Hopp til innhald

Fagstoff

Seinmellomalderen

Åra frå 1350 til 1550 er både i norsk og europeisk politisk historie kjenneteikna av sterkare kongemakt og svekt adel. No voks det fram ein stadig rikare handelsborgarskap som kongen kunne alliere seg med.
Ein ung mann står saman med enikvinne oppe på eit podium. Begge ber krone. Rundt dei står ei menneskemengde, og bak dei står ein mann med biskopslue og stav. Tresnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit anna særtrekk er at mange europearar blei kritiske til kyrkja og den økonomiske og åndelege makta ho hadde.

Kyrkjemakta i Noreg gjekk likevel ein annan veg. Avstanden til kongen og det kongelege styringsapparat var blitt stor etter at trona flytta ut av landet. Det var kyrkja som greidde å halde oppe styringsapparatet både lokalt og sentralt. Kyrkja overtok på mange måtar sentralmakta i Noreg.

Blomstring i Bygde-Noreg

Samtidig måtte bygdene ordne opp i rettstvistar og lokalpolitikk på eiga hand. Bøndene sjølve sytte for bygdeting. I samarbeid med prestane tok lokalsamfunna ansvar mellom anna for fattigstellet. I lokalsamfunna blomstra òg folkediktinga.

Det danske skriftspråket blei språket til det kongelege styringsapparatet. No voks avstanden mellom den sentrale og den lokale makta. Men på bygdene gav denne utviklinga større høve til sjølvstyre.

Kalmarunionen

Frå 1389 til 1521 var Noreg, Sverige og Danmark under den same kongemakta. Noreg var den svakaste parten i fellesskapen, Danmark den sterkaste. Den danske kongen Valdemar Atterdag hadde sytt for at den ti år gamle dottera hans, Margrete, gifte seg med den norske tronarvingen i 1363. Med dette giftarmålet blei Noreg innlemma i den dansk-norske kongefellesskapen.

Margrete hadde politisk talent. Etter at mannen og sonen var døde, sytte ho for fullmakter til å styre i alle dei tre landa. Ho lét barnebarnet til systera, Erik av Pommern, bli hylla som konge både i Sverige, Danmark og Noreg. Det skjedde i Kalmar i 1397, og unionen blir kalla Kalmarunionen. Denne unionen styrkte kongemakta, men svekte Noreg som politisk eining.

Under skiftande regentar varte unionen til 1521. Men opprør mellom svensk og dansk adel i 1520 førte til at den danske kong Kristian 2. måtte flykte, og unionen blei oppløyst. I Danmark følgde år med borgarkrigsliknande tilstandar i kampen om trona. Og ikkje før i 1905 blei Noreg eit sjølvstendig kongedømme igjen.

Noreg forsvinn som sjølvstendig stat

Den styrkte kongemakta i Skandinavia under Kalmarunionen gjekk ut over dei norske interessene. Kongen ønskte å gi bort norske len til dei lojale danske og nordtyske støttespelarane sine. Det norske riksrådet kjempa for å sikre norske lensherrar. Her blei erkebiskop Olav Engelbrektsson ein viktig forsvarar av dei norske interessene. Problemet til riksrådet var at kongen ikkje tok omsyn til dei norske krava.

I løpet av åra 1536 og 1537 valde dessutan danskekongen å innføre Luthers protestantisme. Svaret frå den norske erkebiskopen var å prøve seg på statskupp. Den danske utsendingen, Vincent Lunge, blei drepen. Så forskansa Olav Engelbrektsson seg på Steinviksholm i Trondheimsfjorden. Men erkebiskopen tapte kampen mot kongemakta.

All kyrkjeleg jord blei innlemma i den nye statskyrkja. Der var kongen overhovudet. Alle romersk-katolske institusjonar blei fjerna. I Noreg blei det sett inn militær makt for å kvele opposisjonen mot det danske styret og mot protestantismen. Politisk sett hadde Noreg slutta å eksistere som eigen stat.

Relatert innhald

I 1217 blei birkebeinarane og baglarane einige om at barnebarnet til Sverre, Håkon Håkonsson, skulle bli konge. Det markerer innleiinga på høgmellomalderen i Noreg.

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Fordeling og legitimering av makt