Hopp til innhald
Fagartikkel

Eineveldet i praksis – omlegging av statsadministrasjonen

Blant dei mest sentrale endringane som eineveldet førte til, var ei omlegging av statsadministrasjonen. Gjennom 1500-talet hadde både samfunnet og den økonomiske aktiviteten i Danmark-Noreg vakse seg så stor at dei gamle ordningane under adelsveldet ikkje lenger fungerte i praksis.

I krinsen rundt kongen var det nødvendig med kunnskap og innsikt i stadig meir kompliserte samfunnsforhold. Det gjaldt både økonomi, militæret og forholdet til andre land. For å sikre betre og meir gjennomtenkte val blei det oppretta nye administrative organ. Dei fekk namnet «kollegium».

Kollegia

Kollegia var mindre forsamlingar av likeverdige «kollegaer», ofte med spesielle fagkunnskapar. Kollegia diskuterte og vurderte sakene som kom opp. Dei presenterte så fleire alternativ for kongen, som så kunne ta sine val på eit godt gjennomtenkt grunnlag.

Gjennom 1500- og 1600-talet hadde oppgåvene til staten vakse kraftig. Det gjaldt særleg innkrevjinga av skattar og avgifter. Det gamle, desentraliserte systemet med lensherrar og futar som samla inn skatt, eigna seg ikkje lenger. Stadig meir av dei offentlege oppgåvene blei derfor flytta frå lensherrane og over til nye statlege administrative einingar, eller etatar. Etatane låg direkte under kongen og sentraladministrasjonen i København.

Embetsfolket sin lojalitet

Eit sentralt element i arbeidet med ny statsadministrasjon var prosessen med å knyte det statlege embetsverket direkte til krona. Embetsverket var dei som utførte dei statlege oppgåvene. Under det gamle adelsveldet var embetsverket oftast utnemnt av byborgarane eller ein lokal adelsmann. Dei hadde dermed tette og sterke band til lokale interesser, anten fordi dei rett og slett var lojale overfor nokon som hadde skaffa dei jobben, eller fordi dei kanskje var i slekt med nokon som dei skulle bestemme over.

For kongen var dette eit problem. For å sikre at embetsmennene var lojale, blei derfor stadig fleire av dei direkte utnemnde av kongen. Kongen bestemte dermed kven som skulle bli tilsett til å utføre oppgåver på hans vegner – ikkje ein lokal maktperson. Utnemningane kunne kongen bruke som påskjøning, men vel så viktig var det at han batt lojaliteten til dei som skulle utføre oppgåver for krona, tettare til seg. For å hindre eventuelle andre lojalitetsband blei det òg vanleg at dei som fekk embete, blei plasserte i område som dei sjølve ikkje var frå. Oftast blei norske embete gitt til danskar, medan nordmenn fekk embete på Island eller i andre delar av riket. Slik hindra kongen at gamle lojalitetsband, til dømes familie eller gammalt naboskap, var sterkare enn banda til kongen.

Relatert innhald