Hopp til innhald
Fagartikkel

Gipsmakar

Ein gipsmakar lagar figurar og ornament i gips. Dei kan arbeide med restaurering og rehabilitering av gamle bygningar. Gipsmakarar har både private og offentlege kundar. Oppdrag kan vere å lage fasadedetaljar, prydfigurar og interiørdetaljar som takrosettar, rammer, stukkatur og listverk av gips.

Gipsmakarfaget handlar om å framstille element i gips til dekor og utsmykking i det offentlege og det private rommet. Gipsmakarar treng kunnskapar i kunst- og arkitekturhistorie i tillegg til å meistre sjølve handverket.

Lærlingane skal gjennom praktisk arbeid utvikle handlag og få forståing av eigenarten til faget. Faget skal setje dei i stand til å restaurere og til å produsere ny design innanfor gips til interiør og eksteriør.

Eigenskapar

Ein gipsmakar må vere kreativ, ha god formsans, vere nøyaktig og presis, og dessutan ha gode fingerferdigheiter og teikneferdigheiter. I tillegg til teikneferdigheiter bør du interessere deg for arkitektur og kunst- og stilhistorie.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Gipsmakarfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 bygg- og anleggsteknikk. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er gipsmakar.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i gipsmakarfaget (GIP03‑02). https://www.udir.no/lk20/gip03-02