Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyrkingsforhold

Slangeagurk er ein varmekjær og lyskrevjande vekst. Produksjonen har derfor høge kostnader knytt til oppvarming og lys gjennom den mørke årstida. Du må ha rett temperatur, nok lys og helst tilskot av karbondioksid for å produsere ei stor, seljeleg avling som både skal dekke kostnader og gi inntekt.

Lys

Skal du dyrke agurk heile året, må du installere mykje lys i veksthuset. Det er knapt nokon produksjon som er meir lyskrevjande. I dei seinare åra har fleire produsentar montert lamper med LED-lys. LED står for light emitting diode. Desse lampene forbruker mindre energi, noko som betyr at straumrekninga blir lågare.

Ein annan fordel er at dei ikkje gir varme. Derfor kan lampene bli plasserte tett inntil plantene og dermed gi mykje lys. Tradisjonelle lamper gir mykje varme, så ein fordel med desse er at dei bidreg i oppvarminga av veksthuset, men ulempa er at dei kan gi sviskadar på plantene om dei heng for nære.

Mange profesjonelle dyrkarar har i dag ei blanding av LED-lamper og dei tradisjonelle lampene. Begge typane har ein lyskvalitet som er eigna for plantedyrking.

Lysnivå

Krav til lys avheng av om du berre dyrkar i sommarhalvåret eller om du har heilårsdyrking. På sommaren er det mykje meir naturleg lys, og det er mindre behov for tilleggslys. Tilrådingane nedanfor er først og fremst for profesjonelle dyrkarar. Dei som vil dyrke fram agurkar til eige bruk i eit lite veksthus i hagen, treng ikkje så mykje lys.

Tilrådd lysmengde

  • sommar: 200–300 µmol/m2/sekund

  • vinter: 400–450 µmol/m2/sekund

Daglengde

Agurkplantene må få litt kvile i løpet av døgnet, og tilrådd daglengde er 18 timar. I kvileperioden på 6 timar blir alt tilleggslys sløkt i den mørkaste tida på døgnet.

Tilrådd daglengde

18 timar dag og 6 timar natt

Temperatur

Temperaturen i ein agurkproduksjon bør i løpet av eit døgn ligge mellom 20 og 24 gradar i gjennomsnitt. Det betyr at du må ta omsyn til daglengda når du stiller inn temperaturen.

Viss du til dømes har ein dagtemperatur på 22 gradar og nattemperatur på 18 gradar, og dagen er 18 timar, får du ein gjennomsnittstemperatur på 21 gradar:

Dagtemperatur på 22 gradar i 18 timar: 22·18=396
Nattemperatur på 18 gradar i 6 timar: 18·6=108
Sum: 396+108=504
Gjennomsnittstemperatur: sumantal=50424=21

Har du mykje lys, kan du gjerne ligge i det øvre sjiktet av den tilrådde gjennomsnittstemperaturen, altså 24 gradar. Med mindre lys er 20–21 gradar tilrådd.

Gjødsling og vatning

Ei blanding av vatn og gjødsel blir tilført ved dryppvatningsslangar. Det er utvikla gjødseltypar som er samansette med rett mengde av alle næringsstoffa som plantene treng.

Kor mykje gjødsel plantene treng, avheng sjølvsagt av kva stadium dei er på. Små planter treng mindre næring enn store planter som produserer mykje agurk. Behovet for vatn aukar òg med storleiken på plantene. Det betyr at tilførselen av blandinga av gjødsel og vatn må aukast etter kvart som plantene veks.

Men vi må òg stundom justere dette når plantene er store og i full produksjon. Spesielt på sommaren vil periodar med høg temperatur og mykje sol gi høg fordamping. Behovet til plantene for vatn vil då auke meir enn behovet for næring. Då må vi justere ned leietalet i gjødselblandinga. Det er viktig å følge godt med på næringsstatusen i vekstmediet og om plantene viser teikn til næringsmangel eller dårleg vekst.

Tilrådd leietal

1,5–2,5

CO2

Det blir ikkje tilført CO2 på natt når lysa er sløkte. Det er fordi plantene ikkje har fotosyntese i mørket, og CO2 blir som kjent tilført for å gi ein meir effektiv fotosyntese. Det blir heller ikkje tilført når lukene på veksthuset er opne fordi gassen då berre vil forsvinne ut gjennom lukene. Det betyr at på varme sommardagar er det vanskeleg å halde det ønskte CO2-nivået.

Tilrådd CO2-konsentrasjon

1000–1200 ppm CO2

Oppsummering av tilrådingar

Tilrådde verdiar

Forhold

Tilrådd verdi

Lysmengde

sommar: 200–300 µmol/m2/sekund

vinter: 400–450 µmol/m2/sekund

Daglengde18 timar dag og 6 timar natt
Temperaturmellom 20 og 24 gradar
CO21000–1200 ppm CO2
Leietal

1,5–2,5

Oppgåve

Rekn ut gjennomsnittstemperaturen i døgnet i dei tre alternativa. Diskuter om alle tre er like aktuelle å bruke når du dyrkar agurk.

  1. Daglengde 18 timar. Temperatur 22 gradar på dag og 21 gradar på natt.

  2. Daglengde 18 timar. Temperatur 20 gradar på dag og 16 gradar på natt.

  3. Daglengde 18 timar. Temperatur 24 gradar på dag og 22 gradar på natt.

Løysingsforslag

Oppgåve 1

Dagtemperatur på 22 gradar i 18 timar: 22·18=396
Nattemperatur på 21 gradar i 6 timar: 21·6=126
Sum: 396+126=522
Gjennomsnittstemperatur: sumantal=52224=21,75

Oppgåve 2

Dagtemperatur på 20 gradar i 18 timar: 20·18=360
Nattemperatur på 16 gradar i 6 timar: 16·6=96
Sum: 360+96=456
Gjennomsnittstemperatur: sumantal=45624=19

Oppgåve 3

Dagtemperatur på 24 gradar i 18 timar: 24·18=432
Nattemperatur på 22 gradar i 6 timar: 22·6=132
Sum: 432+132=564
Gjennomsnittstemperatur: sumantal=56424=23,5

Kjelder

Nilsen, S. S. (2016). Dyrkningsveiledning økologisk agurk i veksthus. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/files/documents/NLRs/dyrkningsveiledning-agurk-i-veksthus.pdf

Norsk Gartnerforbund. (2021, 29. juni). Millioner til nytt forskningsprosjekt på agurk. https://gartnerforbundet.no/millioner-til-nytt-forskningsprosjekt-pa-agurker/

Parker, J. B., James, L., Parks, S., Tesoriero, L., Ryland, A. & Ekman, J. (2019). Greenhouse cucumber production. New South Wales Department of Planning, Industry and Environment. https://soilwealth.com.au/wp-content/uploads/2023/08/Cucumberbook2019_LOW_RES2.pdf

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.09.2024