Glasblåsar
Glas er sand og andre råstoff som er smelta til ein elastisk masse som blir forma til ulike produkt.
Glasblåsarar produserer vinglas, tumblerglas og kunstglas. I denne prosessen utarbeider dei arbeidsteikningar og skisser. Dei kan teikne og måle motiv og ornament på frihand og med sjablongar for å dekorere glaset. I tillegg bruker dei teknikkar innan gravering, etsing og sandblåsing.
Som glasblåsar må du ha forståing for form, estetikk og farge knytt til glasprodukt. Du må òg ha kunnskapar om nye og tidlegare produksjonsmetodar, materiale, verktøy og dessutan teknikkar som gjeld varm og kald omarbeiding av glas.
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Glasblåsar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er glasblåsar.