten.
Sættargjerda i Tunsberg
I perioden med lovarbeidet vart kongen motarbeidd, mellom anna av erkebisp Jon Raude. Dette fordi kong Magnus ønskte å revidere ikkje berre landskapslovene, som Frostating og Gulating, men òg dei kyrkjelege lovene, kristenretten. Kyrkja meinte at dei sjølve skulle behalde retten til å dømme i kristenrettsaker. Det tok fire år med forhandlingar før kongen og erkebispen blei einige. Dette blei fastsett i den såkalla sættargjerda i Tunsberg (Tønsberg). Sættargjerd betyr "forlik" eller "avtale". Kyrkja fekk behalde kristenretten, men fekk ikkje lenger ha medverknad i kongeval eller i val av biskopar. Vi fekk altså ei todeling av makta mellom konge og kyrkje.