Korgmakar
Korgmakarfaget handlar om å flette ulike korger, enkle møblar og anna flettverk for hand. Gjennom praktisk arbeid med ulike fletteteknikkar utviklar lærlingane kunnskap og forståing av samanhengen mellom kvalitet, form og funksjon.
Lærefaget skal førebu yrkesutøvarar til å dekkje behovet for handlaga korgprodukt til eit breitt spekter av kundar. Korgmakarar utviklar produkta åleine eller i samarbeid med utøvarar frå andre fagområde.
Tradisjonelle fletteteknikkar gir grunnlag for å utvikle nye produkt. Nyskaping av korger i tradisjonelle teknikkar krev interesse og respekt for eldre handverksteknikkar. Korgmakaren har òg ei viktig rolle med å ta vare på og vidareføre materialkunnskap.
Som korgmakar bør du like å arbeide sjølvstendig og ha eit godt handlag. Du bør òg ha god formsans og estetisk sans.
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Korgmakarfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er korgmakar.