Handbokbindar - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Handbokbindar

Ein handbokbindar bruker gamle innbindingsteknikkar for å binde inn og reparere bøker og dokument. Dei arbeider både med nye bøker og tidsskrift, og antikvariske bøker og dokument.
Elin Myhrekrok fortel om arbeidet som lærling ved Julius Ørenberg Bokbinderi i Oslo. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Handbokbindaren bind inn enkeltbøker eller små opplag av bøker. Det kan både vere innbinding av heilt nye bøker eller reparasjonar og restaurering av gamle og verdifulle bøker. Andre produkt kan vere protokollar, minnebøker og kunstbøker. I arbeidet blir det brukt materiale som skinn, tekstil, papp, papir, klistrestoff og metall til forgylling.

Eit bokbind består av mange detaljar. Men mange av dei er ikkje synlege når du står med ei ferdig bok i handa.

Handhefting skjer ved samansying av arka i ei heftegrind, slik det har vorte gjort i mange hundre år. Banda, eller hyssingen som boka blir sydd på, blir så limd til bokpappen som utgjer for- og bakside av permen. Bokpermar blir dekorerte ved hjelp av teknikkar som marmorering, preging eller forgylling.

Handbokbindaren lagar òg mapper, esker, kassettar, menyar, adressepermar og liknande. Kundane kan vere privatpersonar, lag og foreiningar, bedrifter og offentlege instansar.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter vg1. Desse faga blir kalla særløp. Handbokbindar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er handbokbindar.

Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022