Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsking: dronning Margrete

Dronning Margrete er ein av dei mest fascinerande personane i norsk mellomalder. Her skal de utforske Margrete og tida ho levde i ved hjelp av puslespelmetoden.

I denne oppgåva skal de bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden, som blei utvikla av Eliot Aronson i 1971. Du kan lese meir om jigsaw-metoden her. Heile opplegget tek cirka 90 minutt. Sjå videoen over om dronning Margrete før de begynner.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same tema.

  • Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema.

Ekspert 1: Noreg etter svartedauden

Finn ut:

  • Kva veit vi om kor hardt svartedauden ramma Noreg?

  • Kva blei betre og kva blei verre etter svartedauden i Noreg?

  • På kva måtar ramma pesta ulike grupper ulikt?

Kjelder:

Svartedauden i Noreg (NDLA)

Tida etter svartedauden i Noreg (NDLA)

Svartedauden (norgeshistorie.no)

Ekspert 2: Naudbrevet til dronning Margrete

Finn ut:

  • Korleis beskriv Margrete situasjonen sin i naudbrevet?

  • Kva ønskjer ho hjelp til?

  • Kva andre ting ber ho om?

  • Kva fortel kjelda deg om moglegheitene for å kommunisere på tvers av landegrenser på denne tida?

  • Korleis kan ein forklare den situasjonen Margrete hadde kome i?

Kjelder:

Naudbrevet til dronning Margrete frå 1370 (NDLA)

Naudbrevet til dronning Margrete – ei forklaring (NDLA)

Ekspert 3: Maktforholda på Margrete si tid

Finn ut:

  • Kva hendingar skaper endringar i maktforholda mellom 1380 og 1388?

  • Kvifor var det politisk krise i Danmark og Noreg i 1388?

  • Korleis blei denne krisa løyst?

  • Korleis kjem Sverige inn i biletet?

Kjelder:

Maktkorridorane 1380 (NDLA)

Maktkorridorane 1388 (NDLA)

Ekspert 4: Dronning Margretes valbrev

Finn ut:

  • Kva var riksrådet?

  • Kva slags folk sat i det norske riksrådet?

  • Kva seier kjelda, kort fortald?

  • Kva seier kjelda om bakgrunnen for at Margrete blir vald til den øvste regenten i Noreg?

Kjelder:

Dronning Margretes valbrev (norgeshistorie.no)

Ekspert 5: Kalmarunionen

Finn ut:

  • Korleis enda det med ein union mellom Noreg, Sverige og Danmark i 1397?

  • Kva rolle spelte Margrete i dette?

  • Korleis gjekk det med unionen?

  • Kva blei konsekvensane for Noreg på sikt?

Kjelder:

Tap av sjølvstende – Noreg under dansk styre (NDLA)

Kalmarunionen (norgeshistorie.no)

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 20 minutt. Fordjup deg i dei oppgitte kjeldene og svar på spørsmåla under temaet ditt. Bruk gjerne andre ressursar òg.

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli samde om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Set dykk tilbake i basisgruppene, og presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i riktig rekkjefølgje. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere.

Diskuter i gruppa. Bruk 3–4 minutt per spørsmål:

  1. Kva slags situasjon var Margrete i då ho skreiv naudbrevet?

  2. Kva var viktig for å få makt på 1300-talet, og korleis fekk Margrete så mykje makt?

  3. Kan historia om Margrete seie noko om stillinga for kvinner i Noreg på 1300-talet?

  4. Korleis var det å vere dronning i Noreg på slutten av 1300-talet samanlikna med i dag, trur de?

  5. Har forskjellane mellom dei kongelege og vanlege folk blitt større eller mindre frå 1300-talet til i dag?

  6. Korleis klarte Margrete å få i stand Kalmarunionen?

  7. Var det nokon demokratiske prosessar involvert i det politiske spelet fram til unionen?

  8. Kva ville vore annleis i dag dersom Kalmarunionen framleis eksisterte?

Samanfatt i klassen, viss de får tid.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2022

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt