Noreg som relativt egalitært samfunn – utanfor føydalsystemet
Bøndene hadde relativt mykje makt over eigen kvardag, og det var mindre forskjell på fattig og rik i Noreg enn i dei fleste andre europeiske land på denne tida.
Eddadiktet «Rigstula» skildrar dei tre samfunnsklassane i vikingtida – trælar, bønder og eliten. Trælane stod nedst på rangstigen og var ufrie. Bøndene var den største gruppa, og det var store økonomiske og sosiale forskjellar innanfor denne gruppa. Felles for dei var at dei var frie, og at dei kunne møte på tinget. Mange av dei eigde òg si eiga jord. Eliten var den vesle gruppa på toppen – kongar, hovdingar osv.
Det viser seg likevel at det ikkje var vasstette skott mellom gruppene. Det var fullt mogleg for ein bonde å arbeide seg oppover, og ein hovding kunne misse både rikdom og makt. Derfor var det viktig heile tida å spele korta sine godt og ha gode venner og alliansar i bakhand.
Medan bøndene stod sterkt i Noreg, og hovdingane var avhengig av alliansar med bønder for å få makt, var det annleis i Europa. Der kom makta i større grad ovanfrå, og sentralmakta gav mykje av makta si vidare til føydalherrar. Føydalherrane kunne i sin tur styre lokalt og få stor makt over bøndene i området. I motsetning til i Noreg var det svært få bønder som eigde si eiga jord lenger sør i Europa. Derfor var dei i stor grad avhengige av å leige jord av føydalherrane.
Dette systemet kallar vi gjerne «føydalisme». Føydalsystemet skapte ro og orden i samfunnet, men kunne samtidig gå hardt ut over bøndene, som ofte blei grovt utnytta. At føydalherrane også i stor utstrekning hadde rett til å dømme over bøndene, kunne føre til tilfeldige avgjerder og urettferdige dommar.
I Noreg var det derimot slik at dei fleste bøndene eigde si eiga jord og derfor ikkje var avhengige av føydalherrar. Med ein sterk bondestand og lite innslag av adel, var det uråd å innføre eit liknande system her.
I Noreg var det slik at alle frie menn hadde rett og plikt til å møte på tinget. Tinget var staden der dei møttest for å løyse konfliktar, drøfte lovene og forvalte lokalsamfunnet. Tingordninga førte til at mange fekk innverknad i styre og stell i dei ulike bygdene. Sidan det var slik at hovdingar og småkongar ikkje kunne leggje område under seg gjennom maktbruk, men måtte vise seg verdige for bøndene i området, er det lett å forstå at dei avgjerdene som blei tekne på dei lokale tinga, var viktige. Også etter rikssamlinga og opprettinga av ei sentralmakt var det vanskeleg for kongen å leggje for stort press på bøndene. For sidan bøndene i Noreg ikkje var like avhengige i høve til makthavarane som dei eigedomslause bøndene i Europa, kunne dei protestere eller gjere opprør utan å risikere for mykje.
Vi har sett at det var forskjell på fattig og rik i Noreg på denne tida. Det vitnar dei tre samfunnsklassane om. Men i høve til andre land på same tid kan vi seie at samfunnet var relativt rettferdig og egalitært. Folk hadde rett til å bli dømde på tinget, etter dei fastsette lovene, og ikkje etter det ein føydalherre fann for godt. I tillegg utgjorde tinget ei sterk motvekt mot dei sentrale makthavarane. Makthavarane kunne ikkje peike ut føydalherrar til å styre lokalsamfunna, slik dei kunne andre stader i Europa. Dei måtte i større grad vinne tillit og velvilje hos folket.