Hopp til innhald
Fagartikkel

Forgyllar

Ein forgyllar legg bladgull eller andre bladmetall på lister, rammer, møblar, stukkatur og liknande. Forgyllaren kan både restaurere tidlegare forgylling og forgylle nye gjenstandar.

Forgyllarfaget har lange tradisjonar. Det betyr mykje for kulturarven vår at eldre og skadde gjenstandar kan reparerast og bevarast, og at handverket blir vidareført.

Arbeidsoppgåver

Ein forgyllar restaurerer forgylte tregjenstandar til interiør og eksteriør. Dette kan til dømes vere gamle rammer, stilmøblar eller eit alter i ei kyrkje.

Forgyllarar lagar også nye produkt. I utvikling av design må dei kunne teikne ornamentikk og treprofilar. Dei laminerer lister, gjærar og set saman rammer, før dei legg på bladmetall. I tillegg til trearbeid kan dei forgylle gjenstandar i gips, metall og stein.

Eigenskapar

Som forgyllar må du vere nøyaktig og ha godt handlag. Du bør ha sans for form og farge og vere interessert i stilartar og kulturhistorie. Det er viktig å kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide med oppdragsgivarar og andre handverkarar.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter vg1. Desse faga blir kalla særløp. Forgyllarfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er forgyllar.